FRISK – Folkehelsekartlegging mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane

Ei samling av fagfolk og forskarar frå Vestlandet med tyngde i Sogn og Fjordane har starta arbeidet med å planlegge ei helseundersøking for alle vaksne innbyggjarar i fylket. Prosjektet har fått namnet FRISK Sogn og Fjordane.

Årsaka til at vi treng ei slik kartlegging er at vi veit svært lite om den faktiske helsetilstanden til den vaksne befolkninga, og både kommunane og helsetenesta treng denne bakgrunnskunnskapen for å kunne legge til rette for helsefremmande og førebyggande tiltak på rett stad til rett tid og til rett «folkegruppe». Dette gjeld primærhelsetenesta så vel som spesialisthelsetenesta. Det kan vere kartlegging i forhold til t.d. overvekt, psykisk helse, bruk av tobakk, levekår og trivsel, og ein vil slik kople sjølvrapportert informasjon frå innbyggjarane også til enkle målingar og blodprøvesvar i forhold til risikofaktorar for dårleg helse.

Kvar enkelt innbyggjar vil gjennom dette også få moglegheit til betra innsikt i eiga helse. Undersøkinga vil også gje ein god peikepinn til å forutsjå behov for morgondagens helseapparat.

FRISK vil nytte Samhandlingsbarometeret og Fylkesspegelen for å presentere/tilgjengeleggjere data frå undersøkinga. Ein vil vidare lagre blodprøver i ein biobank som kan nyttast til framtidsretta forsking og innovasjon i forhold til biologiske markørar og risikoanalyse.

For meir opplysingar om undersøkinga kan Anette Bøe Wolff (tlf. 91623378) eller Hans Johan Breidablik (tlf. 90182853) kontaktast

Av Anette Bøe Wolff og Hans Johan Breidablikk

Samhandlingsbarometeret – dataverktøy med mange føremål

Eit innovativt prosjekt i Sogn og Fjordane som no breier seg til andre delar av landet.

Då samhandlingsreforma var på veg i 2011, såg Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane behov for ein nettstad som samla data av felles interesse når dei ulike nivåa i kommune- og spesialisthelsetenesta skulle samhandle.
Slik kunne samhandlingspartane ha meir handfaste tal som grunnlag for å snakke saman, og ikkje berre sine eigne inntrykk og lokale erfaringar. Kommunane kunne då samanlikne seg sjølv med dei andre, og også følgje utviklinga over tid for dei ulike faktorane. Det var heilt sentralt å kunne samle data frå ulike kjelder, både eigne og eksterne. Slik kom ein ut med eit datasett som begge partar såg behovet for, og som begge kunne ha nytte av.

Døme på aktuelle problemstillingar kan vere:
– Er det store skilnader mellom kommunen vår og dei andre i omfanget av reinnleggingar og tal på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar?
– Korleis er omfanget av tilvisingar til kirurgisk behandling mellom dei ulike kommunane?
– Korleis godt er vår kommune inndekka med sjukeheimsplassar, samanlikna med kommunane rundt oss?
– Døyr mange tidleg grunna hjerte-karsjukdom i vår kommune, samanlikna med dei andre?
– Veit vi noko om omfanget av psykiske lidingar i kommunen vår?

Desse og ei stor mengd andre problemstillingar får vi svar på ved å bruke nettstaden Samhandlingsbarometeret.no. Ein kan velje om resultata skal framstillast i tabellform, ulike diagram eller i kartformat. Om ønskjeleg kan data også takast ut i det mykje nytta reknearket Excel og bearbeidast vidare der.
Helse Vest såg tidleg potensialet, og har i fleire omgangar løyvd midlar til samhandlingsbarometeret. Også høgskulen såg at verktøyet hadde eit potensiale for dei, både knytt til studentoppgåver og til forsking på helsetenester. På denne måten vart barometeret eit fellesprosjekt med Helse Førde, kommunane i Sogn og Fjordane og Høgskulen som eigarar.
Barometeret vart utvikla vidare, og fekk etterkvart merksemd i andre helseføretak. Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale sjukehus i Bergen var først ute med å ta verktøyet i bruk. Seinare vart Helse Nord brukarar, og dei har sidan blitt ein viktig støttespelar for barometerets kompetansemiljø i Helse Førde. Vestfold Sykehus (Tønsberg), Helse Fonna og Helse Stavanger har også nyleg fått demonstrert Samhandlingsbarometeret.

