Samhandlingsnytt oktober 2017

Samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, har sendt ut Samhandlingstnytt for oktober. Her kan du lese litt om viktige tema: medverknad for pårørande, Lærings- og meistringstilbod som reduserer bruken av helsetenestetilbod, endring i forskriftene om rehabilitering og habilitering, fagdag for ungdomsmedisin, kurs for kontaktsjukepleiarar i regi av Høgskulen på Vestlandet og tema for Samhandlingskonferansen 2018.

Samhandlingsnytt – Oktober 2017

Oppdaterte data innan Samhandling og antibiotikabruk

Under kategorien Samhandling er indikatorane Utskrivingsklare pasientar og Reinnleggingar innan 30 dagar no oppdatert. Desse indikatorarane blir oppdatert tre gonger årleg, og du kan no sjå tal frem til første tertial i 2017 for kommunane og for heile fylket. Sjå dei nye tala i Samhandlingsbarometeret.

I tillegg kan du finne tal for liggedøgn for utskrivingsklare pasientar som har venta på eit kommunalt tenestetilbod, sjå definisjon i Samhandlingsbarometeret. Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar (Fakturerbare) vert oppdatert månadleg.

I kategorien Kommunehelsetenesta har vi oppdatert tal for antibiotikabruk. Desse blir henta frå Helsedirektoratet sitt Reseptregister, og blir oppdatert årleg. Indikatoren Antibiotikabruk i kommunehelsetenesta viser tal for utskrivne reseptar med antibiotika per 1000 innbyggarar i kommunen og fylket til og med 2016.

Tal antibiotikareseptar kommunar pr. 1000 innb.  Lineær (Sogn og Fjordane) representerer trendlinje over tid for fylket. Balestrand har heile perioden lege under målsettinga (MÅL 2020).

 

Av Maria Holsen

Tidlegare samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, saknar Samhandlingsbarometeret

Felles styringsinformasjon for god samhandling

Eg ser til mi store glede at Samhandlingsbarometeret utviklar seg vidare, og at denne statistikken er sett inn i ein samanheng med annan relevant styringsinformasjon på nettsida samhandling-sfj.no. Denne framstår som ein ryddig, oversiktleg og nyttig nettstad.

Det er no over eitt år sidan eg avslutta mi karriere som samhandlingssjef i Helse Førde. Som leiar innan helse og omsorg i ein kommune på Austlandet har eg fått erfaring med andre helseføretaksområde. Og det kan eg seie – her saknar eg noko som liknar på Samhandlingsbarometeret.

Skal ein samle det informasjonsgrunnlaget ein treng, er ein her meir avhengig av å oppsøke fleire nasjonale nettsider og sette dette saman sjølv, eventuelt leige inn konsulent for å gjere jobben. Rett nok finst det noko relevant informasjon på helseføretaka sine nettsider, men dette er mest konsentrert om tal innleggingar og utskrivningar, liggetid på sjukehus og liggetid for utskrvningsklare pasientar. Samhandlingsbarometeret inneheld mykje meir. I tillegg er fleksibiliteten når det gjeld å framstille data heilt annleis.

Eit anna aspekt er kvalitetssikringa. Eitt døme er statistikk over tal liggedøgn for utskrivnings-klare pasienter. I tillegg til tal frå NPR, har Samhandlingsbaromteret med faktisk tal utfakturerte liggedøgn, som er dei korrekte tala. Skal eg finne tilsvarande informasjon, må eg gå gjennom alle fakuraene kommunen har motteke og rekne saman sjølv. Og då får eg ikke samanlikninga med andre kommunar …

Eg viser titt og ofte til Sogn og Fjordane, og håper at vi med tida kan få noko tilsvarande her austpå. Eg ønskjer lukke til vidare med samhandling-sfj.no og Samhandlingsbarometeret. Dette er ein god idé som det må byggast vidare på.

