Arkiv

Erfaringskonferansen

Etter suksessen for to år sidan, inviterte KS og Helse Førde HF onsdag 2. og fredag 3. februar til ny erfaringskonferanse. Dette var den tredje i rekka ! Med nær 140 engasjerte deltakarar frå 23 av kommunane i fylket, mange frå spesialisthelsetenesta, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Fylkesmannen, NAV og brukarrepresentantar, så må ein kunne seie […]

FRISK – Folkehelsekartlegging mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane

Ei samling av fagfolk og forskarar frå Vestlandet med tyngde i Sogn og Fjordane har starta arbeidet med å planlegge ei helseundersøking for alle vaksne innbyggjarar i fylket. Prosjektet har fått namnet FRISK Sogn og Fjordane. Årsaka til at vi treng ei slik kartlegging er at vi veit svært lite om den faktiske helsetilstanden til […]

Samhandlingsbarometeret – dataverktøy med mange føremål

Eit innovativt prosjekt i Sogn og Fjordane som no breier seg til andre delar av landet. Då samhandlingsreforma var på veg i 2011, såg Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane behov for ein nettstad som samla data av felles interesse når dei ulike nivåa i kommune- og spesialisthelsetenesta skulle samhandle. Slik kunne samhandlingspartane […]

Avvik og uønska hendingar relatert til samhandling – ny rapport

Kommunikasjonen mellom AMK og kommunal lege synest ikkje lenger å vere den same utfordringa som det var i 2014 og delar av 2015, her er det no få avviksmeldingar. Dette skuldast innskjerping av krav og rutinar og innføring av naudnettet. Dette er ei vesentleg årsak til at andelen meldingar knytt til innlegging er redusert.

Nytt Helseatlas om nyføddmedisin lansert rett før jul

Den nasjonale ordninga med Helseatlas vert drive av Helse Nord og Helse Vest etter bestilling frå Helse- og omsorgsdept. I Helse Nord vert dette drive av Senter for Klinisk Dokumentasjon og Evaluering (SKDE), medan Helse Førde utfører denne funksjonen på vegne av Helse Vest. Helseatlasmiljøet i Helse Førde samhandlar i stor grad med miljøet knytt […]

ERFARINGSKONFERANSEN 2017

Velkommen til erfaringskonferanse 2.-3.februar! For å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt, inviterer ein til ny erfaringskonferanse etter suksessen for to år sidan! Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og vere relatert til vekslinga mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Ein vil freiste å sjå nærare på korleis gjeldande samarbeidsavtalar og rutinar fungerer i […]

Elektronisk meldingsutveksling

Frå 2016 skal alle legekontor og vaktsentralar i Norge sende tilvisingane elektronisk og ikkje pr. post. Unntak elektronisk meldingsutveksling i Sogn og Fjordane er: tilvisingar til PBU, purring på tilvisingar/tilleggsinformasjon, og rekvisisjonar til radiologi og laboratoria (førebels). Helse Førde HF samarbeider med legekontor og legevaktsentralar i Sogn og Fjordane om elektronisk meldingsutveksling, dvs. at tilvisingar og […]