UNDERVISNING OM FOLKEHELSE OG SAMHANDLINGSBAROMETERET FOR SJUKEPLEIESTUDENTAR

Sjukepleiegruppa, og utdanninga for denne, er ein sentral komponent i framtidas helseteneste der samhandling blir tiltakande viktig. Studentane skal få kunnskap om førebygging og kunne skrive oppgåver knytt til slike tema.

Tradisjonelt har mykje av undervisninga og praksis på høgskular vore knytt til behandling og omsorg av einskildpasientar. Men tiltak knytt til store grupper og evt. heile befolkninga, krev ofte andre og nye måtar både å tenke på for helsesektoren, og nye arbeidsformer/metodar å jobbe etter.

Folkehelse kan kort beskrivast som samfunnets sin totale innsats for å opprettholde, betre og fremme befolkninga si helse, gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidreg til bedre helse.I dette arbeidet utgjer helsetenesta berre ein del av ein større heilheit, men er likevel ein viktig del.

Samhandlingsbarometeret har i seinare tid teke inn ei rekke variablar som kan vere med å belyse folkehelsespørsmål, sjå folkhelsindikatorane i Samhandlingsbarometeret

Av Hans Johan Breidablik

Samhandlingsnytt for april!

 

Kvar månad sender samhandlingssjefen i Helse Førde,  Stig Igland, ut Samhandlingstnytt der informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta vert formidla.  No er samhandlingsnytt for april sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar

Samhandlingsnytt April 2017

 

Samhandlingsbarometeret som datakjelde for Høgskulen!

Fagmiljøet i organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, inviterte Hans Johan Breidablikk til seminar den 02 .mars for å orientere om Samhandlingsbarometeret. Bakgrunnen for invitasjonen var eit ønske om å lære meir om kva Barometeret er, kva data som er tilgjengelege og kva dei kan brukast til. Fagmiljøet driv eit deltids mastergradsstudium i organisasjon og leiing retta mot leiarar innan helse, velferd og utdanning. Seminardeltakarane si vurdering er at data frå Samhandlingsbarometeret saman med kompetansen til personalet som jobbar kan vere av nytte for masterstudentane. Særleg kan det vere nyttig når studentane skal velje tema for masteroppgåver. Data frå Samhandlingsbarometeret kan her bidra til å generere hypotesar som studentane kan undersøke vidare empirisk.

Fagmiljøet driv også det strategiske forskingsprogrammet Innovasjon og kvalitet i offentleg tenesteyting og styring. Data frå samhandlingsbarometeret kan vere til nytte også for forskarprosjekt knytt til dette programmet. Fagmiljøet ønsker derfor å følgje opp og styrke det framtidige samarbeidet med Samhandlingsbarometeret.

Helsing frå Einar Hovlid, Førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsvitenskap

Skjema for melding om samhandlingsavvik og uønska hendingar er no lett tilgjengeleg på samhandlingssida!

Koordineringsrådet har vedteke ei felles ordning for melding av avvik og uønskte hendingar knytt til samhandling. For å få eit godt samarbeid, kvalitetsforbetring og læring, er det viktig å melde frå om avvik og uønskte hendingar internt i Helse Førde, internt i kommunane og mellom kommunane og Helse Førde.

Det er utarbeidd eit skjema for melding om avvik/uønskte hendingar med framlegg til forbetringstiltak. Dette er rettleiande for kva opplysningar som trengs. Fleire kommunar har ytra ønske om at skjemaet kan leggast på www.samhandling- sfj.no, og det er no gjort (sjå i øvst i høgremargen). Skjemaet ligg også på nettsidene til Helse Førde

Kva er samhandlingsavvik og uønskte hendingar?

Avvik blir definert som «Mangel på oppfylling av eit krav» og ei uønska hending er ei «Hending eller tilstand som kan medføre skade på menneske, miljø og materiell eller annan form for økonomisk tap»

Når skal ein melde samhandlingsavvik?

