Reisetider til akuttenester

Det har vore eit ynskje å ta inn variablar i Samhandlingsbarometeret som beskriv tidene det tek å få ambulanse fram på staden i dei ulike kommunane, samt forventa reisetider til legevakt og sjukehus.

Grunna eit pågåande arbeid med ny rapporteringsløysingbasert på presentasjonsverktøyet Power BI for Samhandlingsbarometeret har ein valt å vente med å ta inn desse variablane. Vi har her henta statistikk frå Helsedirektoratet sine datapublikasjonar på nettet (https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/reisetid-til-akuttjenester).

Tab. 1 Responstider for akuttambulansar (bilambulanse) til 90% av befolkninga i Helse Vest-området.

Helse Vest Akuttambulanse Legevakt (kommunal/interkommunal)
Helse Stavanger 13 minutt 15 minutt
Helse Bergen 17 minutt 19 minutt
Helse Fonna 21 minutt 29 minutt
Helse Førde 26 minutt 60 minutt

Som venta vil responstidene variere, og dei to føretaka med stor andel av befolkninga konsentrert i store byar (Stavanger og Bergen) ser vi har kortast responstid. Det mest spreddbygde området (Helse Førde) har 26 minutt, altså det doble av Stavanger. Likevel er det slik at heile området får ambulanse fram til storparten (90%) av innbyggarane på under halvtimen.

Det same mønsteret går igjen også for reisetider til kommunal legevakt. I Helse Førde sitt område er denne tida det doble av ambulanseresponstida.

Mykje av merksemda omkring responstider for ambulansar er knytt til dei einskilde kommunane, og gjerne utkantkommunar som ligg lengre frå sjukehus.

Tab. 2 Dei 6 kommunane med lengst responstid for akuttambulansar i Helse Vest-området

Gulen Helse Bergen/Helse Førde 55 minutt
Masfjorden Helse Bergen 52 minutt
Modalen Helse Bergen 43 minutt
Suldal Helse Fonna 42 minutt
Gaular (no Sunnfjord) Helse Førde 37 minutt
Aurland Helse Førde 35 minutt

Der folk er busette på øykommunar (t.d. Solund) vil ikkje dei reelle responstidene gå fram av statistikken, og også innanfor same kommune kan det vere ulike tider avhengig av kor langt frå sentrum i kommunen dei bur.

Som det går fram av tabell 2 høyrer dei tre kommunane med lengste responstider inn under Helse Bergen si ambulanseteneste. Helse Fonna/Førde har dei tre neste.

På bakgrunn av at reisetidene til den kommunale legevakta er særleg lange i Helse Førde sitt opptaksområde kan det vere interessant å sjå på den kommunevise fordelinga. Denne regionen har tre interkommunale legevakter, der Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS IKL) omfattar eit særleg stort område geografisk.

Fig. 1 Reisetider til kommunal legevakt for 90% av befolkninga i kommunar i Helse Førde-området (tidl. Sogn og Fjordane og kommunestruktur før 2020)

 

Det er betydelege skilnader i denne reisetida – 8 minutt for dei som bur i tidlegare Førde kommune som er vertskommune for den største interkommunale legevakta. Mange av kommunane med lengst reisetid høyrer inn under den same legevakta (SYS IKL).

Aller lengst reisetid har innbyggarar i Gulen, som har legevakt i Knarvik.