Folkehelseindikatorar – oppdaterte tal i Samhandlingsbarometeret

Kommunane er pålagde å ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga, påverkningsfaktorar, folkehelseutfordringar og ressursar. Dette for å planlegge og gjennomføre effektive og målretta tiltak mot dei lokale utfordringane i folkehelsearbeidet.

Det kan vere krevjande for kommunane å finne fram til og velje ut relevant statistikk og data. Saman med m.a. representantar frå nokre kommunar, fylkeskommunen og fylkesmannen har Samhandlingsbarometeret valt ut ei rekkje indikatorar som mellom anna kan vere til hjelp for kommunane i arbeidet. I Samhandlingsbarometeret finn du indikatorar knytt til følgjande område som gjeld folkehelse:

1. Befolkningsamansetning (demografi)
2. Oppvekst og levekår
3. Fysisk biologisk, kjemisk og sosialt miljø
4. Skader og ulykker
5. Helserelatert åtferd
6. Helsetilstand

Folkehelseindikatorane vi publiserer er basert på data frå ulike kjelder, t.d. folkehelseinstituttet og SSB, og vert oppdatert årleg med nyaste tilgjengelege tal. Oppdateringa skjer hovudsakleg på våren og har nyleg blitt gjort i Samhandlingsbarometeret. Vi jobbar heile tida med å halde indikatorane oppdaterte ettersom det kjem nye data frå kjeldene. For nokre av indikatorane er det noko endring i definisjonen (nye berekningsmåtar). Hugs difor å lese definisjonen til den aktuelle indikatoren for å få ei riktig forståing av tilhøyrande data.

Døme på indikator: Fråfall i vidaregåande skular. Elevar som ikkje fullfører vidaregåande skule har klart større risiko for å møte ulike utfordringar seinare i livet og ein forsøker med ulike tiltak å få ned denne andelen.

Som figuren illustrerar har Sogn og Fjordane over tid hatt mindre fråfall i vidaregåande skular enn landet som heilheit, men skilnaden har avteke noko over tid.
Det er klare skilnadar mellom eksempelkommunane Vik og Bremanger med høvedsvis 9% og 21% fråfall i siste perioden frå 2015-2017.
Årsakene til dette er nok mangearta, og Barometeret kan ikkje gje svara på dette.