Smittvern for kommunehelsetenesta

Smittevernet i Helse Førde(HF) er organisert i seksjon for «Fag og utvikling», i avdeling «Kvalitet og pasienttryggleik». Med bakgrunn i blant anna «Forskrift om smittevern» og «Delavtale smittevern» som alle kommunane har med HF, bistår me med råd og rettleiing i smittevern og førebyggande arbeid til kommunale helseinstitusjonar. Fylket sin Smittevernkommitè skal arbeide med overordna satsingsområde for kommunane og følgje opp delavtalen.

Sentrale punkt i vårt arbeid er:
• Førebygging av Helsetenesteassosierte infeksjonar(HAI): som er infeksjonar påført under opphaldet
• Basale smittevernrutinar: som vernar både pasientane og dei tilsette
• Antibiotikaresistens: enkelte infeksjonar kan bli vanskeleg å behandle framover
• Handtering av utbrot som Norovirus og MRSA
• Infeksjonsovervaking (Prevalens og Insidens)

Prosedyrane som omhandlar desse punkta, skal vere tilgjengeleg i institusjonens Infeksjonskontrollprogram(IKP). Desse, samt nyhende, undervisningar/førelesingar og infeksjonsregistreringar, finn de i høgre menyen under fag og presentasjonar .

Kontaktpersonar:
Hovudkontakt: Laila Aarnes, hygienesjukepleiar med hovudansvar for kommunehelsetenesta
Tlf.nr 57839841/ 99160226
e-post: laila.aarnes@helse-forde.no

 

 

Kontakt Lærdal Sjukehus og kommunane Lærdal og Aurland: Aina Helland
Tlf.nr: 57640140 / 97069307
e-post: aina.helland@helse-forde.no

 

 

Kontakt Nordfjord sjukehus: Lise Karin Sørensen

Tlf.nr: 57864054/057864075 / +4795282169
e-post: lise.karin.sorensen@helse-forde.no

 

 

Leiar Kvalitet og pasienttryggleik: Kari Furevik
Tlf.nr: 57 83 98 83 / 970 95 244
e-post: kari.holvik.furevik@helse-forde.no