Kompetanseheving Helsepedagogikk

Bakgrunn:
Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde har, i samarbeid med fagavdelingar og brukarorganisasjonar, ansvar for å leggja til rette for gruppebasert pasient- og pårørandeopplæring. Pasient og pårørandeopplæring er ein av helseføretakets fire hovudoppgåver (Lov om spesialisthelsetjenesten, § 3-8). Pasient- og pårørandeopplæringa skal vere ein del av pasientforløpa, og utvikling av lokale opplæringstiltak skal skje i samarbeid med kommunane (Styringsdokument 2014, Helse Vest). I tråd med samhandlingsreforma (St.meld.nr.47 (2008-2009) skal kommunane overta delar av lærings- og meistringstilboda.

Ny rettleiar for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator, frå oktober 2015, omtalar feltet læring og meistring som: «Alt fra individuell pasient- og pårørendeopplæring, til gruppetilbud og likemannsarbeid. Metodikken spenner fra overføring av kunnskap fra fagpersoner til pasienter og brukere, og til mestringstilbud der fag – og erfarings-kunnskap er likestilt. Fagpersoners rolle er å bidra til å fremme pasient og brukers motivasjon og ressurser». (https://helsedirektoratet.no/Retningslinjer/Rehabilitering,%20habilitering,%20individuell%20plan%20og%20koordinator.pdf)

Ved å tilby kompetanseheving innan helsepedagogikk til fagpersonar og brukarrepresentantar i kommunar og helseføretak, ønska LMS i Helse Førde å bidra til å få fleire likeverdige og kvalitetssikra lærings og meistringstilbod for innbyggjarane i fylket.

Gjennomføring:
Hovudtyngda til prosjektet låg på gjennomføring av to kurs i Helsepedagogikk over fem dagar på kvart kurs. Kurset vart utforma av prosjektets arbeidsgruppe, i tråd med retningslinjer frå Nasjonal Kompetanseteneste for Læring og Meistring innan Helse( NK LMH). LMS tilsette stod for mesteparten av innhaldet på kurset, men to av dagane innholt Motiverande intervju med ekstern førelesar.

Resultat:
25 personar frå 11 av 25 kommunar i Sogn og Fjordane har deltatt på det helsepedagogiske kurset. Alle desse rapporterte om planar om å starte opp nye tilbod i sine kommunar i etterkant av prosjektet. Dei kommunane som har deltatt på det helsepedagogiske kurset, har sett læring og meistring på dagsorden med fleire tilbod og med meir kunnskap på feltet.

Tabellen nedanfor viser ein oversikt over nye tilboda som deltakarane har starta, eller har planar om å starte opp, i etterkant av det helsepedagogiske kurset. Det gjeld både i kommunar og føretak.

Vidare:
Arbeid med å etablera eit nettverk innan læring og meistring i Sogn og Fjordane er starta, og blir følgt opp av Lærings- og meistringssentret i Helse Førde. Dette er i tråd med samarbeidsavtalen om læring og meistring som er inngått mellom helseføretaket og 25 kommunar i fylket. https://samhandling-sfj.no/wp-content/uploads/2016/10/Delavtale-om-lærings-og-meistringstilbod.pdf