Folkehelsekoordinatorar/kontaktpersonar i kommunane

På eit overordna nivå skal folkehelsekoordinatoren vere med på å sikre «helse i alt vi gjer» i kommunalt planleggings- og iverksettingsarbeid. Til stillinga ligg ansvar for at føringane i Lov om folkehelsearbeid vert fulgt opp i kommunen. Til stillinga vert det også lagt ansvar for det lovpålagde arbeidet med å ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar denne. I kommunen skal det føreligge ei oversikt over innbyggarane sine levekår og livskvalitet. Denne oversikta skal, mellom anna, leggast til grunn for kommunen sitt planarbeid. I nokre kommunar har også folkehelsekoordinatorane ansvar for konkrete prosjekt. Desse er ofte retta mot fysisk aktivitet og kosthald.

Folkehelsekoordinatorstillinga i kommunane er i endring. Innhaldet i stillinga og plassering i organisasjonen varierar. Nyleg har nokre kommunar valgt å ikkje ha ei spesiell folkehelsekoordinatorstilling, eller har lagt denne ned. Grunngjevinga for dette er at «helse i alt vi gjer» er eit ansvar alle planleggarar, etatar og dei som set i verk tiltak, i kommunen har. Såleis vil ein bygge ned sektortenkinga omkring levekårs- og livskvalitetsarbeidet. Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) har klare føringar for folkehelsearbeidet i kommunen.