Samhandlingsbarometeret presentert på Den første nasjonale konferansen i Helsetenesteforsking!

Den 14. og 15. mars arrangerte NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet) og Nasjonalt nettverk for helsetjenesteforskning Den første nasjonale konferansen i Helsetenesteforsking i Trondheim. Konferansen samla mange deltakarar frå heile landet, og langt fleire enn arrangørane hadde trudd.
I dag føregår det helsetenesteforsking i små miljø rundt om i landet. Dei er lite koordinerte og er i stor del basert på kortsiktige prosjektløyvingar. Det er også ei utfordring å knyte forskinga tettare til klinisk verksemd i sjukehusa og i kommunane.
Konferansen var i hovudsak bygd opp rundt sju parallelle seminar der forskarar presenterte sine abstract og forskingsprosjekt. Her fekk dei faglege tilbakemeldingar på desse, fyrst frå ein diskutant og sidan frå forsamlinga. Dette gav deltakarane innblikk i ulike emne og område for pågåande helseforsking, og forskarane fekk verdifulle tilbakemeldingar.
Samhandlingsbarometeret vart presentert på eit av seminara som ei datakjelde for idear, problemstillingar og hypotesar for forskingsprosjekt i føretak, høgskular/universitet og kommunar. Vi ser at barometeret på denne måten kan fungere som ein «hypotesegenerator». Særleg kan den lokale tilnærminga vere med på å skape engasjement og initiativ til forsking.
Samhandlingsbarometeret vekte interesse blant tilhøyrarane. Spesielt var det spørsmål og tilbakemeldingar knytt til kvalitetssikring og publisering av data på kommunenivå. Forsamlinga var spesielt opptatt av at basen inneheld data som er definert som viktige av dei samarbeidande partane i fylket.