Samhandlingsnytt: Ny oppstart av Storbrukar-prosjektet

Helse Førde og Kinn kommune  skal i gang med vidareføring av Storbrukarprosjektet. Frå Helse Førde er det medisinsk sengepost og ortopedisk sengepost som er deltakande einingar. Her vil dei ta med seg i resultata vi har fått frå tidlegare prosjekt «Pasientar med store og samansette behov» og «Funksjonsvurdering på tvers». Flora kommune har prosjektleiaransvar og Helse Førde stiller med koordinator for oppfølging av arbeidet. Målgruppa for prosjektet er alle pasientar som har endra funksjonsnivå frå innlegging til utskriving
Det er ønskjeleg å gjere dette prosjektet i samband med Læringsnettverket som KS planlegg å gjennomføre i Helse Førde sitt opptaksområdet og at flest mogleg som er med i prosjektet deltek på desse samlingane.

Det er tre områder som er peika ut som aktuelle for vidare arbeid:

• Funksjonsvudering på tvers – innlegging i og utskriving frå sjukehus
• Nødvendig og tilstrekkeleg informasjon ved inn- og utskriving frå sjukehus
• Legemiddelsamstemming

I starten av januar vil prosjektet kartlegge informasjonsflyten rundt aktuelle pasientar som blir innlagt på medisinsk sengepost og ortopedisk sengepost. Både kommunen og dei deltakande sengepostane vil vere involvert i kartlegginga. Målet er å kartlegge no situasjonen rundt informasjonsflyten. Ut frå det ein finn av utfordringar vil dei utvikle tiltak som kan betre informasjonsflyten mellom spesialisthelsetenesta og kommunen.

Av Anne Marte Sølsnes