Samhandlingsavvik skal meldast når det er:
• Brot på rammeavtale og/eller delavtalar
• Brot på lovkrav
• Brot på samhandlingsrelaterte retningsliner
• Andre hendingar som ikkje skal finne stad i samhandlinga

Ved samhandingsavvik kan kommunen skrive omtale av hendinga i Helse Førde sitt skjema, eige skjema eller i brev, og sende det til Helse Førde, postboks 1000, 6807 Førde, saman med følgjebrev. Helse Førde sender utskrift frå avvikssystemet Synergi, saman med følgjebrev, til postmottak i kommunen. Sjå til at all nødvendig informasjon er med i brevet. Samhandlingsavvik inneheld sensitiv informasjon, og kan ikkje sendast som e-post

Skjema for melding av avvik og uønska hendingar

Brevmalar til følgjebrev ved melding

Av Anne Marte Sølsnes

Samhandlingsbarometeret presentert på Den første nasjonale konferansen i Helsetenesteforsking!

Den 14. og 15. mars arrangerte NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet) og Nasjonalt nettverk for helsetjenesteforskning Den første nasjonale konferansen i Helsetenesteforsking i Trondheim. Konferansen samla mange deltakarar frå heile landet, og langt fleire enn arrangørane hadde trudd.
I dag føregår det helsetenesteforsking i små miljø rundt om i landet. Dei er lite koordinerte og er i stor del basert på kortsiktige prosjektløyvingar. Det er også ei utfordring å knyte forskinga tettare til klinisk verksemd i sjukehusa og i kommunane.
Konferansen var i hovudsak bygd opp rundt sju parallelle seminar der forskarar presenterte sine abstract og forskingsprosjekt. Her fekk dei faglege tilbakemeldingar på desse, fyrst frå ein diskutant og sidan frå forsamlinga. Dette gav deltakarane innblikk i ulike emne og område for pågåande helseforsking, og forskarane fekk verdifulle tilbakemeldingar.
Samhandlingsbarometeret vart presentert på eit av seminara som ei datakjelde for idear, problemstillingar og hypotesar for forskingsprosjekt i føretak, høgskular/universitet og kommunar. Vi ser at barometeret på denne måten kan fungere som ein «hypotesegenerator». Særleg kan den lokale tilnærminga vere med på å skape engasjement og initiativ til forsking.
Samhandlingsbarometeret vekte interesse blant tilhøyrarane. Spesielt var det spørsmål og tilbakemeldingar knytt til kvalitetssikring og publisering av data på kommunenivå. Forsamlinga var spesielt opptatt av at basen inneheld data som er definert som viktige av dei samarbeidande partane i fylket.

Nye KOSTRA tall er publisert!

Samhandlingsbarometeret har nå oppdatert dei indikatorar, innan området Kommunehelsetenesta, som er basert på KOSTRA tal. Du finn følgjande oppdaterte indikatorar i Samhandlingsbarometeret.

Andel plasser
– i enerom i pleie- og omsorgsinstitusjoner
– i institusjon og heldøgnsbemannet bolig i prosent av befolkningen 80+
– avsatt til rehabilitering/habilitering
– i skjermet enhet for personer med demens
– avsatt til tidsbegrenset opphold

Legetimer og Fysioterapitimer pr. uke pr. beboer i sykehjem

Netto driftsutgifter
– pr. innbygger i kroner, kommunehelsetjenesten
– pr. innbygger i kroner, pleie- og omsorgtjenesten
– til forebyggande arbeid, helse, i 1000kr
– til diagnose, behandling og rehabilitering pr. innbygger, konsern
– til forebyggende arbeid, helse pr. innbygger, konsern

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer årleg førebelse KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering)tal for kommunane 15. mars. Dei førebelse nøkkeltala per 15. mars kan ha feil. Reviderte tal vert publisert på SSB 15. juni, etter at kommunane har retta opp eventuelle feil og manglar i sine data. (Kjelde: SSB) Indikatorane i Samhandlingsbarometeret vil då også bli oppdatert med reviderte tall.

