SAMHANDLINGSBAROMETERET

Nettstaden Samhandlingsbarometeret kom i drift i 2012, og vart etablert for å publisere informasjon med føremål å styrke det felles kunnskapsgrunnlaget mellom Helse Førde HF, kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. I fase 1 har det vore eit godt samarbeid med partane, og stor innsats frå alle ledd i prosjektet. Nettstaden har vekt interesse rundt om i landet, og fleire helseføretak har meldt si interesse.

Målet i Samhandlingsreforma er at spesialisthelsetenesta og kommunehelsetensta skal samarbeide som likeverdige partar og utvikle tenestene basert på kunnskap. Det er då viktig at kunnskapen i større grad enn i dag er tilgjengeleg og felles. Samhandlingsbarometeret skal vere éin portal inn til aktuell styringsinformasjon. Relevante indikatorar blir samla i barometeret, og data blir henta frå ulike kjelder som NPR, KOSTRA, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, særskilte undersøkingar osv. Portalen skal også formidle relevant forsking som data, publikasjonar m.v. frå eigne forskingsmiljø.

Det er eit mål at oppgåvene skal utførast basert på kunnskap. For å oppnå dette, samarbeider Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane om å identifisere kunnskapen som er relevant og viktig, korleis denne kan tolkast, systematiserast og gjerast tilgjengeleg. For ofte skjer utvikling utan eit medvite forhold til å nyttiggjere seg den beste kunnskapen. Det er ofte også ulike oppfatningar av fakta, ikkje minst mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Tilgjengeleg statistikk viser store variasjonar i tilvisingsrate og forbruk av spesialisthelsetenester, som ofte ikkje ser ut til å kunne forklarast med variasjonar i reelle behov hjå pasienten. Dette kan innebere at pasientar får ulike tilbod og ulik behandling avhengig av kvar dei bur eller kven dei møter i helsevesenet. Det kan også innebere ein irrasjonell ressursbruk og samla sett kvalitativt dårlegare tenester. Det gir eit behov for å skaffe fram data som kan vere utgangspunkt for dialog om årsaker og aktuelle endringar.

Då fase 1 av prosjektet starta våren 2011 var hovudmålet å skaffe informasjon om tilvising frå kommunar og legar til Helse Førde, drøfte eventuelle variasjonar og å gjere tilvisingar meir føreseieleg for pasientar og helsevesen. Undervegs vart det, i tråd med folkehelselova, også eit mål å formidle data til bruk i folkehelsearbeidet for kommunar, fylkeskommunen og andre aktuelle partar.

Prosjektet har utvikla seg mykje, og nye perspektiv er komne inn. Delar av prosjektet er sett i drift, men utviklinga av nettstaden må halde fram i ei ny fase. Dette prosjektdirektivet beskriv fase 2 av Samhandlingsbarometeret Sogn og Fjordane.

Samhandlingsbarometeret vert også utvikla for publisering for andre delar av landet, og det pågår eit arbeid om dette som er beskrive i eige direktiv og samarbeidsavtale. I dag gjeld dette Helse Bergen, Haraldsplass og UNN

Kva er hovudmålet i prosjektet
Utvikle ein felles inngangsportal til relevant styringsdokumentasjon til bruk i helsearbeid/ folkehelsearbeid. Det er ei viktig målsetning å plukke ut sentrale og relevante datasett saman med brukarane, og setje desse inn i ein samanheng, i ein situasjon der ulike datakjelder flaumer over med data.

Kva er delmåla i prosjektet
1. Bidra til vidareutvikling og innovativ bruk av styringsdata
2. Utvikle nettstaden som grunnlag for FoU-arbeid
3. Vidareutvikling av nettstaden
4. Gje grunnlag for refleksjon om tilvisingspraksis og likeverdige tenester

Kva er effektmåla i prosjektet
1. Omforeinte styringsdata og indikatorar som gjeld helsetenester i spesialisthelsetenesta og kommunane vert publisert og tilgjengeleggjort
2. Data til bruk i folkehelsearbeidet i kommunane og på fylkesnivå er gjort tilgjengelege
3. Det etablert ein struktur som sikrar at data fortløpande vert oppdaterte
4. Samhandlingsbarometeret vert nytta som kunnskapsplattform til bruk i styring og utvikling av tenestene, i forbetringsarbeid og forskingsprosjekt.
5. Data vert publisert på den mest effektive måten, og er automatisert der det er mogleg.
6. Samarbeid mellom kommunane, Høgskulen, fylkeskommunen og Helse Førde sikrar bruk, vedlikehald og vidareutvikling av barometeret

Prosjektleiar
Tina Løkke Vie (permisjon)
Emma Bjørnsen (vikar)

Styringsgruppe
Utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven, Helse Førde (leiar)
Fagdirektør Hans Johan Breidablik, Helse Førde
IKT-sjef Frode Schanke, Helse Førde
Ass. Rådmann/personalsjef John Olaf Røhme, Luster kommune
Dekan Randi Skår , Høgskulen i Sogn og Fjordane
Utviklingssjef Anders Moen, Flora kommune
Avdelingsleiar Gjertrud Fagerli, Helse Vest IKT

Ressursgruppa
Tina Løkke Vie/Emma Bjørnsen, prosjektleiar Helse Førde
Knut Ivar Osvoll, IKT, Helse Førde (web-redaktør)
Kurt Even Andersen, kommunalsjef, Førde kommune
Guro Mjanger, Senter for helseforsking, Helse Førde
Vidar Roseth, Samhandlingssjef Helse Førde
Jan Helge Dale, kommunelege I, Flora kommune
Normund Rolleiv Svoen, Praksiskonsulent, Helse Førde
Runar Tengel Hovland, Rådgjevar for FoU, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Marte Bale, tidlegare prosjektleiar, fysioterapeut, Helse Førde