SJUKEHEIMSPLASSAR FRAMOVER – ER DET MOGELEG FOR KOMMUNANE Å HALDE TRITT MED UTVIKLINGA?

Dei fleste har nok fått med seg at dei eldre sin del av befolkninga vil auke framover, og at Sogn og Fjordane vil få særlege utfordringar. Fylkesmannen (Anne Karin Hamre) var også nyleg ute med ei påminning til kommunane om at dette kanskje vil vere meir nødvendig å gripe fatt i enn t.d. skuleproblematikk.

Behovet for helsetenester og omsorgstenester aukar med alderen, og særleg markert er dette for gruppa som blir 80 år og eldre. På mange måtar vert dei eldre friskare, og mange greier seg også sjølve opp til høg alder. Men sjølv om hjelpebehovet kan forskyve seg noko oppover i alder, vil nok likevel mange få sjukdom og redusert funksjonsevne i siste delar av livet, og det er også store grupper som lever med kroniske lidingar både av fysisk og mental art (t.d. demens) over lang tid.

Ein vanleg brukt måleindikator i denne samanhengenen er andelen av heildøgns institusjonsplassar i høve talet på personar over 80 år. Dette fordi denne gruppa utgjer ein stor del av dei som har så redusert funksjonsevne at dei må ha hjelp og behandling på heildøgnsbasis.

Kommunane leverer årleg såkalla Kostra-rapporteringstal inn til sentrale myndigheiter, og det blir laga statistikk som gjer det mogeleg å samanlikne kommunar og regionar.
Dersom vi ser på utviklinga av institusjonsplassar i perioden 2009 til 2016 nasjonalt, for fylket og for to utvalde kommunar finn vi følgjande mønster som illustrert i fig. 1

Fig 1 Andel (prosent) av plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustad i prosent av befolkninga over 80 år (kjelde: Samhandlingsbarometeret.no/Kostra)

I perioden 2009 til 2016 har andelen institusjonsplassar i Sogn og Fjordane samla sett lege rundt 30 prosent, og dette har vore ganske stabilt i tidsperioden. Nivået ligg også heilt på linje med landsgjennomsnittet.

Det er likevel ein markert skilnad mellom einskildkommunar der t.d. Høyanger har hatt ein høg og aukande andel heilt opp til 45 prosent i 2016, medan Askvoll kommune ikkje har hatt auke i perioden, og ligg på under halvparten av dekningsgraden til Høyanger kommune. Dette tyder på at kommunane allereide i dag vel å løyse oppgåvene innanfor eldreomsorga på alternative måtar. Ein kan difor ikkje konkludere med at Askvoll nødvendigvis har eit dårlegare tilbod til sine eldre enn Høyanger. Truleg kan det ligge eit betydeleg potensiale gjennom i større grad å studere løysingar hjå andre kommunar.

Figuren illustrerar også at gjennom perioden 2009 til 2016 har ein både i landet som heilheit og i Sogn og Fjordane (med sine høge eldreandelar) likevel greidd å halde tritt med auken i tal gamle. Eit spørsmål blir i kva grad det er realistisk å kunne halde på ei slik dekningsgrad i tida framover?

Om vi nyttar prognosar for folketalsutviklinga frå SSB (middels høgt anslag), og ser på to små utkantkommuar og to mellomstore sentrumskommunar i Sogn og Fjordane får vi eit bilde som i fig. 2.

Fig. 2 Befolkningsframskriving for gruppa over 80 år i Sogn og Fjordane for fylket og fire ulike kommunar (kjelde: Samhandlingsbarometeret/SSB)

Frå figuren ser vi at den store veksten i talet på personar over 80 år kjem i tida framover. For dei to utkantkommunane Solund og Hyllestad er ein ved starttidspunktet på denne «bølgja» som kjem, og vil gå mot ei dobling av andelen gamle til å utgjere omkring 14-15 % av folketalet. For dei større og meir sentrale kommunane som Førde og Sogndal vil stigninga kome litt seinare, og ikkje være så dramatisk. Ein vil her i 2040 ha omkring 6-7% av befolkninga som er 80 år og over. Men stigninga vil likevel bety ei dobling av andelen også i Førde kommune.