Regionale dagsamlingar om samhandlingsavvik

Tirsdag 14.mars blei årets første regionale dagsamling knytt til samhandlingsavvik arrangert i Nordfjord. Omlag 25 deltakarar var møtt fram i Storstova på Nordfjord psykiatrisenter. Heile seks kommunar var representert, i tillegg til fleire tilsette frå både Psykisk Helsevern og somatisk del i Helse Førde HF. Dei frammøtte var samde om at det er nyttig å diskutere og reflektere kring avvik og uønska hendingar på tvers av fagområde, yrkesgrupper og forvaltningsnivå. Det blei peika på at for å kunne legge til rette for kontinuerleg læring og forbetring, er det avgjerande at avvik og uønska hendingar blir fanga opp.

Bakgrunnen for samlinga er at det er innført ei felles ordning for avvik og uønska hendingar i høve samhandling. Koordineringsrådet har bestemt at det skal gjennomførast dagsamlingar i kvar region annakvart år som eit ledd i implementering og evaluering av denne ordninga. Målgruppa er leiarar innan helse- og omsorg i kommunane, einingsleiarar/seksjonsleiarar i Helse Førde HF, tilsette som er engasjerte i samhandlingssaker og kvalitetsutviklingsarbeid både i kommunane og i helseføretaket. Arrangørar er Helse Førde HF og KS Sogn og Fjordane.
Samlinga i Nordfjord blir følgt opp med tilsvarande arrangement for både Sunnfjord, ytre og indre Sogn.

Invitasjon til regionale dagsamlingar 2017 (2) (PDF)

Regionale dagsamlingar 2017 samla presentasjon (PDF)

Rapport frå arbeidsgruppe (PDF)

Av Stig Igland

Samhandlingsnytt- mars 2017

Samhandlingskonferansen i Sogn og Fjordane

Torsdag 20. & fredag 21. april på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Samhandlingskonferansen er eit årleg fellesarrangement mellom fleire viktige samfunnsaktørar i fylket. Helse Førde HF, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Det felles brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet er arrangørar. På Samhandlingskonferansen freistar ein på tvers av sektorar og forvaltingsnivå å løfte fram og synleggjere døme på innovative satsingar, formidle ny kunnskap og presentere teknologiske nyvinningar. Årets konferanse er bygd opp rundt følgande hovudtema:

• Leiing • Innovasjon og oppgåvedeling • Praktisk bruk av velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt ! Her møtast leiarar, brukarar, fagfolk og kollegaer på tvers av kommunegrenser og sektorar. Bli med du og ! Sjå våre nettsider i høve program og påmelding

Oksygen og kompetanse heim til brukarane

Helse Førde HF overtok distribusjonen av oksygen til brukarar i Sogn og Fjordane frå 1. februar 2017. Overtakinga er planlagt i nært samarbeid med lungelegane/lungesjukepleiarane i føretaket og dei tilsette ved Seksjon for Behandlingshjelpemiddel (BHM). I samband med overtakinga har helseføretaket skaffa eigen bil, og tilsett sjukepleiar Guro Grønvold som vil koórdinere tilbodet. Guro vil «vere på hjul» med tanke på levering av oksygen og jevnleg oppfølging av behandlinga til oksygenpasientane i Sogn og Fjordane.

For bestilling av oksygen kan ein ta kontakt på tlf. nr. 57 83 15 38.

Guro har brei erfaring og allsidig kompetanse. I arbeidet har ho hatt god nytte av vidareutdanninga i geriatri. Ho har hatt sitt daglege virke både på sjukeheim og i open omsorg i kommunehelsetenesta. I spesialisthelsetenesta har ho mellom anna arbeidd sju år i institusjon med menneske med psykiske helseutfordringar, medan ho dei fem siste åra har vore tilsett i ei privat bedriftshelseteneste. Guro vil vere «bindeleddet» og skal vere med på å styrke samhandlinga mellom brukarane, pårørande, dei lokale oksygenkontaktane, lungelegane/ lungesjukepleiararane i sjukehusa, og dei tilsette ved Seksjon for Behandlingshjelpemiddel (BHM).

