Samhandlingsnytt- mars 2017

Samhandlingskonferansen i Sogn og Fjordane

Torsdag 20. & fredag 21. april på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

Samhandlingskonferansen er eit årleg fellesarrangement mellom fleire viktige samfunnsaktørar i fylket. Helse Førde HF, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Det felles brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet er arrangørar. På Samhandlingskonferansen freistar ein på tvers av sektorar og forvaltingsnivå å løfte fram og synleggjere døme på innovative satsingar, formidle ny kunnskap og presentere teknologiske nyvinningar. Årets konferanse er bygd opp rundt følgande hovudtema:

• Leiing • Innovasjon og oppgåvedeling • Praktisk bruk av velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Samhandlingskonferansen er årets store møtepunkt ! Her møtast leiarar, brukarar, fagfolk og kollegaer på tvers av kommunegrenser og sektorar. Bli med du og ! Sjå våre nettsider i høve program og påmelding

Oksygen og kompetanse heim til brukarane

Helse Førde HF overtok distribusjonen av oksygen til brukarar i Sogn og Fjordane frå 1. februar 2017. Overtakinga er planlagt i nært samarbeid med lungelegane/lungesjukepleiarane i føretaket og dei tilsette ved Seksjon for Behandlingshjelpemiddel (BHM). I samband med overtakinga har helseføretaket skaffa eigen bil, og tilsett sjukepleiar Guro Grønvold som vil koórdinere tilbodet. Guro vil «vere på hjul» med tanke på levering av oksygen og jevnleg oppfølging av behandlinga til oksygenpasientane i Sogn og Fjordane.

For bestilling av oksygen kan ein ta kontakt på tlf. nr. 57 83 15 38.

Guro har brei erfaring og allsidig kompetanse. I arbeidet har ho hatt god nytte av vidareutdanninga i geriatri. Ho har hatt sitt daglege virke både på sjukeheim og i open omsorg i kommunehelsetenesta. I spesialisthelsetenesta har ho mellom anna arbeidd sju år i institusjon med menneske med psykiske helseutfordringar, medan ho dei fem siste åra har vore tilsett i ei privat bedriftshelseteneste. Guro vil vere «bindeleddet» og skal vere med på å styrke samhandlinga mellom brukarane, pårørande, dei lokale oksygenkontaktane, lungelegane/ lungesjukepleiararane i sjukehusa, og dei tilsette ved Seksjon for Behandlingshjelpemiddel (BHM).

Brukarar og pårørande vil gjennom det nye tilbodet få god rettleiing i bruk og vedlikehald av oksygenutstyret. Guro tek enkel måling av oksygenmetning, og ved behov for bytte av utstyr tek ho seg av levering og opplæring av dette, og innhenting av det gamle. Det er viktig å merke seg at oksygenutstyret heime hos pasientane og i kommunale institusjonar berre er på utlån frå helseføretaket, og skal leverast tilbake når pasientane ikkje lenger nyttar det.

Ta kontakt med Seksjon for Behandlingshjelpemiddel (BHM) på tlf. nr. 57 83 15 40 om det skulle finnast oksygenutstyr som ikkje er i bruk i din kommmune, for å avtale henting/tilbakelevering.

Samhandling mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde
Dagsamlingar med fokus på samhandlingsavvik

Det er innført ei felles ordning for avvik og uønska hendingar som gjeld samhandling. Koordineringsrådet har bestemt at det skal gjennomførast dagsamlingar i kvar region annakvart år som eit ledd i implementering og evaluering av denne ordninga. Det blir no invitert til samlingar:

Tysdag 14.03.17 Nordfjord – på Nordfjord psykiatrisenter, storstova

Tysdag 21.03.17 Sunnfjord og ytre Sogn – i Naustdal, kommunestyresalen

Tysdag 28.03.17 Indre Sogn – i Lærdal, kommunestyresalen

Program:

09.00 – 10.00 Gjennomgang av system for avvikshandtering innan samhandling.

10.00 – 10.30 Gruppearbeid om avvikssaker innan samhandling.

10.30 – 11.00 Pause / lunsj.

11.00 – 12.00 Gjennomgang av gruppearbeid. Erfaringsutveksling og innspel.

Målgruppa er leiarar innan helse- og omsorg i kommunane, einingsleiarar/seksjonsleiarar i Helse Førde HF, tilsette som er engasjerte i samhandlingssaker og kvalitetsutviklingsarbeid både i kommunane og i helseføretaket. Arrangørar er Helse Førde HF og KS Sogn og Fjordane

TikkTalk – Sikrare og tryggare helsetenester for minoritetsspråklige pasientar

Helse Førde HF har inngått samarbeid med TikkTalk AS (tidlegare kalla Skiwo AS) gjennom eit Offentlig forsknings- og utviklingsprosjekt (OFU). Målet er å utvikle ei ny og meir innovativ tolkeløysing som dekkar behova til brukarane betre. Prosjektet er støtta av Innovasjon Norge.

Bakgrunnen er at ein ser eit auka behov for tolk i pasientbehandlinga fordi stadig fleire innbyggarar har minoritetsbakgrunn der norsk ikkje er morsmålet, samt auka turisme i regionen. Dagens tilbod om tolketenester blir delvis opplevd som ikkje-tilfredsstillande når det gjeld tilgang til kvalifiserte tolkar og organisering av tilboda.

NOU2014:8 peikar på at bruk av private tolkeformidlingsbyrå er utfordrande når det gjeld å dokumentere kvaliteten på tenestene. Auka bruk av fjerntolking kan vere eit godt virkemiddel for å sikre likeverdige tolketenester til alle pasientar med minoritetsbakgrunn i helse-Norge. Fjerntolking betyr i denne samanhengen telefon- og skjermtolking.

TikkTalk AS har på ein innovativ måte utvikla løysingar som tek tak i fleire av dei utfordringane som NOU2015:8 peikar på. Dei har laga ein profesjonell marknadsplass, slik at tolkane og kundane kan finne kvarandre, utan kostbare mellomledd.

I Helse Førde HF er Nyonga Rugumayo Amundsen tilsett som prosjektleiar, der ho skal arbeide med å utvikle og implementere TikkTalk i verksemda. Nyonga har brei internasjonal erfaring gjennom eiga konsulentverksemd innan helse, miljø og teknologi. Ho har kvalifisert seg for Cand. scient. i bioteknologi frå Universitetet i Oslo, og Cand. Mag i realfag fra NTNU. Før studiane i Norge studerte Nyonga både i India og Afrika.

Nyonga har tverrfagleg arbeidserfaring, mellom anna frå jobb som dagleg leiar, avdelingsleiar, seniorrådgjevar og teamleiar for ulike grupper knytt til både offentleg og privat sektor. Ho har brei gründer- og styreerfaring. Vidare har ho laboratorieerfaring frå tre forskingssjukehus, pedagogisk kompetanse og har stor interesse for nye teknologiar.

 

Samhandlingsnytt – Mars 2017 (PDF)