Arkiv

Erfaringskonferansen 2024 – psykisk helse og rusarbeid

og 13. juni 2024 vert det arrangert erfaringskonferanse innanfor psykisk helse og rusarbeid av Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane på Thon Jølster hotell på Skei. Her er det mogleg å drøfte tilgjengeleg styringsinformasjon, erfaringar og forbetringspunkt i samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Innhaldet på konferansen vil vere tett knytt til praksis, og […]

Skrøpelege eldre (sårbare/fragile) og komplekse multisjuke i Helse Førde sine opptakskommunar – reelle skilnader eller ulik kodepraksis/aldersprofil? Er det samanheng med omfanget av komplekse multisjuke?

To av dei 4 prioriterte pasientgruppene for Helsefellesskapa er a) skrøpelege eldre og b) personar med fleire kroniske sjukdommar. Begge gruppene vil vere mellom dei som mottek mykje tenester frå kommunar og spesialisthelsetenesta. Den første gruppa er basert på funksjonsvurdering ved hjelp av IPLOS-skjema som er obligatorisk å utføre for kommunane 2 gonger i året […]

Prosentdel av befolkninga utan fast lege i Helse Førde sitt opptaksområde i 2023

Fastlegeordninga i Norge vart innført i 2001, og skulle sikre kontinuitet og stabilitet i forholdet mellom pasient og fastlege. Fastlegen skulle også vere den felles inngangsporten til spesialisthelsetenesta («portvaktarfunksjon»), gjennom at tilvisingar dit skjer gjennom fastlegen. Fastlegeordninga har imidlertid kome under press dei seinare åra, og arbeidsmengdene har auka, kanskje særleg etter innføringa av Samhandlingsreforma. […]

Ny leiar for Samhandlingsbarometeret

Jagrati Jani-Bølstad er  tilsett som ny leiar for  Samhandlingsbarometeret. Ho erstattar Emma Bjørnsen som har vore leiar frå 2016. Jagrati Jani-Bølstad har ein doktorgrad fra Universitetet i Oslo (UiO) (2009), innan epidemiologi (befolkningshelse) og barnehelse. Ho har også ein mastergrad i Internasjonal Helse. Ho har drive forsking  med  fokus på helsesystem og helse-informasjonssystem både i […]

Samfunnsmedisin i praksis på kommunenivå – Artikkel i Utposten desember 2023 basert på data frå Samhandlingsbarometeret

Utposten er eit norsk fagtidsskrift for allmennlegar og samfunnsmedisinarar. Den sentrale personen i tidsskriftet var Olav Rutle frå Fjærland. Tilsette i Samhandlingsbarometeret har skrive og fått publisert ein artikkel knytt til  samfunnsmedisinske problemstillingar på lokalplan. Vi har teke utgangspunktet i dødelegheit (tidleg død) i dei to nabokommunane Aurland og Vik på sørsida av Sognefjorden. Trass […]

Samhandlingsnytt Desember

Her kan du lese Samhandlingsnytt for desember; Samhandlingsnytt desember 2023

RAPPORT TIL BRUK I HELSEFELLESSKAPET SOGN OG FJORDANE

Samhandlingsbarometeret har hausten 2023 utarbeidd ein rapport på bestilling frå Helse Førde ved utviklingsdirektør og samhandlingssjef. Rapporten presenterer status og utviklingstrekk for sentrale statistikkvariablar i dei seinare åra for Sogn og Fjordane helsefellesskap. Data er basert på tilgjengeleg statistikk i Samhandlingsbarometeret på data frå NPR (Norsk Pasientregister), KPR (Kommunalt Pasient- og brukerregister), FHI (Folkehelseinstituttet), SSB […]