OM SAMHANDLING SOGN OG FJORDANE

Portalen www.samhandling.no er eit resultat av arbeidet med statistikkbasen http://www.samhandlingsbarometeret.no som kommunane/KS, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde HAR samarbeid om sidan 2011.

Gjennom Samhandling.no skal vi informere om saker som vedkjem data og statistikk i barometeret og andre kjelder, og formidle informasjon om analysar, forsking og anna bruk av data.

I portalen skal kommunar og andre også finne informasjon og dokument som er nyttige i arbeidet med fag- og kunnskapsutvikling i folkehelsearbeidet, styring og samhandling mellom samarbeidspartane og kommune- og spesialisthelsetenesta.

Samhandlingsbarometeret skal bidra til innovativ bruk av styringsdata på indikatorar som samarbeidspartane finn relevante. Desse skal stimulere til refleksjon om tilvisingspraksis og likeverdige tenester, samhandlingspraksis, analyse- og forskingsarbeid. Vidare skal barometeret gje eit faktagrunnlag for planlegging, politikk- og strategiutforming, fyrst og fremst i helse- og omsorgssektoren, men også i andre sektorar knytt til førebyggande og helsefremmande arbeid.

Data som vert publisert i Samhandlingsbarometeret er henta frå ulike kjelder og vert i hovudsak oppdatert årleg. Nokre indikatorar kan oppdaterast kvart tertial dersom det er ynskjeleg og data er tilgjengeleg. For kvar indikator skal det framgå kva kjelde som er nytta og når indikatoren vert oppdatert m.m. Desse opplysningane (definisjonane) er vesentlege for å få ei korrekt tolking av statistikken. Les meir om prosjektet Samhandlingsbarometeret