Spørsmålet blir då i kva grad ein då vil kunne halde tritt med utviklinga ved å bygge fleire heildøgnsplassar framover? Slike tiltak krev planlegging og tid før dei er på plass, og sjølv om ein skulle skaffe fram lokalitetar, gjenstår det å bemanne desse med nok fagpersonell og greie å finansiere drifta. I små utkantkommunar vil andelen i yrkesaktiv alder avta, og vi ser allereide i dag at dei slit med å få rekruttert kompetent personell utanifrå. Dette kan difor bli det mest problematiske for slike kommunar framover.

Men uansett betyr utviklinga at truleg langt fleire skrøpelege gamle berre kan få hjelp i heimen i tida framover. I dette ligg også eit stort behov for kompetanse i grenselandet mellom tekniske hjelpemiddel/IKT i heimen og omsorgskompetanse. Men truleg må også den uformelle omsorga (frå slekt/venner og naboar) mobiliserast om ein skal dekke hjelpebehovet framover for våre gamle.

 

Av Hans Johan Breidablik

Artikkelen er nyleg publisert i Dagens Medisin (4/2018)

205 kjem på Samhandlingskonferansen – kjem du?

Samhandlingskonferansen 2018 vert arrangert på Thon Hotel Jølster, Skei 14.-15. mars, med tema Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinerte tenester. Meir informasjon finn du her: Samhandlingskonferansen 2018

Samhandlingsnytt februar 2018

I samhandlingsnytt for februar, som samhandlingssjefen i Helse Førde nyleg har sendt ut, kan du lese om «Teknologi i helse og omsorg» som nytt studietilbod ved Høgskulen på Vestlandet. Du kan også lese om nyutvikla app for menneske med kronisk lungesjukdom, funksjonsvurdering på tvers og regionale samlinga knytt til samhandlingsavvik.

Samhandlingsnytt – Februar 2018

Samhandlingsprosjekt: Funksjonsvurdering på tvers

Flora kommune, Førde kommune og medisinsk avdeling på Førde sjukehus har gått saman i eit samhandlingsprosjekt der ein ønskjer å betre kommunikasjonen på tvers av helsetenestenivå med fokus på funksjonen til pasienten. Prosjektet er ei bestilling frå Koordineringsrådet basert på tilbakemeldingar frå Erfaringskonferansen.

I utganspunktet gjekk bestilling på å finne eit felles funksjonsvurderingsverktøy. Ved grundig kartlegging av informasjonsbehovet både til sjukehuset og kommunane vart det klart at klinikarane treng skriftlege beskrivingar av funksjonen til pasienten, ikkje tal evaluering (slik som t.d. IPLOS- vurderingane gjer). Prosjektet har derfor utvikla sjekklister på bakgrunn av dei ulike informasjonsbehova kommunane og sjukehuset har.

Pga av ulike IKT-system og noko ulik dokumentasjonskultur i kommunane, har dei to deltakande kommunane valgt ulik tilnærming for tiltak. Førde kommune har valgt å oppdatere alle pleieplanane sine, slik at dei lett kan leggast ved i ein innleggingsrapport. Flora kommune vil truleg endre IPLOS-kommentarane til å vere meir retta mot at dei skal gje gode, konkrete beskrivingar av hjelpebehovet til pasienten. Sjukepleirane på medisinsk avdeling har fått utdelt «lommekort» med sjekklister for kva som er ønskjeleg av informasjon før utskriving og i utskrivingsrapporten.

Tilbakemeldingane frå både sjukehuset og kommunane er svært positive. Margot Dvergsdal, seksjonsleiar i heimetenesta i Førde kommune, seier at: «Det kjentes riktig og meir fagleg forsvarleg å sende ein innleggingsrapport når eg kan legge med ein oppdatert pleieplan og ei god beskriving av det aktuelle»
Og sjukepleiar, Linda Foss Bolstad, frå medisinsk avdeling uttalar: «Eg synest korta er eit godt hjelpemiddel, særleg for meg som er relativt ny, då det gir ein god oversikt over kva som skal/burde vere med i ein helseopplysning/utskrivingsrapport. I tillegg er kortet ganske lite og lett å ha med seg i lomma.»

Prosjektgruppa vonar at sjekklistene kan vera aktuelle for fleire kommunar og sjukehusavdelingar

 

Av Anne Marte Sølsnes

 

HAR DET VORE AUKE I MENTALE HELSEPLAGER HJÅ UNGDOM I SOGN OG FJORDANE?

