Tilbakeblikk frå oppstarten av Samhandlingsbarometeret

Frå idè til samarbeid om nettstad

Våren 2011 starta prosjektet «Omfang og kvalitet på tilvising i Sogn og Fjordane – kommunehelsetenesta sin gatekeeparfunksjon». Prosjektet var starten til det som etterkvart vart «Samhandlingsbarometeret» – ein kunnskapsbank som skal styrke samarbeidet mellom Helse Førde, kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Hovudmålet med prosjektet var å skaffe informasjon om tilvising frå kommunar og legar til Helse Førde, drøfte eventuelle variasjonar, og å gjere tilvisinga meir føreseieleg for pasientar og helsevesen. Bakgrunnen for prosjektet var undersøkingar som viste variasjonar i kva grad kommunane tilviste pasientar til Helse Førde. For å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, skulle det etablerast ei elektronisk nettbasert løysing, og variasjonane mellom kommunane skulle mellom anna framstillast på kart. Vidare var det eit delmål å gjere dialogen mellom kommunane og spesialsthelsetenesta betre, for å innfri både krav om likeverdige helsetenester, og god arbeidsdeling mellom nivåa.

Prosjektet vart hausten 2011 slått saman med det meir omfattande prosjektet «Samhandlingsatlas i Sogn og Fjordane». Prosjektet fikk då namnet Samhandlingsbarometeret med undertittel: Samhandling og styringsinformasjon. Styringsinformasjon, frå ulike kjelder, til bruk i Samhandlingsreforma, skulle identifiserast, kvalitetssikrast og publiserast.

Gjennom samhandlingsreforma fekk kommunane auka behov å ha oversikt over korleis dei brukte spesialistehelsetenesta, og mellom anna helsedirektoratet publiserte nasjonal statistikk som var knytt til samhandlinga. Samhandlingsbarometeret si nisje vart å velge ut sentrale styringsdata frå ulike nasjonale og lokale kjelder, for så å publisere dette på ein felles nettstad for samhandling i vårt fylke. Sjølv om publiseringsverktøyet vil valde, eigna seg best som statistikkbank, så vart det også publisert tekstleg informasjon som til dømes avtalane mellom Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane. Vi fekk ein inngang til samhandlingsdata.

Som prosjektleiar fekk eg høve til å reise til dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane. Gjennom møte med både legar, kommunalsjefar i helse- og omsorg, rådmenn, ordførarar og andre, forstod eg at forklaringane til variasjonane i tilvising til Helse Førde er mange og samansette. I tillegg kan førekomsten per år vere tilfeldig på grunn av små tal per kommune, og det er viktig at kommunane sjølve tolkar tal som vert publiserte. Kommunane viste interesse for å etablere ein nettstad for samhandling, og mange ga innspel til innhald på sida.

God støtte i styringsgruppa med leiarforankring både i Helse Førde og KS var særs viktig i denne første fasen av prosjektet. Viseadministrerande direktør i Helse Førde var prosjekteigar. Ei engasjert og breitt samansett prosjektgruppe var også nødvendig for å få framdrift i arbeidet. Gruppa hadde representantar frå både Helse Førde, KS, Helse Vest og etterkvart Høgskulen i Sogn og Fjordane.

For at statistikk som gjeld variasjonar i tilvising og forbruk av helsetenester, skal påverke og evt endre praksis, er det ikkje nok å vere merksam på tal som viser dagens situasjon. Data må ha relevans for arbeidet, brukarane må kjenne til kva for variasjonar som er ønska og uønska, og ha kapasitet til å ta data i bruk. Kven som har ansvar for tiltak som gir redusert variasjon er også viktig å avklare for å oppnå endring. Dersom det er ynskjeleg å redusere variasjon i tilvising til og forbruk av spesialisthelseteneste i vårt fylke, så kan hende at i dag også er behov for å legge vekt på å utvikle eit samarbeid omkring korleis tolke og gjere seg nytte av informasjonen som er publisert på Samhandlingsbarometeret?

 Av Marte Bale

Storbrukarar av spesialisthelsetenesta – ny indikator

 

Samhandlingsbarometeret har fått ny indikator; Storbrukar av tenestene i spesialisthelsetenesta. Indikatoren viser dei 10% av pasientane som bruker opp mot 50% av ressursane i spesialisthelsetenesta, og syner tal pasientar pr. 1000 innbyggjar. Dette gjer at kommunane er samanliknbare.

Tal på storbrukarar i dei ulike kommunane er relativt stabile. Ein kunne tenkt seg at dette skulle ha variert meir. Spesielt i dei små kommunane ville ein kunne forvente større variasjon, der få personar gjer store utslag i statistikk, men dette ser ikkje ut til å vere tilfelle. Det er derimot skilnader mellom kommunane. Det kan tyde på at kommunane har ulike måtar å handtere desse pasientane på som gjer at nokon kommunar endar opp med fleire storbrukar enn andre. Sjå storbrukarar i din kommune her.

I prosjektet «Pasientar med store og samansette behov» ønskjer ein å få meir kunnskap om «storbrukarane» i spesialisthelsetenesta. Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Flora, Eid og Førde, samt Høgskulen i Sogn og Fjordane. I prosjektet skal Helse Førde saman med fastlegane i kvar av desse kommunane velje ut nokre «casepasientar». Desse pasientane vil ein kartlegge nøye. Prosjektet vonar at gjennom meir kunnskap om kven desse pasientane er kan ein betre helsetenesttilbodet til dei, både kommunalt og i spesialisthelsetenesta. Prosjektet starta opp i august i år og er i ein tidlege fase. Les meir om prosjektet « Pasientar med store og samansette behov» her.

Av Anne Marte Sølsnes

Rapport om avvik og uønska hendingar relatert til samhandling

Det er nedgang i tal meldingar frå kommunane i 1. kvartal 2016 i høve til tidlegare. Kva årsakene til dette er, er
vanskeleg å vurdere. Det er i stor grad dei same kommunane som sender meldingar.

Kommunikasjonen mellom AMK og kommunal lege synest ikkje lenger å vere den same utfordringa som det var i 2014 og delar av 2015. Her er det no få avviksmeldingar. Dette skuldast innskjerping av krav og rutinar og innføring av naudnettet. Dette er ei vesentleg årsak til at andelen meldinar knytt til innlegging er redusert. Det er også relativt få meldingar knytt til utskriving.

Les heile rapporten her:

Rapport om avvik relatert til samhandling 20.04.16 (PDF)

Av Maria Holsen