Oppføringer av

Kommunale KAD/ØHD-tilbod – oppdaterte tal for 2019

Eit av hovudmåla i Samhandlingsreforma frå 2012 var å flytte meir av pasientbehandlinga over på kommunehelsetenesta. Det vart difor bestemt at kommunane skulle organisere eit tilbod om kommunal øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne senger til føremålet. Pasientar som kunne få eit like godt tilbod om behandling, observasjon og utgreiing i kommunane skulle då kunne […]

Sjølvmord i Helse Vest området

Ari Behn sitt sjølvmord i jula har ført til ein stor debatt omkring denne problematikken. Stikkord for denne debatten har gått mykje på openheit omkring eigne problem og tilbodet innan psykisk helsevern. Vurdering av sjølvmordrisiko er også del av vurderingane innan det psykiske helsevernet. Vi veit at berre halvparten av dei som tek sjølvmord har […]

Forskningsartikkel basert på data frå unge i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har i sin Folkehelsedel data frå ulike kartleggingar som er gjennomført i skulane i det som inntil 2020 var Sogn og Fjordane fylke. Resultata frå desse er også brukt i ulike vitskapelege publikasjonar. Den siste av desse vart nyleg publisert i tidsskriftet Scandinavian Journal of Public Health, og såg på følgjer av familieoppløysing (skilsmisse) […]

SAMHANDLINGSNYTT

Foto: Oddleiv Apneseth Etter lang tids pause gjenoppstår samhandlingsnytt i ny utgåve. I ein digital verden vil det ikkje bli sendt ut nyhendeskriv i «papirversjon» lenger. Heretter vil aktuelle saker på samhandlingsområdet bli lagt ut på sida «Samhandling i Sogn og Fjordane». På denne sida vil tilsette i kommunane i Sogn og Fjordane og Helse […]

Samhandlingsbarometeret og Samfunnsmedisin

Ein av nestorane innan norsk samfunnsmedisin, Magne Nylenna, har nyleg kome med ei bok med tittelen Samfunnsmedisin på norsk. Kva forstår vi med samfunnsmedisin? Samfunnsmedisin er ein av spesialitetane innan medisinen, og har slik sett sitt spesifikke utdanningsløp. Faget skal beskrive og analysere interaksjonar mellom menneske og omgjevnader. Det handlar om samanhengar, system, utviklingstrekk og […]

LIVSSTILSFAKTORAR BLANT VAKSNE I SOGN OG FJORDANE

Vi møter dagleg omgrepet «livsstilssjukdomar» i media og gjerne knytt til førebygging av uhelse. «Livsstil er summen av enkeltpersoners levevaner og atferd. Betegnelsen brukes om måten en person lever på, først og fremst om de aktiviteter man selv har råderett over, og som avspeiler egne valg. Livsstil er knyttet til mer eller mindre bevisste personlige […]

Studentar i praksis hjå Samhandlingsbarometeret. Sjukepleiestudentar har undersøkt antibiotikabruk i kommunene

Samhandlingsbarometeret har i mai/juni hatt fire sjukepleiestudentar i praksis i «Helsefremmande og førebyggande fag» frå Campus Førde i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Studentane har teke utgangspunkt i data frå variabelen Antibiotikabruk i kommunane. Høg antibiotikabruk og tilhøyrande risiko for resistensutvikling mot dei vanlege antibiotika er eit problem som dei siste åra har fått auka fokus […]

Tilvisingar frå fastlegar i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret har heilt frå starten i 2012 hatt opplysningar om tilvisingsomfanget frå dei einskilde fastlegane i fylket. No gjeld denne statistikken tilvisingar til spesialisthelsetenesta i Helse Førde, Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen. Tilvisingar til privatpraktiserande spesialistar og andre helseføretak, t.d. Helse Møre og Romsdal, er ikkje med. Det er to presentasjonsmåtar av […]

Nytt Kommunalt Pasientregister (KPR) – kva diagnosegrupper får mest konsultasjonar?

For spesialisthelsetenesta har ein over tid hatt stor nytte av Norsk Pasientregister (NPR) og nytta opplysningar her til mange ulike føremål. Men for aktiviteten i kommunehelsetenesta har ein ikkje hatt noko tilsvarande register, og har difor ikkje hatt mykje opplysningar knytt til pasientbehandlinga. Særleg knytt til samhandlingsproblematikk er slike opplysningar av interesse. Helse- og omsorgsdepartementet […]

Økonomisk og sosial bakgrunn påverkar helsa

Det er større sosiale helseskilnader i Norge enn i mange andre europeiske land, særleg ser vi skilnader mellom utdanningsgruppene. Kvinner og menn med lengst utdanning lever 5-6 år lengre og har betre helse enn dei som har kortast utdanning. Dess lengre utdanning og høgare inntekt ei gruppe har, dess høgare del av gruppa sine «medlemmer» […]