Samhandlingsbarometeret presentert på Toppledermøtet 2018 i Helse Bergen og Haraldsplass sitt opptaksområde

Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus har årlege møter med kommunane i opptaksområdet sitt. Her deltek ordførarar, rådmenn, leiarar i kommunehelsetenesta og medlemmene i samarbeidsutvala, samt toppleiarar frå sjukehusa.

For fyrste gong var det lagt inn stand med presentasjon av ulike teknologi- og digitaliseringsløysingar i helse- og omsorgssektoren i programmet. Her var Samhandlingsbarometeret vist fram, saman med «En innbygger – en journal», Velferdsteknologi i Bergen kommune, Velferdsteknologi Nordhordaland, LMS app basert på kunstig intelligens, elektroniske tavler frå IMATIS og Innovasjonslaboratorium Helse Vest IKT.

Pål Asle Reiersgaard frå Fagavdelinga ved Haraldsplass og Emma Bjørnsen frå fag og utvikling i Helse Førde fekk det tidvis travelt med å vise kva innhald og mulegheiter som ligg i Samhandlingsbarometeret, og korleis data kan framstillast og nyttast vidare. Det var stor interesse frå dei besøkande, spesielt frå kommunane, men også frå sjukehusa. Fleire kommunale leiarar ynskjer presentasjon og gjennomgang av Barometeret i samhandlingsfora som kommunane deltek i. Samhandlingssjef Gunn Glimsdal frå Haraldsplass var ansvarleg for toppleiarmøtet, og vil følgje opp alle førespurnader som kjem rundt Samhandlingsbarometeret. Helse Førde vil delta på samlingar eller i møte dersom Helse Bergen og Haraldsplass ser behov for det.

Av Emma Bjørnsen