NY INDIKATOR I SAMHANDLINGSBAROMETERET – BÆREKRAFTSBRØK

Endringar i befolkningssamansetning (demografi) skjer i mange land i dag. Det blir fødd stadig færre born pr. kvinne i vår del av verda, noko som fører oss mot ei stadig eldre befolkning. Med dette følgjer også endring av forholdet mellom dei som i utgangspunktet kan være yrkesaktive og dei som er over denne alderen (pensjonistar).

Ein måte å framstille dette på er å lage ein «berekraftsbrøk», der ein ser på utviklinga av tal personar i aldersgruppa 18-66 år i høve til tal over 67 år.

Samhandlingsbarometeret har no teke inn ein slik variabel.

Som figur 1 under viser, skjer det raske endringar i forholdet mellom dei i yrkesaktiv alder og pensjonistar framover. Sogn og Fjordane har allereie no klårt lågare berekraftsbrøk enn gjennomsnittet for både landet og dei to andre Vestlandsfylka. Fylket vårt har i underkant av 4 personar i yrkesaktiv alder pr. pensjonist i dag, noko som etter berekningane vil falle til 2,35 personar i yrkesaktiv alder i 2040. Dette er dramatiske endringar på kort tid, og illustrerer at mangelen på arbeidskraft truleg vil melde seg med stor styrke i dei kommande tiåra. I dette ligg også at mange i gruppa 18-66 år er i utdanning eller utanfor arbeidslivet, og gruppa born og unge skal også ivaretakast, slik at berekraftbrøken i realiteten er enno meir utfordrande enn dette bildet viser.

Fig. 1

Figur 2 under viser også at det blir forventa store skilnader mellom kommunane i Sogn og Fjordane når det gjeld berekraftbrøken. Diagrammet viser forventa kommunevis berekraftbrøk i 2040.

Fig. 2

Som det går fram av figuren er det berre ein kommune (Sogndal) som er forventa å ha ein høgare berekraftsbrøk enn gjennomsnittet i Noreg. Verst ute er dei to utkantkommunane Solund og Hyllestad med berre 1,3 -1,4 i yrkesaktiv alder pr. pensjonist.

Auka automatisering og robotisering av arbeidsoppgåver, saman med satsing på velferdsteknologi innan eldreomsorga, er moment som evt. kan avhjelpe desse utfordringane, saman med evt. auka arbeidsinnvandring. Tiltak for å hindre fråfall i skule og arbeidsliv vil også vere viktig her.