Tobakksepidemien på hell blant dei unge – ein suksess i det førebyggande folkehelsearbeidet

I seinare tid har ein i media kunne lese om at tobakksrøykinga nesten er blitt borte blant norske ungdommar, basert på resultat frå den siste UngData-undersøkinga. Ein minnast den norske røykelova sin «far», Dagfinn Høybråten, som kjempa denne gjennom i 2004, til dels mot betydeleg motstand frå ulike hald, inkludert den kjende samfunnsmedisinaren Per Fugelli.

Tobakksrøyking har kanskje vore den viktigaste negative einskildfaktoren for folkehelsa gjennom auka hjarte-karsjukdom, kreft og lungesjukdommar. I lang tid var menn overrepresentert, men etterkvart vart røykevanane også overtekne av kvinner. Røykevanar er i aukande grad knytt til sosial ulikheit i livsstil.

Arbeidet mot tobakkskader illustrerer ulike prinsipp/nivå for det førebyggande folkehelsearbeidet:

  • Tiltak på individnivå der t.d. fastlege oppmuntrar til røykeslutt hjå sine pasientar
  • Tiltak på gruppenivå som vert utført i skulane
  • Tiltak på samfunnsnivå der røykelova har vore sentral

Omfanget av daglegrøyking blant ungdom i Førde/Sogn og Fjordane er blitt følgt over lengre tid gjennom kartleggingar i skulane.
Dersom vi lagar ei oversikt over utviklinga får vi fram følgjande figur:

Det har vore ein markert nedgang i daglegrøyking blant både gutar og jenter i heile perioden, og særleg har denne vore bratt frå starten av 2000-talet. I 2017 er det svært få som er daglerøykarar i vidaregåande skule, men gutar ligg no klart over jentene.

Figuren viser resultat frå dei ulike vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane i 2017 (UngData)

Det er noko skilnader mellom dei ulike skulestadane der Årdal, Vågsøy og Høyanger ligg høgst. Dersom vi også tek med gruppa som oppgjev sporadisk røyking kjem ein her opp i nærare 30%. Det er difor neppe grunn til å slakke av på det førebyggande arbeidet mot tobakksrøyking.

Av Hans Johan Breidablik