Arkiv

Nye KOSTRA tall er publisert!

Samhandlingsbarometeret har nå oppdatert dei indikatorar, innan området Kommunehelsetenesta, som er basert på KOSTRA tal. Du finn følgjande oppdaterte indikatorar i Samhandlingsbarometeret. Andel plasser – i enerom i pleie- og omsorgsinstitusjoner – i institusjon og heldøgnsbemannet bolig i prosent av befolkningen 80+ – avsatt til rehabilitering/habilitering – i skjermet enhet for personer med demens – […]

Regionale dagsamlingar om samhandlingsavvik

Tirsdag 14.mars blei årets første regionale dagsamling knytt til samhandlingsavvik arrangert i Nordfjord. Omlag 25 deltakarar var møtt fram i Storstova på Nordfjord psykiatrisenter. Heile seks kommunar var representert, i tillegg til fleire tilsette frå både Psykisk Helsevern og somatisk del i Helse Førde HF. Dei frammøtte var samde om at det er nyttig å […]

Samhandlingsnytt- mars 2017

Samhandlingskonferansen i Sogn og Fjordane Torsdag 20. & fredag 21. april på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde Samhandlingskonferansen er eit årleg fellesarrangement mellom fleire viktige samfunnsaktørar i fylket. Helse Førde HF, KS Sogn og Fjordane, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Det felles brukarutvalet i fylket og Høgskulen på Vestlandet er arrangørar. På Samhandlingskonferansen freistar ein på […]

Samhandlingskonferansen 2017: Saman er vi dynamitt!

Vi inviterer til Samhandlingskonferansen 2017: «Saman er vi dynamitt!» oppgåveløysing gjennom leiing, innovasjon og velferdsteknologi Scandic Sunnfjord Hotel og Spa 20.-21. april 2017 Konferansen har som mål å bidra til god kultur for samhandling på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, gi kunnskap gjennom gode innlegg og drøftingar, synleggjere døme på innovative satsingar, god praksis og […]

Markerte skilnader i dødelegheit av hjarte- karsjukdom i Sogn og Fjordane

I 1910 var forventa levealder i Noreg 56,4 år for menn og 59,3 år for kvinner. I dag kan menn forvente å leve 77,7 år og kvinner 82,5 år. Dødelegheit blir ofte målt som døde pr. 100 000 i ein tidsperiode. Denne vert ofte målt samla for alle dødsårsaker, og i tillegg for ulike sentrale […]

Samarbeid om folkehelse i Sogn og Fjordane

Folkehelsefeltet spenner frå primærførebygging til tertiærførebygging, og har med det eit bredt lovgrunnlag og mange aktørar. Alle har eit ansvar for å implementere folkehelsearbeid i sine ansvarsområde. Det er viktig at aktørane ikkje jobbar kvar for seg, men samordnar/samarbeider om folkehelse på tvers av nivå, sektorar og fagleg ståstad. Koordineringsrådet (det øvste administrative samhandlingsorganet mellom […]

Reinnleggingar og medisinske akuttinnleggingar – oppdaterte data i Samhandlingsbarometeret

Det er stor interesse for, og diskusjon omkring, reinnleggingar på sjukehus. Denne heng også saman med problematikken omkring korte liggetider og tidleg utskriving frå spesialisthelsetenesta til vidare behandling i kommunehelsetenesta. Det vert hevda at tidleg utskriving av pasientar med samansette sjukdomsbilde kan føre til at dei blir innlagde på nytt etter kort tid, noko som […]