Tidlegare samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, saknar Samhandlingsbarometeret

Felles styringsinformasjon for god samhandling

Eg ser til mi store glede at Samhandlingsbarometeret utviklar seg vidare, og at denne statistikken er sett inn i ein samanheng med annan relevant styringsinformasjon på nettsida samhandling-sfj.no. Denne framstår som ein ryddig, oversiktleg og nyttig nettstad.

Det er no over eitt år sidan eg avslutta mi karriere som samhandlingssjef i Helse Førde. Som leiar innan helse og omsorg i ein kommune på Austlandet har eg fått erfaring med andre helseføretaksområde. Og det kan eg seie – her saknar eg noko som liknar på Samhandlingsbarometeret.

Skal ein samle det informasjonsgrunnlaget ein treng, er ein her meir avhengig av å oppsøke fleire nasjonale nettsider og sette dette saman sjølv, eventuelt leige inn konsulent for å gjere jobben. Rett nok finst det noko relevant informasjon på helseføretaka sine nettsider, men dette er mest konsentrert om tal innleggingar og utskrivningar, liggetid på sjukehus og liggetid for utskrvningsklare pasientar. Samhandlingsbarometeret inneheld mykje meir. I tillegg er fleksibiliteten når det gjeld å framstille data heilt annleis.

Eit anna aspekt er kvalitetssikringa. Eitt døme er statistikk over tal liggedøgn for utskrivnings-klare pasienter. I tillegg til tal frå NPR, har Samhandlingsbaromteret med faktisk tal utfakturerte liggedøgn, som er dei korrekte tala. Skal eg finne tilsvarande informasjon, må eg gå gjennom alle fakuraene kommunen har motteke og rekne saman sjølv. Og då får eg ikke samanlikninga med andre kommunar …

Eg viser titt og ofte til Sogn og Fjordane, og håper at vi med tida kan få noko tilsvarande her austpå. Eg ønskjer lukke til vidare med samhandling-sfj.no og Samhandlingsbarometeret. Dette er ein god idé som det må byggast vidare på.

Helsing Vidar Roseth