Oppdaterte KOSTRA-tal for 2017 i Samhandlingsbarometeret – rehabiliteringsplassar i kommunane

Samhandlingskonferansen for Sogn og Fjordane 2018 var godt besøkt og eit av hovudtema denne gongen var habilitering/rehabilitering. I helsevesenet har det tradisjonelt vore mest fokus på undersøking og behandling, medan den viktige rehabiliteringsdelen gjerne har vore mindre vektlagt.

Helsedirektoratet utarbeidde Opptrappingsplan for rehabilitering etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.  I denne ligg det også forslag til ny offisiell (og ganske omfattande) definisjon for området:

«Habilitering og rehabilitering er målrettede samarbeidsprosesser mellom bruker, pårørende, tjenesteytere og på relevante arenaer. Prosessene kjennetegnes ved koordinerte, sammenhengende og kunnskapsbaserte tiltak fra aktørene. Formålet er at brukeren, som har eller står i fare for å få begrensninger i sin fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, skal gis mulighet til å oppnå best mulig funksjons- og mestringsevne, selvstendighet og deltagelse i utdanning og arbeidsliv, sosialt og i samfunnet.»

Rehabilitering blir drive både innan spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Sentrale element i dette arbeidet er også koordinerande einingar og individuelle planar.

Samhandlingsbarometeret har nyleg fått inn oppdaterte KOSTRA-tal for 2017. Desse er basert på årleg innrapportering frå kommunane sjølve.

Eit av spørsmåla i Kostra går på kor stor andel (prosent) av institusjonsplassar som er avsett til rehabilitering i kommunen. Indikatoren kan seie noko om kommunane sin kapasitet til å ta seg av personar som treng rehabilitering i institusjon, og om det har skjedd endringar i dette etter innføring av samhandlingsreforma.

Fig. 1 Utvikling i andel plassar avsett til habilitering/rehabilitering nasjonalt, i Sogn og Fjordane og to eksempelkommunar i fylket (Kjelde: Samhandlingsbarometeret/SSB).

Figuren over viser at det har vore ein viss auke i perioden 2009-2017 i andelen rehabiliteringsplassar både nasjonalt og i Sogn og Fjordane. Fylket ligg no samla sett eit par prosent over landet ellers (9,5% mot 7,6%).

Vi ser at Gloppen ligg høgt, særleg i ein periode, for deretter å gå noko ned (18,2% i 2017), medan t.d. Førde kommune ligg på 5,4% i 2017.

Fig 2. Kommunevis fordeling av andel plassar avsett til habilitering/rehabilitering i Sogn og Fjordane i 2017.

Figur 2 viser at det er markerte skilnader mellom kommunane i høve til kor store andelar av plassar dei har avsett til habilitering/rehabilitering. Truleg reflekterer dette både ulik organisering, og kanskje ulik praksis for å rapportere til SSB. Det samla omfanget av rehabilitering i kommunane vert truleg ikkje fanga opp av ein enkeltindikator.

Vi har pr. i dag ikkje indikatorar for resultatet/utfallet av rehabilitering i kommunane.