Helsing Vidar Roseth

Tilvising til poliklinikk og innlegging pr. fastlege i 2016

Omfanget av tilvisingar av pasientar frå primærhelsetenesta til spesialisthelsetenesta er eit tema i mange land. Stor variasjon i slike tilvisingar reiser spørsmål om kor konsistent og rettferdig rolla som «portåpnar» for pasientane fungerer.

Samhandlingsbarometeret har hatt omfanget av tilvisingar pr. 1000 på pasientlista frå dei ulike fastlegane inne i ei år-rekke. Det er viktig å presisere at indikatoren gjeld tilvisingar til Helse Førde, og ikkje til andre institusjonar eller spesialistar, slik at det totale omfanget av tilvisingar er større enn det Barometeret viser. Vi har no lagt ut nye tal i for åra 2014 til 2016.

Det er mange årsaker til variasjon på området, både alderssamansetning og omfanget av sjukdom mellom pasientane på legen si liste, og om det har vore redusert praksis i periodar av året. Vidare vil omfanget av legevakt bety mykje for omfanget av øyeblikkeleg hjelptilvisingar og innleggingar. Men likevel er nok både lokale og personlege kulturar/preferansar også klart medverkande.

Føremålet med denne statistikken er m.a. at fastlegane sjølve kan få tilbakemelding om korleis dei ligg an i høve andre fastlegar, og slik sett gje utgangspunkt for å reflektere over eigen praksis, evt. saman med dei andre fastlegane på legekontoret.

I tabellane har kvar lege eit tilfeldig nummer, og kan difor ikkje identifiserast av utanforståande. Men legen får vite sitt nummer på førespurnad, og Samhandlingsbarometeret oppfordrar til å etterspørje dette.
Statistikken er inndelt i tilvisingar til poliklinikkar og til innlegging i Helse Førde.


Figur 1: Omfanget av planlagde tilvisingar til poliklinikk pr. fastlege langs Y-aksen
(alle med færre enn 50 slike tilvisingar i 2016 er her silt bort), og nummeret på fastlegen
på X-aksen

Mellom desse finn vi ein variasjon frå 50 til 781 tilvisingar pr. 1000 pasientar på legelista, altså ein variasjonsfaktor på rundt 15. Gjennomsnittet ligg på 200 tilviste pasientar i 2016.


Figur 2: Talet på innleggingar i Helse Førde pr. fastlege (Y-aksen)
(alle som har 10 eller færre innleggingar i 2016 er silt bort).

Vi finn her ein variasjon frå 11 til 199 innleggingar pr. 1000 listepasientar i 2016, altså ein variasjonsfaktor på omkring 18. I gjennomsnitt la kvar fastlege inn 48 pasientar dette året.

 

Av Hans Johan Breidablik

 

 

Samhandlingsnytt augusti/september 2017

I Samhandlingsnytt for augusti/september kan du lese om «Norges finaste legevakt» i Førde, Eldreatlas, rapport om sosiale skilnader i bruk av helsetenester og Irene Valaker sin forsking.

Les Samhandlingsnytt her: Augusti/September 2017

Samhandlingsnytt sendes kvar månad ut av samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, med informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og spesialisthelsetenesta. Samhandlingsnytt for augusti/september er no sendt ut til kommunane, andre instansar og samarbeidspartar.

Samanheng mellom kommunestorleik og kostnadar til kommunehelse

I debatten om kommunesamanslåingar har eit spørsmål vore om større kommunar kan gje betre og billigare tenester.

Kommunane rapporterer årleg statistikk i Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) -systemet inn til Statistisk Sentralbyrå (SSB), og nøkkeltal for dette ligg også i Samhandlingsbarometeret.

Gjennomsnittleg har kommunane i Sogn og Fjordane utgifter på kr. 3.392,- pr. innbyggar til kommunehelsetenesta i 2016.  Dette omfattar førebygging, diagnose/behandling og rehabilitering. Sogn og Fjordane ligg her 35% over landsgjennomsnittet.