Vi ser hyppige medieoppslag med bekymring over aukande mentale helseplager hjå ungdom. UngData skriv også i sin siste landsrapport at det har vore ein «markant økning i omfanget av selvrapporterte psykiske helseplager» og peikar særleg på auke i depressive symptom hos jenter der 28% rapporterer slike i vidaregåande skular. For einsemd er tala rundt 31% hos jenter, 17% hos gutar. Samla opplever også 31% av elevane mykje søvnplager.

I Sogn og Fjordane har ein drive kartleggingar mellom elevane i vidaregåande skular sidan 1997 i Førde-skulane, og i 2012 i heile fylket. 8-900 elevar har delteke kvar gong, og samla sett har 4300 elevar svart på undersøkingane (1997, 2001, 2005, 2009 og 2012). Spørsmåla i desse var henta frå WHO sine kartleggingar i skular, som her i landet var drive av HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen.
Sidan UngData som driv nasjonale kartleggingar i skulane i dag, også i Sogn og Fjordane, ikkje nyttar heilt like spørsmålsstillingar, så må ein være varsam med å samanlikne tala (andelane).
Men om vi ser på nokre vanlege mentale plager over tid i Sogn og Fjordane finn vi følgjande:

Mønsteret med at jenter rapporterar meir plager enn gutar går att gjennom heile perioden. Vi ser også at sjølv om andelane varierer noko, så var det allereie i 1997 mange som rapporterte om mentale plager. For opplevinga av angst ser det ikke ut til å være auke, heller ikkje for opplevelse av å vere nedfor eller nervøs hjå gutar.
I Samhandlingsbarometeret ligg det kommunevise tal for nokre av kartleggingane.

Ser vi på ein figur over utviklinga av søvnvanskar (under) så er mønsteret at færre både av jenter og gutar aldri opplever søvnvanskar (trendlinjer), og at fleire jenter opplevde mykje søvnvanskar i 2012 samanlikna med 1997.

 

Kan sjølvrapportert helse i ungdomen predikere medikamentbruk i voksen alder? 

Dette har forskarar bl.a. frå Helse Førde, undersøkt i ein ny vitskapleg publikasjon. Studien som er basert på data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og Reseptregisteret i Norge, kan du lese meir om her: Ny vitskapleg publikasjon

Samhandlingsbarometeret har også data om sjølvrapportert helse under indikatorane folkehelse og folkehelsekartleggingar i Sogn og Fjordane.

Samhandlingsbarometeret presentert på Toppledermøtet 2018 i Helse Bergen og Haraldsplass sitt opptaksområde

Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus har årlege møter med kommunane i opptaksområdet sitt. Her deltek ordførarar, rådmenn, leiarar i kommunehelsetenesta og medlemmene i samarbeidsutvala, samt toppleiarar frå sjukehusa.

For fyrste gong var det lagt inn stand med presentasjon av ulike teknologi- og digitaliseringsløysingar i helse- og omsorgssektoren i programmet. Her var Samhandlingsbarometeret vist fram, saman med «En innbygger – en journal», Velferdsteknologi i Bergen kommune, Velferdsteknologi Nordhordaland, LMS app basert på kunstig intelligens, elektroniske tavler frå IMATIS og Innovasjonslaboratorium Helse Vest IKT.

Pål Asle Reiersgaard frå Fagavdelinga ved Haraldsplass og Emma Bjørnsen frå fag og utvikling i Helse Førde fekk det tidvis travelt med å vise kva innhald og mulegheiter som ligg i Samhandlingsbarometeret, og korleis data kan framstillast og nyttast vidare. Det var stor interesse frå dei besøkande, spesielt frå kommunane, men også frå sjukehusa. Fleire kommunale leiarar ynskjer presentasjon og gjennomgang av Barometeret i samhandlingsfora som kommunane deltek i. Samhandlingssjef Gunn Glimsdal frå Haraldsplass var ansvarleg for toppleiarmøtet, og vil følgje opp alle førespurnader som kjem rundt Samhandlingsbarometeret. Helse Førde vil delta på samlingar eller i møte dersom Helse Bergen og Haraldsplass ser behov for det.

