Prosjekt: «Pasientar med store og samansatte behov»

Helse Førde , Høgskulen i Sogn og Fjordane, Flora kommune, Eid kommune og Førde kommune har gått saman om prosjektet « Pasientar med store og samansette behov» . Prosjektet er ei vidare føring av tidlegare «Storbrukarprosjektet» og starta i august 2016.

Bakgrunn for prosjektet er at ei mindre gruppe av pasientar (10 %) står for nærare 50 % av forbruket av spesialisthelsetenestene, målt gjennom t.d. tal liggedøgn eller tal polikliniske konsultasjonar. Tidlegare prosjekt m.a. i utviklingsprosjektet Framtidas lokalsjukehus på Eid har vist at gruppa er kjenneteikna ved at dei :
– er eldre
– har fleire samtidige diagnosar/samansette lidingar
– brukar mange medikament
– truleg har behov for langvarige tenester der ulike tenesteytarar og ulike delar av hjelpeapparatet må samhandle.
– har hyppig øyeblikkeleg hjelp-innleggingar i sjukehus.
– har høg dødelegheit.

Prosjektet ønskjer å avklare karakteristika ved den aktuelle pasientgruppa, og gjennom dette bidra til ei operasjonalisering med sikte på framtidig identifisering av pasientar med særleg store og samansette behov. Det skal og bidra til eit betre system for oppfølging av slike pasientar innanfor både kommune- og spesialisthelsetenesta. Prosjektet skal føre til betre og meir koordinerte tenester i begge nivå og på tvers av desse. Gjennom betring av helsetjenestetilbodet til pasientane ønskjer prosjektet å betre livskvaliteten til pasientar med store og samansette behov.

For å betre kommunikasjonen mellom kommune- og spesialisthelsetenesta skal prosjektet utvikle eit system for funksjonsvurdering som kan brukast på tvers av nivåa. Diagnosar seier ofte lite om funksjonen til ein brukar og kva tenester ein pasient/ brukar har behov for, og er såleis lite eigna som «språk» for samhandling. Funksjonsevne i det daglege (ADL-funksjonar) kan vere eit meir tenleg verktøy for kommunikasjon. Kommunane nyttar i dag eit system for funksjonsvurdering knytt til registrering i IPLOS (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk). I helseføretaket forsøker ein og å gje ei funksjonsvurdering ved søknad om helse- og omsorgstenester og i utskrivingsrapport, men utan at dette er basert på det same verktøyet (språket) som kommunane nyttar. Det skal inngå i prosjektet ei vurdering av kva som kan vere eit felles system for funksjonsvurdering.

Prosjektgruppa:

Brukarrepresentant- Bjørg Solheim
Brukarrepresentant- Gerd Torkildson
Flora kommune – Jan Helge Dahle
Førde kommune – Mona Kidøy Svalheim
Eid kommune – Tomas Vingen Vedeld
Helse Førde- Greta Gard Endal
Helse Førde- Eva Søgnen
Høgskulen i Sogn og Fjordane- Maj-Britt Råholm

Styringsgruppa:

Koordineringsrådet

Les meir om resultatet av prosjektet i midtvegsrapporten for prosjektet:  Midtvegsrapport PDF