Samhandlingsprosjekt: Funksjonsvurdering på tvers

Flora kommune, Førde kommune og medisinsk avdeling på Førde sjukehus har gått saman i eit samhandlingsprosjekt der ein ønskjer å betre kommunikasjonen på tvers av helsetenestenivå med fokus på funksjonen til pasienten. Prosjektet er ei bestilling frå Koordineringsrådet basert på tilbakemeldingar frå Erfaringskonferansen.

I utganspunktet gjekk bestilling på å finne eit felles funksjonsvurderingsverktøy. Ved grundig kartlegging av informasjonsbehovet både til sjukehuset og kommunane vart det klart at klinikarane treng skriftlege beskrivingar av funksjonen til pasienten, ikkje tal evaluering (slik som t.d. IPLOS- vurderingane gjer). Prosjektet har derfor utvikla sjekklister på bakgrunn av dei ulike informasjonsbehova kommunane og sjukehuset har.

Pga av ulike IKT-system og noko ulik dokumentasjonskultur i kommunane, har dei to deltakande kommunane valgt ulik tilnærming for tiltak. Førde kommune har valgt å oppdatere alle pleieplanane sine, slik at dei lett kan leggast ved i ein innleggingsrapport. Flora kommune vil truleg endre IPLOS-kommentarane til å vere meir retta mot at dei skal gje gode, konkrete beskrivingar av hjelpebehovet til pasienten. Sjukepleirane på medisinsk avdeling har fått utdelt «lommekort» med sjekklister for kva som er ønskjeleg av informasjon før utskriving og i utskrivingsrapporten.

Tilbakemeldingane frå både sjukehuset og kommunane er svært positive. Margot Dvergsdal, seksjonsleiar i heimetenesta i Førde kommune, seier at: «Det kjentes riktig og meir fagleg forsvarleg å sende ein innleggingsrapport når eg kan legge med ein oppdatert pleieplan og ei god beskriving av det aktuelle»
Og sjukepleiar, Linda Foss Bolstad, frå medisinsk avdeling uttalar: «Eg synest korta er eit godt hjelpemiddel, særleg for meg som er relativt ny, då det gir ein god oversikt over kva som skal/burde vere med i ein helseopplysning/utskrivingsrapport. I tillegg er kortet ganske lite og lett å ha med seg i lomma.»

Prosjektgruppa vonar at sjekklistene kan vera aktuelle for fleire kommunar og sjukehusavdelingar

 

Av Anne Marte Sølsnes