Av Emma Bjørnsen

Samhandlingsnytt januar 2018

Det fyrste samhandlingsnytt for 2018 er nå sendt ut

I Samhandlingsnytt for januar kan du mellom anna lese om Home-Start Familiekontakten som startar i Førde, fagdag for «Barn som pårørande» og erfaringane som likeperson Christina Stæger-Breisnes har med Helse  Førde HF sin smertepoliklinikk i Florø.

Les Samhandlingsnytt her: Samhandlingsnytt – Januar 2018

RIKSREVISJONEN MED RAPPORT OM PRAKSIS FOR UTSKRIVING AV PASIENTAR TIL KOMMUNEHELSETENESTA

Mellom områda som Riksrevisjonen har sett på, er praksis knytt til utskriving av somatiske pasientar til kommunehelsetenesta i perioden 2011-2017.

Det overordna målet er at det skal leggast til rette for heilheitlege og koordinerte pasientforløp på tvers av nivåa. Det var i 2016 til saman 800 000 døgnopphald ved norske somatiske sjukehus. I 13,5 % av desse vart pasientane utskrivne til sjukeheimar, andre institusjonar eller heimen, og hadde samtidig behov for vidare oppfølging av kommunehelsetenesta. Over halvparten av pasientane var over 80 år, og dei aller fleste med fleire lidingar samstundes. Mange av desse er sårbare pasientar der hyppige flyttingar t.d. gjennom reinnleggingar er ei utfordring.

Medan akutte reinnleggingar innan 30 dagar for andre pasientgrupper gjekk noko ned i perioden, var den dobbelt så høg for denne pasientgruppa (på 13,5 %) og omfatta så mykje som kvar 5. pasient.

Riksrevisjonen har sett på kvaliteten på pasientinformasjonen og i kva grad denne kjem fram til rett tid. Ein finn feil og manglar særleg i epikriser, medisinlister og vurderingar av funksjonsnivået hjå pasientane. Også ved innlegging er det ofte manglar frå kommunehelsetenesta knytt til desse områda. Det er også sjeldan at det involverte helsepersonellet vert gjort merksame på manglane.

Ein finn liten grad av systematisk opplæring av personalet om regelverk og prosedyrar kombinert med oppleving av tidspress hjå helsepersonell.
Det vertpeika på eit behov for meir tverrfaglege vurderingar, m.a. av fysioterapeutar og ergoterapeutar hjå pasientar med samansette lidingar. Individuelle planar og Koordinator er lite kjent og brukt. Riksrevisjonen meiner det er mogeleg å redusere unødige innleggingar gjennom betre samhandling.
Riksrevisjonen peikar her på aktuelle tiltak framover som felles og oppdaterte legemiddellister og ein gjennomgåande digital journalløysing for heile helsetenesta («En innbygger – en journal»).

 

Av Hans Johan Breidablik

PERSONSKADER MED SJUKEHUSBEHANDLING I SOGN OG FJORDANE

Førebygging av skader og ulykker er eit viktig mål for folkehelsearbeidet. I Samhandlingsbarometeret har vi to variablar som dekker dette området: a) Personskader med sjukehusbehandling og b) trafikkulykker.

Fig. 1. Når vi ser på den første av desse (a) finn vi følgjande for vårt fylke (Antall pasientar med personskader behandla i somatiske sjukehus per 1000 innbyggjarar per år. Gjennomsnitt av perioden 2013-2015).

Dette vil då berre omfatte skader som har medført sjukehusbehandling, og såleis ikkje dei som har vore til kommunehelsetenesta og legevakter, eller har behandla seg sjølv. Vi ser her at alle kommunane i Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet. Dette kan ha samanheng med tersklar for å tilvise personskadar til spesialisthelsetenesta, og kor komplett rapporteringa er inn til det nasjonale registeret. Ein må difor være varsam med konklusjonar her.

Fig. 2. Ser vi på utviklinga over tid får vi følgjande mønster:

Vi ser her at omfanget av personskader er svært stabilt over dei tidsperiodane vi har tal for.
Fig. 3. Kvar skjer skadene? (Y-akse er her basert på antall skadetilfelle rapportert frå Helse Førde i år 2016)

Den største gruppa av skader skjer i eigen bustad og nærområda, medan skader under sport kjem på andreplass.

 

Av Hans Johan Breidablik