Vi har med utgangspunkt i tal frå Samhandlingsbarometeret sett på tilhøvet mellom kommunestørrelsen (innbyggartal) og tilhøyrande størrelse på utgiftene (kroner per innbyggar) til kommunehelse i Sogn og Fjordane.

Dette er framstilt i figuren under:

Kvar kommune er her representert med ein blå prikk og sortert utover etter aukande innbyggjartal.

Vi ser at det er markerte skilnader i kostnader også mellom små kommunar. Men gjennomgåande er det likevel ein klar tendens til at utgiftene avtek etterkvart som kommunestørrelsen aukar, som illustrert ved den rette trendlinja i figuren.

Det er imidlertid mange ulike tilhøve knytt til den einskilde kommune som påverkar kor store kostnadane vert, t.d. organisering av tenestene som legeteneste/legevakt, sjukelegheit, alderssamansetning (mindre kommunar har større andel eldre) og busetnadsmønster/geografi. Desse faktorane vil ikkje nødvendigvis endrast med kommunestorleik.

 

 

Av Hans Johan Breidablik

Sosiale skilnader i bruk av helsetenester

Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert rapporten «Sosial ulikhet i bruk av helsetjenester», basert på levekårundersøkinga i 2015. Føremålet med rapporten er å kartlegge i kva grad det er sosiale skilnader i bruk av helsetenester i Noreg.

Mange undersøkingar i ulike land, også Noreg, viser at det er sosiale ulikheiter i sjukdomsbyrde. Det er ein klar samanheng mellom utdannings- og inntektsnivå og helse. For kvart steg ned på den sosiale rangstigen vert helsa forverra, og dei med lågast utdanning kjem dårlegast ut (Gradientutfordringen, Helsedirektoratet 2005). Dette gjeld anten helseproblema vert mål ved hjelp av eigenvurdert helse, om ein har varig sjukdom, eller opplever at helseproblem gjer det vanskeleg å utføre vanlege kvardagsaktivitetar. Helserelatert åtferd/livsstil er ein sentral faktor i dette.

Tilgang til helsetenester skal vere like for personar med same behov, uavhengig av økonomi, kjønn, bustad, etnisitet og religion. Tidlegare oversiktar om sosial ulikheit i bruk av helsetenester i Noreg (Godager og Iversen, 2013) viser at det ikkje er særlege skilnader i bruk av allmennlegetenester. Derimot har andre undersøkingar vist at det er skilnader i bruk av privatpraktiserande spesialistar og delvis også offentlege spesialistpoliklinikkar, men i liten grad når det gjeld sjukehusinnleggingar.

Det er fyrst og fremst aldersgruppa over 45 år som viser skilnader. Risikoen for å pådra seg sjukdom aukar med alderen, og ser ut til å vere større for personar med låg utdanning og lågt inntektsnivå.

Frå rapporten:
• Grupper med mindre enn god helse nyttar helsetenester i større grad enn dei med god helse.
• Kvinner bruker helsetenester meir enn menn, og eldre meir enn yngre
• Det er mindre skilnader mellom utdanningsgruppene i bruk av fysioterapi, men klart mindre bruk i lågaste inntektsgruppe
• Grupper med høgare utdanning har i størst grad vore hos legespesialist og tannlege
• I grupper med mindre enn god helse er det mindre skilnader mellom utdanningsgruppene enn i grupper med god helse
• Det er ein klar sosial gradient i tenestebruk etter inntekt for grupper med mindre enn god helse
• Størst skilnad på helsetenestebruk etter utdanning og inntekt finn ein blant dei eldre – blant yngre er ikkje skilnadane like markert.
• Det er fleire som brukar legespesialist og tannlegetenester i grupper med høg utdanning og høg inntekt enn i grupper med låg utdaning og låg inntekt. Dette gjeld ikkje psykologtenester der den lågaste inntekts- og utdanningsgruppa nyttar tenesta i større grad.
• Grupper med låg utdanning nyttar i større grad reseptlegemiddel, mens grupper med høgare utdanning kjøper legemidlar utan resept
• Det er ein tydeleg sosial gradient når ein legg inntekt til grunn i deltaking i screeningprogram for brystkreft og livmorhalskreft blant kvinner.
• Førebyggande prøvetaking, som måling av blodtrykk, blodsukker, kolesterol mm., viser at det er liten samanheng med utdanning, men ein klar sosial gradient etter inntekt, også når det er kontrollert for helsetilstand

