Fokus på tannhelse i Samhandlingsbarometeret

Ansvaret for tannhelsetenesta har over tid lege under fylkeskommunalt nivå, og utdanningane har også i hovudsak vore sjølvstendige i høve dei andre helseutdanningane. I seinare tid har det vore diskusjonar om tannhelsetenesta bør bli ein integrert del av det ordinære helsetilbodet evt. som del av kommunehelsetenesta.

Det er allmenn semje om at tannhelsa er ein viktig del av folkehelsa, og heng saman med ei rekke ytre faktorar, også av sosioøkonomisk art. Samhandlingsbarometeret har difor teke inn variablar knytt til området under sin modul for folkehelse.

Det har over lengre tid vore ei klar betring av tannhelsa i Noreg. Særleg gjeld dette omfanget av karies, og det blir drive mykje førebyggande arbeid på området særleg retta mot barn og unge. Også 70-åringar har i dag mange eigne tenner i behald, og berre 2-3 prosent er heilt tannlause.

Det har vore vanleg å lage statistikk over omfanget av kariesangrep («tannråte») ved å telje kor mange hol i tennene barn og unge har hatt på ulike alderstrinn. Tala er komne både frå Folkehelseinstituttet (FHI) og den fylkeskommunale tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane. Vi har først sett på andelane i prosent som ikkje har fått registrert hol i tenner ved 5- og 18-årsalderen.

Fig. 1: Andel av elevar som ikkje har hatt hol i tenner (karies) ved 5-årsalder og 18-årsalder med trendlinjer (utvikling) for Sogn og Fjordane.

 

Vi ser at 80-85% av femåringar i Noreg og her i fylket ikkje har hol i tennene. Sogn og Fjordane ligg her litt betre an enn landet elles. Trendlinja (stipla) over tid held seg imidlertid uendra for denne gruppa. For 18-åringar er det som figuren over visar klart færre utan hol, men utviklinga her ser ut til å være positiv over tid, og igjen ligg Sogn og Fjordane bra an i høve gjennomsnittet for landet.

Dersom vi ser på 18-åringar med mange hol og fordeler desse ut på dei kommunane der ein har tal, finn vi klare skilnader mellom desse. Her har vi laga gjennomsnittsverdiar for ein fireårsperiode (2014-17) fordi tala for kvart einskildt år blir små og difor utsett for mykje tilfeldige variasjonar.

Fig 2: Andel av elevar som har hatt mange hol (> 9) fram til 18-årsalder for dei kommunar ein har data for. Gjennomsnitt for perioden 2014-2017.

Det er ein betydeleg skilnad mellom t.d. Vågsøy med 5,5% og Askvoll med 18%. Det er truleg fleire ulike årsaker til dette som ikkje Samhandlingsbarometeret kan gje presise svar på, men som er viktige å gripe fatt i knytt til det lokale folkehelsearbeidet.