Ser ungdom i Sogn og Fjordane føre seg ei framtid i eigen heimkommune?

Nyheita er oppdatert med korrigerte tal og inkluderer Høyanger vidaregåande skule, som hadde falle ut

Ungdata er lokale ungdomsundersøkingar, som vert tilbydd gratis til alle landets kommunar og fylkeskommunar. Siden 2010 har 439 200 ungdommer frå 405 kommuner delteke i ungdataundersøkingane. Ungdata gjev dermed eit godt innblikk i korleis det er å være ung i Noreg i dag. Undersøkingane blir gjort i skulane og består av grunnmodul og evt. tilleggsmodular. Den obligatoriske delen av spørreskjemaet inneheld spørsmål om ei rekke tema som gjelder ungdom sine liv og livssituasjonar. Det er spørsmål om forholdet til foreldre og venner, om skulearbeid og trivsel, fritidsaktivitetar og mediebruk, utdanning og framtidsplanar, helse og levevaner, rusmiddelbruk og atferdsproblem. Det blir gitt ut rapportar på både nasjonalt- og fylkesnivå på utvalde resultat.
Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har ansvaret for gjennomføringa av Ungdataundersøkingane i samarbeid med dei sju regionale kompetansesentra innen rusfeltet (KoRus Vest Bergen for Sogn og Fjordane).
Samhandlingsbarometeret har tidlegare publisert resultat frå lokale spørjingar i Sogn og Fjordane på kommunenivå. Dette er data som er av verdi for både folkehelsearbeidet lokalt og planlegging/prioritering av dette.
Samhandlingsbarometeret har gjennom eit samarbeid med Ungdata fått tilgang på data frå Sogn og Fjordane knytt til einskildkommunar (ungdomsskule) og for skulekommunane (vidaregåande skular).
Det er gjennomgåande høg deltaking på undersøkingane. For Sogn og Fjordane omfattar det svar frå i overkant av 2700 ungdomsskuleelevar, og nærare 3000 elevar i vidaregåande skular. Dette omfattar såleis ein stor del av den samla ungdomsmassen i fylket.
Utvalde ungdata-resultat vil i tida framover bli publisert i Samhandlingsbarometeret, vonaleg innan hausten 2018.

Ungdom som ser for seg ei framtid i heimkommunen
Sogn og Fjordane har eit mønster der folketalet stagnerar over tid trass i rimeleg høge fødselstal. Dette har nok samanheng med at mykje av ungdommen flyttar ut for å studere, og i avgrensa grad kjem tilbake i vaksen alder. I undersøkinga har ein følgjande spørsmål: «Kan du tenke deg å bo i kommunen din når du blir voksen?». Her er det tre svaralternativ, «Ja, Nei, Vet ikke».
I Barometeret har vi valgt ut svaralternativet Ja på dette spørsmålet, og sett på korleis svara fordeler seg mellom kommunane i fylket vårt. Vi sett på jenter og gutar kvar for seg.

Fig 1 Andelar av jenter (blått) og gutar (raudt) som har svart på det aktuelle spørsmålet, og som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne (Ungdomsskuleelevar).

Vi ser det velkjende mønsteret der fleire gutar enn jenter kan tenke seg å bu i heimkommunen, sjølv om det også er kommunar som er meir jevnbyrdige. Det er stor spreiing mellom kommunane der Lærdal, Årdal, Selje og Aurland ligg lågt for jenter sin del. I andre enden finn vi Gloppen, Naustdal, Luster og Stryn der nærare halvparten av jentene og rundt 60% av gutane er positive til å busette seg i heimkommunen.

Fig 2 Andelar av jenter (blått) og gutar (raudt) i vidaregåande skular som har svart på det aktuelle spørsmålet, og som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Obs.: her er det fordelt etter kommunar der dei vidaregåande skulane ligg, og altså ikkje etter eleven sin oppvekstkommune.

Skilnadane mellom skulestadane når det gjeld dei eldre elevane er ikkje så markerte. Flora ligg lågast for gutar sin del (kommunen deltok ikkje på ungdomsskuletrinnet). At Førde ligg så lågt for jenter er verdt å merke seg, men her er det også elevar frå mange andre kommunar. Sogndal ligg på topp saman med Stryn.