Gruppa som arbeider med barometeret i Helse Førde har opparbeidd seg stor kompetanse og erfaring knytt til systematisering og analyse av store datamengder. Etter kvart har også andre offentlege instansar gjort store mengder data tilgjengeleg på nettet. Brukarar av slike data har signalisert trong for råd og hjelp til å finne dei mest relevante opplysningane, og til å tolke dei inn i ein samanheng. Truleg vil slik rådgjeving berre bli viktigare i åra framover.
Det siste tilskotet i Barometeret er ei avdeling med utvalde folkehelseindikatorar, som særleg kommunane vil kunne ha nytte av i sitt arbeid på området. Her ligg også resultat frå ulike spørjeundersøkingar blant barn og unge i Sogn og Fjordane. På sikt vil det også vere eit mål å få gjort folkehelsekartlegging mellom vaksenbefolkninga i fylket, og legge resultata av denne inn i barometeret.

Også for journalistar burde Samhandlingsbarometeret vere ei sann gullgruve, både som kunnskapsstøtte i journalistisk arbeid, innhenting av faktaopplysningar og til bruk i komparativ journalistikk. Men dette ser ut til å ha gått redaksjonane i Sogn og Fjordane hus forbi. I alle fall er dette potensialet særs lite utnytta. Kanskje er det enno for lite kjennskap til kva som faktisk ligg der?

I seinare tid har også den nye nettstaden www.samhandling-sfj.no tatt barometeret opp i seg. Her vert nyhende og informasjon om data og aktuelle samhandlingssaker i fylket fortløpande publisert. Interesserte kan abonnere på nyhendesaker frå nettstaden.
Dagleg leiar for barometeret er Emma Bjørnsen, som tidlegare har mange år bak seg som fagkoordinator for folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Av:
Emma Bjørnsen, Tina Løkke Vie, Hans Johan Breidablik, Anne Marte Sølsnes, Knut Ivar Osvoll og Maria Holsen.

Avvik og uønska hendingar relatert til samhandling – ny rapport

Kommunikasjonen mellom AMK og kommunal lege synest ikkje lenger å vere den same utfordringa som det var i 2014 og delar av 2015, her er det no få avviksmeldingar. Dette skuldast innskjerping av krav og rutinar og innføring av naudnettet. Dette er ei vesentleg årsak til at andelen meldingar knytt til innlegging er redusert.

Manglande kontakt med kommunal lege over helseradionettet stod for fleirtalet av sakene kategorisert som «andre hendingar» i 2014 og 2015. Det er i dag få slike saker.

Det er få meldingar knytt til pasienten sitt opphald på sjukehuset i 2016. Dei meldingane som er gjeld ulike variantar av svikt i høve til kontaktrutinar. Heller ikkje her er det teikn til eit mønster som skulle indikere systemsvikt.

 

Du kan lese heile rapporten her.

Alle rapportar frå 2015 og 2016 finn du under Fag og forsking/ Undersøkingar og Rapportar.

 

Av Maria Holsen

Nytt Helseatlas om nyføddmedisin lansert rett før jul

Den nasjonale ordninga med Helseatlas vert drive av Helse Nord og Helse Vest etter bestilling frå Helse- og omsorgsdept. I Helse Nord vert dette drive av Senter for Klinisk Dokumentasjon og Evaluering (SKDE), medan Helse Førde utfører denne funksjonen på vegne av Helse Vest. Helseatlasmiljøet i Helse Førde samhandlar i stor grad med miljøet knytt til Samhandlingsbarometeret. Atlas består av ein rapport, korte faktaark og ei nettside http://www.helseatlas.no/. Her ser ein på skilnader mellom ulike delar av Noreg når det gjeld spesialisthelsetenester innanfor eit emneområde.

SKDE kom i desember ut med sitt tredje atlas som omhandla nyføddmedisin. Her har ein nytta data frå både Medisinsk fødselsregister og Nyføddmedisinsk kvalitetsregister i samarbeide med Barnelegeforeininga. Atlaset viser variasjon i t.d. innleggingar, antibiotikabehandling, respiratorbehandling, bruk av intensiv behandling, lysbehandling og behandling av lavt blodsukker for tidsperioden 2009 til 2014. For fleire av områda kjem det fram betydelege og ikkje lett forklarlege skilnader. T.d. er omfanget av diagnostisert sepsis (blodforgiftning) 5,5 gonger høgare hjå pasientar busette i Nordland i høve til Bergen/Sogn og Fjordane. Antibiotikabruken heng også sterkt saman med dette.  Sjå heile Norsk nyfødtmedisinsk helseatlas her.