Brukarar og pårørande vil gjennom det nye tilbodet få god rettleiing i bruk og vedlikehald av oksygenutstyret. Guro tek enkel måling av oksygenmetning, og ved behov for bytte av utstyr tek ho seg av levering og opplæring av dette, og innhenting av det gamle. Det er viktig å merke seg at oksygenutstyret heime hos pasientane og i kommunale institusjonar berre er på utlån frå helseføretaket, og skal leverast tilbake når pasientane ikkje lenger nyttar det.

Ta kontakt med Seksjon for Behandlingshjelpemiddel (BHM) på tlf. nr. 57 83 15 40 om det skulle finnast oksygenutstyr som ikkje er i bruk i din kommmune, for å avtale henting/tilbakelevering.

Samhandling mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde
Dagsamlingar med fokus på samhandlingsavvik

Det er innført ei felles ordning for avvik og uønska hendingar som gjeld samhandling. Koordineringsrådet har bestemt at det skal gjennomførast dagsamlingar i kvar region annakvart år som eit ledd i implementering og evaluering av denne ordninga. Det blir no invitert til samlingar:

Tysdag 14.03.17 Nordfjord – på Nordfjord psykiatrisenter, storstova

Tysdag 21.03.17 Sunnfjord og ytre Sogn – i Naustdal, kommunestyresalen

Tysdag 28.03.17 Indre Sogn – i Lærdal, kommunestyresalen

Program:

09.00 – 10.00 Gjennomgang av system for avvikshandtering innan samhandling.

10.00 – 10.30 Gruppearbeid om avvikssaker innan samhandling.

10.30 – 11.00 Pause / lunsj.

11.00 – 12.00 Gjennomgang av gruppearbeid. Erfaringsutveksling og innspel.

Målgruppa er leiarar innan helse- og omsorg i kommunane, einingsleiarar/seksjonsleiarar i Helse Førde HF, tilsette som er engasjerte i samhandlingssaker og kvalitetsutviklingsarbeid både i kommunane og i helseføretaket. Arrangørar er Helse Førde HF og KS Sogn og Fjordane

TikkTalk – Sikrare og tryggare helsetenester for minoritetsspråklige pasientar

Helse Førde HF har inngått samarbeid med TikkTalk AS (tidlegare kalla Skiwo AS) gjennom eit Offentlig forsknings- og utviklingsprosjekt (OFU). Målet er å utvikle ei ny og meir innovativ tolkeløysing som dekkar behova til brukarane betre. Prosjektet er støtta av Innovasjon Norge.

Bakgrunnen er at ein ser eit auka behov for tolk i pasientbehandlinga fordi stadig fleire innbyggarar har minoritetsbakgrunn der norsk ikkje er morsmålet, samt auka turisme i regionen. Dagens tilbod om tolketenester blir delvis opplevd som ikkje-tilfredsstillande når det gjeld tilgang til kvalifiserte tolkar og organisering av tilboda.

NOU2014:8 peikar på at bruk av private tolkeformidlingsbyrå er utfordrande når det gjeld å dokumentere kvaliteten på tenestene. Auka bruk av fjerntolking kan vere eit godt virkemiddel for å sikre likeverdige tolketenester til alle pasientar med minoritetsbakgrunn i helse-Norge. Fjerntolking betyr i denne samanhengen telefon- og skjermtolking.

TikkTalk AS har på ein innovativ måte utvikla løysingar som tek tak i fleire av dei utfordringane som NOU2015:8 peikar på. Dei har laga ein profesjonell marknadsplass, slik at tolkane og kundane kan finne kvarandre, utan kostbare mellomledd.

