Sosiale skilnader i bruk av helsetenester

Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert rapporten «Sosial ulikhet i bruk av helsetjenester», basert på levekårundersøkinga i 2015. Føremålet med rapporten er å kartlegge i kva grad det er sosiale skilnader i bruk av helsetenester i Noreg.

Mange undersøkingar i ulike land, også Noreg, viser at det er sosiale ulikheiter i sjukdomsbyrde. Det er ein klar samanheng mellom utdannings- og inntektsnivå og helse. For kvart steg ned på den sosiale rangstigen vert helsa forverra, og dei med lågast utdanning kjem dårlegast ut (Gradientutfordringen, Helsedirektoratet 2005). Dette gjeld anten helseproblema vert mål ved hjelp av eigenvurdert helse, om ein har varig sjukdom, eller opplever at helseproblem gjer det vanskeleg å utføre vanlege kvardagsaktivitetar. Helserelatert åtferd/livsstil er ein sentral faktor i dette.

Tilgang til helsetenester skal vere like for personar med same behov, uavhengig av økonomi, kjønn, bustad, etnisitet og religion. Tidlegare oversiktar om sosial ulikheit i bruk av helsetenester i Noreg (Godager og Iversen, 2013) viser at det ikkje er særlege skilnader i bruk av allmennlegetenester. Derimot har andre undersøkingar vist at det er skilnader i bruk av privatpraktiserande spesialistar og delvis også offentlege spesialistpoliklinikkar, men i liten grad når det gjeld sjukehusinnleggingar.

Det er fyrst og fremst aldersgruppa over 45 år som viser skilnader. Risikoen for å pådra seg sjukdom aukar med alderen, og ser ut til å vere større for personar med låg utdanning og lågt inntektsnivå.

Frå rapporten:
• Grupper med mindre enn god helse nyttar helsetenester i større grad enn dei med god helse.
• Kvinner bruker helsetenester meir enn menn, og eldre meir enn yngre
• Det er mindre skilnader mellom utdanningsgruppene i bruk av fysioterapi, men klart mindre bruk i lågaste inntektsgruppe
• Grupper med høgare utdanning har i størst grad vore hos legespesialist og tannlege
• I grupper med mindre enn god helse er det mindre skilnader mellom utdanningsgruppene enn i grupper med god helse
• Det er ein klar sosial gradient i tenestebruk etter inntekt for grupper med mindre enn god helse
• Størst skilnad på helsetenestebruk etter utdanning og inntekt finn ein blant dei eldre – blant yngre er ikkje skilnadane like markert.
• Det er fleire som brukar legespesialist og tannlegetenester i grupper med høg utdanning og høg inntekt enn i grupper med låg utdaning og låg inntekt. Dette gjeld ikkje psykologtenester der den lågaste inntekts- og utdanningsgruppa nyttar tenesta i større grad.
• Grupper med låg utdanning nyttar i større grad reseptlegemiddel, mens grupper med høgare utdanning kjøper legemidlar utan resept
• Det er ein tydeleg sosial gradient når ein legg inntekt til grunn i deltaking i screeningprogram for brystkreft og livmorhalskreft blant kvinner.
• Førebyggande prøvetaking, som måling av blodtrykk, blodsukker, kolesterol mm., viser at det er liten samanheng med utdanning, men ein klar sosial gradient etter inntekt, også når det er kontrollert for helsetilstand

Rapporten bør vere relevant for dei som jobbar i helse- og omsorgssektoren og med folkehelse, både på strategisk og operativt nivå.

 

Les heile rapporten her.

 

Av Emma Bjørnsen