Leiar for Helseatlastenesta i Helse Førde, Marte Bale la fram dette saman med barnelege Fabian Bergquist for føretaksleiinga tysdag 10. januar. Dr. Bergquist har sjølv erfaring med bruk av desse registera gjennom arbeidet sitt i Helse Førde.

I Helse Førde arbeider ein for tida med eit atlas som skal omhandle dei vanlegaste lidingane som ver behandla innan Ortopedisk avdeling, og i dette samarbeider ein tett med overlege Svenning iLida.

Av Hans Johan Breidablik

ERFARINGSKONFERANSEN 2017

Velkommen til erfaringskonferanse 2.-3.februar!

For å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt, inviterer ein til ny erfaringskonferanse etter suksessen for to år sidan!

Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare på korleis gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i den praktiske kvardagen. Målgruppa er leiarar og tilsette både i første- og andrelinjetenesta som har sin arbeidskvardag i dette «samhandlingsrommet».

Program: Erfaringskonferansen Skei i Jølster 2. og 3. februar 2017

Program- og arrangementskomité for konferansen er:

Gerd Bjørkedal, brukarrepresentant
Jan Helge Dale, Kommuneoverlege Flora Kommune
Irene Barmen Hoel, Rådgjevar Helse Førde HF
Inghild Mowatt, Seksjonsleiar Helse Førde HF
Stig Igland, Samhandlingssjef/avdelingssjef Helse Førde HF

Påmelding og praktisk informasjon:

Påmelding snarast, og seinast torsdag 26. januar:

Tilsette i Helse Førde melder seg på via læringsportalen.
Tilsette i kommunar/andre melder seg på via e-post til: kari.anne.sunde@helse-forde.no

Ved påmelding må det veljast mellom dagpakke og eventuelt middag, eller overnatting med måltid inkludert. I påmeldinga vel ein mellom følgande alternativ:

• Dagpakke (inkl. lunsj) kr 505,- • Middag kveld 2.februar kr 350,-
• Overnatting inkl. lunsj, middag (dag 1), frokost og lunsj (dag 2)
• Enkeltrom kr 1 750 • Dobbeltrom kr 3 010

Vi gjer merksam på at den einskilde deltakar betalar direkte til hotellet ved avreise.

Ved spørsmål, ta kontakt med: Stig Igland, tlf. nr. 90632871/stig.igland@helse-forde.no

 

Av Stig Igland

Elektronisk meldingsutveksling

Frå 2016 skal alle legekontor og vaktsentralar i Norge sende tilvisingane elektronisk og ikkje pr. post. Unntak elektronisk meldingsutveksling i Sogn og Fjordane er: tilvisingar til PBU, purring på tilvisingar/tilleggsinformasjon, og rekvisisjonar til radiologi og laboratoria (førebels).

Helse Førde HF samarbeider med legekontor og legevaktsentralar i Sogn og Fjordane om elektronisk meldingsutveksling, dvs. at tilvisingar og epikriser vert sendt elektronisk mellom legekontor og helseføretak. Det er eit mål at meldingane skal verte sendt elektronisk og ikkje på papir. For indikatoren «Elektronisk meldingsutveksling, tilvisingar» i Samhandlingsbarometeret vert det framstilt kor mange prosent av alle tilvisingar som vert sendt elektronisk per kommune.

Fordelen med elektroniske meldingar er mellom anna at sendar, gjennom systemet, får ei kvittering når meldinga er mottatt. Legekontoret vil såleis ha ein garanti for at tilvisinga har nådd fram. Overføringa vil også skje raskare frå tilvisar til helseføretaket enn ved bruk av papirsending, og meldinga kjem direkte i pasientjournalen. Det er mindre risiko for at tilvisinga kjem på avvegar enn dersom den vert sendt på papir.

Data frå Samhandlingsbarometeret viser at dei fleste kommunane i dag sender over 95% av tilvisingane elektronisk. Fjaler toppar med 99% og er tett følgt av kommunane Askvoll, Aurland, Flora, Gaular, Luster, Vik og Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) med 98%. Solund er den einaste kommunen som ikkje nyttar elektronisk meldingsutveksling. Når dei startar opp kan vi seie at elektronisk meldingsutveksling er innført i heile fylket.