I Helse Førde HF er Nyonga Rugumayo Amundsen tilsett som prosjektleiar, der ho skal arbeide med å utvikle og implementere TikkTalk i verksemda. Nyonga har brei internasjonal erfaring gjennom eiga konsulentverksemd innan helse, miljø og teknologi. Ho har kvalifisert seg for Cand. scient. i bioteknologi frå Universitetet i Oslo, og Cand. Mag i realfag fra NTNU. Før studiane i Norge studerte Nyonga både i India og Afrika.

Nyonga har tverrfagleg arbeidserfaring, mellom anna frå jobb som dagleg leiar, avdelingsleiar, seniorrådgjevar og teamleiar for ulike grupper knytt til både offentleg og privat sektor. Ho har brei gründer- og styreerfaring. Vidare har ho laboratorieerfaring frå tre forskingssjukehus, pedagogisk kompetanse og har stor interesse for nye teknologiar.

 

Samhandlingsnytt – Mars 2017 (PDF)

Samhandlingskonferansen 2017: Saman er vi dynamitt!

Vi inviterer til Samhandlingskonferansen 2017:

«Saman er vi dynamitt!»
oppgåveløysing gjennom leiing, innovasjon og velferdsteknologi

Scandic Sunnfjord Hotel og Spa
20.-21. april 2017

Konferansen har som mål å bidra til god kultur for samhandling på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, gi kunnskap gjennom gode innlegg og drøftingar, synleggjere døme på innovative satsingar, god praksis og teknologiske mulegheiter; mellom anna.

Tema som vil bli vektlagt under konferansen er

• Leiing
• Innovasjon og oppgåvedeling
• Praktisk bruk av velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Målgruppa for konferansen er politisk og administrativ leiing i kommunane, leiarar, helsepersonell og andre tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, leiing, helsepersonell og andre tilsette i spesialisthelsetenesta, brukarrepresentantar og andre interesserte.

Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt for denne omfattande gruppa. Her møtast leiarar, brukarar, fagfolk og kollegaer på tvers av kommunegrenser og sektorar. Konferansen er eit årleg fellesarrangement mellom dei fleste samfunnsaktørane i fylket knytt til helseområdet: Helse Førde, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet.

Meir informasjon, program og påmeldingsside: http://www.ks.no/kalender/sogn-og-fjordane-samhandlingskonferansen-2017/

Påmeldingsfrist: 30. mars 2017

Fylkesmannen vil dekkje deler av deltakinga frå kommunane. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om dette.

Markerte skilnader i dødelegheit av hjarte- karsjukdom i Sogn og Fjordane

I 1910 var forventa levealder i Noreg 56,4 år for menn og 59,3 år for kvinner. I dag kan menn forvente å leve 77,7 år og kvinner 82,5 år.
Dødelegheit blir ofte målt som døde pr. 100 000 i ein tidsperiode. Denne vert ofte målt samla for alle dødsårsaker, og i tillegg for ulike sentrale sjukdomsgrupper. Hjarte- og karsjukdom er største årsaksgruppa for død, og er også den som har vore mest fallande over tid.
Tidleg dødelegheit omfattar dei som døyr før 75 årsalder, og dette vil då være særleg interessant ved at det kanskje i ein del av tilfella kan det være førebyggbare dødsfall.
Samhandlingsbarometeret har med slik tidleg dødelegheit for innbyggarane i dei ulike kommunane.
Utviklinga over tid (2001-2014) for to kommunar (høg/lav), Sogn og Fjordane og landet totalt går fram av figuren under:


Vi ser ein jevnt fallande dødelegheit over tid i Noreg, og i Sogn og Fjordane har ein heile tida lege under langsgjennomsnittet. Dette er positivt i folkehelsesamanheng.
Samstundes ser vi at Hyllestad ligg klart over og har aukande dødelegheit over tid, medan Naustdal kommune ligg klart under og med ein fallande dødelegheit. Dette er markerte skilnader utan at ein i dag har svaret på kvifor det er slik.

Av Hans Johan Breidablikk