Rapporten bør vere relevant for dei som jobbar i helse- og omsorgssektoren og med folkehelse, både på strategisk og operativt nivå.

 

Les heile rapporten her.

 

Av Emma Bjørnsen

Samhandlingsbarometeret er tilgjengeleg igjen!

Dei siste vekene har Samhandlingsbarometeret vore utilgjengeleg pga. tekniske problem. Feilen er no retta! Vi beklagar at det grunna ferieavvikling hjå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD), som er systemeigar, har teke tid å rette feilen.

Fortsatt god sommar!

Av Emma Bjørnsen

 

Tekniske problem med Samhandlingsbarometeret

Grunna tekniske problem er statistikkbanken Samhandlingsbarometeret for tida ikkje tilgjengeleg. Vi jobbar med å få i gang sida så snart som mogeleg, men det kan dessverre ta litt tid. Vi beklagar situasjonen og håpar dette ikkje forårsakar problem for brukarane.

Med ønske om en god og uproblematisk sommar,
Samhandlingsbarometeret

Tilsett i Samhandlingsbarometeret med ny doktorgrad!

Rådgjevar i Samhandlingsbarometeret, Maria Holsen, disputerte for PhD-graden 9. juni 2017 ved Tammerfors universitet i Finland. Avhandlinga var innanfor ortopedi og omhandla knesmerter hos vernepliktige. Maria har følgt vernepliktige som var opererte for osteochondritis dissecans (løsning av brusk/beinbitar), delt kneskål og medial leddhinnefold (plica). I tillegg såg ho på MR som diagnostisk verktøy for plica og for skader på bruskoverflate på kneskåla (chondromalasi).

Avhandlinga såg på fiksasjon av lause fragment med bioabsorberbare pinnar eller spiker. Begge metodane viste gode resultat etter 5 år, men det funksjonelle resultatet var betre når bioabsorberbare spiker vart brukt. Dette kan kanskje ha samanheng med utforminga av spikeren.

Behandlinga av smertefull delt kneskål er primært ikkje operativ, men om smerten er langvarig er fjerning av den mindre biten det mest brukte kirurgiske inngrepet. I avhandlinga var det funksjonelle resultatet, 15 år etter operasjon, godt eller utmerka hos nesten alle.

Det er omstridt i kva grad mediale leddhinnefolder, som førekjem hos fleirtalet av befolkninga, er årsak til symptom i kne. Sjølv om behandlinga i utgangspunkt ikkje er operativ førekjem fjerning av slike folder ved langvarige symptom. Resultatet av artroskopisk fjerning av folden, etter 7 års oppfølging, var godt eller utmerka hjå dei fleste. Både preoperativ klinisk undersøking og MR viste seg upålitelege i å påvise leddhinnefolden.

Med omsyn til skade på brusk på kneskåla, var MR pålitelig når de gjaldt djupare skader, mens følsomheita for mindre skader var låg (20%).

 

Maria Holsen er lege, og har tidlegare jobba med ortopedi, men har sidan 2006 jobba innan administrasjon og forsking. Ho vart tilsett i Samhandlingsbarometeret/Helseatlastenesta i september 2016.

Du kan lese hele avhandlinga her: Operative Treatment and Magnetic Resonance Imaging-Based Diagnostics of Knee Disorders in Military Conscripts