SJUKEHEIMSPLASSAR FRAMOVER – ER DET MOGELEG FOR KOMMUNANE Å HALDE TRITT MED UTVIKLINGA?

Dei fleste har nok fått med seg at dei eldre sin del av befolkninga vil auke framover, og at Sogn og Fjordane vil få særlege utfordringar. Fylkesmannen (Anne Karin Hamre) var også nyleg ute med ei påminning til kommunane om at dette kanskje vil vere meir nødvendig å gripe fatt i enn t.d. skuleproblematikk.

Behovet for helsetenester og omsorgstenester aukar med alderen, og særleg markert er dette for gruppa som blir 80 år og eldre. På mange måtar vert dei eldre friskare, og mange greier seg også sjølve opp til høg alder. Men sjølv om hjelpebehovet kan forskyve seg noko oppover i alder, vil nok likevel mange få sjukdom og redusert funksjonsevne i siste delar av livet, og det er også store grupper som lever med kroniske lidingar både av fysisk og mental art (t.d. demens) over lang tid.

Ein vanleg brukt måleindikator i denne samanhengenen er andelen av heildøgns institusjonsplassar i høve talet på personar over 80 år. Dette fordi denne gruppa utgjer ein stor del av dei som har så redusert funksjonsevne at dei må ha hjelp og behandling på heildøgnsbasis.

Kommunane leverer årleg såkalla Kostra-rapporteringstal inn til sentrale myndigheiter, og det blir laga statistikk som gjer det mogeleg å samanlikne kommunar og regionar.
Dersom vi ser på utviklinga av institusjonsplassar i perioden 2009 til 2016 nasjonalt, for fylket og for to utvalde kommunar finn vi følgjande mønster som illustrert i fig. 1

Fig 1 Andel (prosent) av plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustad i prosent av befolkninga over 80 år (kjelde: Samhandlingsbarometeret.no/Kostra)

I perioden 2009 til 2016 har andelen institusjonsplassar i Sogn og Fjordane samla sett lege rundt 30 prosent, og dette har vore ganske stabilt i tidsperioden. Nivået ligg også heilt på linje med landsgjennomsnittet.

Det er likevel ein markert skilnad mellom einskildkommunar der t.d. Høyanger har hatt ein høg og aukande andel heilt opp til 45 prosent i 2016, medan Askvoll kommune ikkje har hatt auke i perioden, og ligg på under halvparten av dekningsgraden til Høyanger kommune. Dette tyder på at kommunane allereide i dag vel å løyse oppgåvene innanfor eldreomsorga på alternative måtar. Ein kan difor ikkje konkludere med at Askvoll nødvendigvis har eit dårlegare tilbod til sine eldre enn Høyanger. Truleg kan det ligge eit betydeleg potensiale gjennom i større grad å studere løysingar hjå andre kommunar.

Figuren illustrerar også at gjennom perioden 2009 til 2016 har ein både i landet som heilheit og i Sogn og Fjordane (med sine høge eldreandelar) likevel greidd å halde tritt med auken i tal gamle. Eit spørsmål blir i kva grad det er realistisk å kunne halde på ei slik dekningsgrad i tida framover?

Om vi nyttar prognosar for folketalsutviklinga frå SSB (middels høgt anslag), og ser på to små utkantkommuar og to mellomstore sentrumskommunar i Sogn og Fjordane får vi eit bilde som i fig. 2.

Fig. 2 Befolkningsframskriving for gruppa over 80 år i Sogn og Fjordane for fylket og fire ulike kommunar (kjelde: Samhandlingsbarometeret/SSB)

Frå figuren ser vi at den store veksten i talet på personar over 80 år kjem i tida framover. For dei to utkantkommunane Solund og Hyllestad er ein ved starttidspunktet på denne «bølgja» som kjem, og vil gå mot ei dobling av andelen gamle til å utgjere omkring 14-15 % av folketalet. For dei større og meir sentrale kommunane som Førde og Sogndal vil stigninga kome litt seinare, og ikkje være så dramatisk. Ein vil her i 2040 ha omkring 6-7% av befolkninga som er 80 år og over. Men stigninga vil likevel bety ei dobling av andelen også i Førde kommune.

Spørsmålet blir då i kva grad ein då vil kunne halde tritt med utviklinga ved å bygge fleire heildøgnsplassar framover? Slike tiltak krev planlegging og tid før dei er på plass, og sjølv om ein skulle skaffe fram lokalitetar, gjenstår det å bemanne desse med nok fagpersonell og greie å finansiere drifta. I små utkantkommunar vil andelen i yrkesaktiv alder avta, og vi ser allereide i dag at dei slit med å få rekruttert kompetent personell utanifrå. Dette kan difor bli det mest problematiske for slike kommunar framover.

Men uansett betyr utviklinga at truleg langt fleire skrøpelege gamle berre kan få hjelp i heimen i tida framover. I dette ligg også eit stort behov for kompetanse i grenselandet mellom tekniske hjelpemiddel/IKT i heimen og omsorgskompetanse. Men truleg må også den uformelle omsorga (frå slekt/venner og naboar) mobiliserast om ein skal dekke hjelpebehovet framover for våre gamle.

 

Av Hans Johan Breidablik

Artikkelen er nyleg publisert i Dagens Medisin (4/2018)