Statistikken for elektronisk meldingsutveksling kan du sjå på Samhandlingsbarometeret

 

Av Maria Holsen

Folkehelseindikatorar i Samhandlingsbarometeret

Eit utval indikatorar på folkehelseområdet ligg no Samhandlingsbarometeret. Folkehelseindikatorar treng kommunane  mellom anna i sitt lovpålagde arbeid med å utarbeide helseoversikt. Arbeidet er i hovudsak gjort i samarbeid med kommunane, men fylkeskommunen, fylkesmannen og NAV har og bidrege aktivt. Alle indikatorane som skal inn under folkehelsevalet i barometeret er enno ikkje på plass, men vil bli lagt inn etter kvart som dei er klargjort og kvalitetssikra. Folkehelsevalet vil elles vere under kontinuerleg utvikling, slik resten av barometeret er det. Vi håper at Samhandlingsbarometeret no kan være ein stad der kommunane i Sogn og Fjordane kan finne mange av dei data som trengs for å utvikle helse- og omsorgstenesta og folkehelsearbeidet i kommunen.

Det samfunnsfaglege perspektivet og befolkningstilnærminga er viktig i folkehelseabeidet, og data/kunnskap om friskfaktorar og tilrettelegging for god helse er svært sentralt. Her har fylkeskommunen ei særleg rolle, og arbeid rundt ei samordning av barometeret og Fylkesspegelen, som Sogn og Fjordane fylkeskommune driftar, er starta.

 

 

 

 

 

 

 

 

Av Emma Bjørnsen og Anne Marte Sølsnes

 

Ny nettside knytt til Samhandlingsbarometeret

Som du ser har vi fått ei ny nettside knytt til Samhandlingsbarometeret. Her kjem du direkte inn til databasen i toppmenyen. På nettsida vil vi informere om oppdateringar og endringar i barometeret. Sida vil også fortløpande informere om relevante samhandlingstema. Vi håpar at den nye sida vil stimulere til fagutvikling og utforming av tenestene ute i kvar enkelt kommune, og at den vil vere ei hjelp til å klarare sjå kva utfordringar din kommune har. Vi håper også at studentar, forskarar og andre vil ha utbytte av sida. Sida vil bli oppdatert og utvikla undervegs etter tilbakemeldingar frå brukarane. Les meir om sida.

I løpet av hausten har vi oppdatert alt som er av data og indikatorar på Samhandlingsbarometeret. Dermed blir vi meir relevante og informative for kommunane sin bruk. Heilt sidan starten i 2011 har samarbeidspartane utvikla barometeret, og er no i ferd med å utvikle nye folkehelseindikatorar.

Vi kan blant anna bistå med analyse og svar på problemstillingar rundt indikatorar i Samhandlingsbarometeret. Vi har høgt kvalifiserte medarbeidarar på ulike fagområde. Ta kontakt og høyr kva vi kan gjere for deg!

Vi er, frå venstre på bildet: Tina Løkke Vie, Hans Johan Breidablikk, Anne Marte Sølsnes, Knut Ivar Osvoll, Emma Bjørnsen og Maria Holsen

Av Emma Bjørnsen, Anne Marte Sølsnes og Per Marifjæren

Foto: Per Marifjæren

Storbrukarar av spesialisthelsetenesta – ny indikator

 

Samhandlingsbarometeret har fått ny indikator; Storbrukar av tenestene i spesialisthelsetenesta. Indikatoren viser dei 10% av pasientane som bruker opp mot 50% av ressursane i spesialisthelsetenesta, og syner tal pasientar pr. 1000 innbyggjar. Dette gjer at kommunane er samanliknbare.

Tal på storbrukarar i dei ulike kommunane er relativt stabile. Ein kunne tenkt seg at dette skulle ha variert meir. Spesielt i dei små kommunane ville ein kunne forvente større variasjon, der få personar gjer store utslag i statistikk, men dette ser ikkje ut til å vere tilfelle. Det er derimot skilnader mellom kommunane. Det kan tyde på at kommunane har ulike måtar å handtere desse pasientane på som gjer at nokon kommunar endar opp med fleire storbrukar enn andre. Sjå storbrukarar i din kommune her.

I prosjektet «Pasientar med store og samansette behov» ønskjer ein å få meir kunnskap om «storbrukarane» i spesialisthelsetenesta. Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Flora, Eid og Førde, samt Høgskulen i Sogn og Fjordane. I prosjektet skal Helse Førde saman med fastlegane i kvar av desse kommunane velje ut nokre «casepasientar». Desse pasientane vil ein kartlegge nøye. Prosjektet vonar at gjennom meir kunnskap om kven desse pasientane er kan ein betre helsetenesttilbodet til dei, både kommunalt og i spesialisthelsetenesta. Prosjektet starta opp i august i år og er i ein tidlege fase. Les meir om prosjektet « Pasientar med store og samansette behov» her.

Av Anne Marte Sølsnes