Skrøpelege eldre (sårbare/fragile) og komplekse multisjuke i Helse Førde sine opptakskommunar – reelle skilnader eller ulik kodepraksis/aldersprofil? Er det samanheng med omfanget av komplekse multisjuke?

To av dei 4 prioriterte pasientgruppene for Helsefellesskapa er a) skrøpelege eldre og b) personar med fleire kroniske sjukdommar. Begge gruppene vil vere mellom dei som mottek mykje tenester frå kommunar og spesialisthelsetenesta.

Den første gruppa er basert på funksjonsvurdering ved hjelp av IPLOS-skjema som er obligatorisk å utføre for kommunane 2 gonger i året for dei som får kommunale helse-omsorgstenester (sjukeheim og åpen omsorg). Ulike personar i kommunane har fått opplæring og utfører denne kartlegginga. I Samhandlingsbarometeret er personar 75 år og over med noko grad av skrøpelegheit og med mykje skrøpelegheit (pr. 1000 i aldersgruppa) lagde inn.

Nasjonalt finn vi 14,3% av mykje skrøpelege, og 18,2% som er noko skrøpelege, medan Helse Førde sine opptakskommunar litt noko høgre med 16,2% og 20,6%.

Figur 1 Fordeling av dei mest skrøpelege (sortert) og dei noko skrøpelege. Vi ser at det er ein variasjon mellom 12% og 20% for dei første og 13% til 25% for den andre. Dette er relativt moderate skilnader, og spørsmålet er om dette då skuldast reelle skilnader i omfanget av skrøpelegheit i befolkninga eller det kan reflektere ein variasjon i kodepraksis mellom kommunane.

Dersom vi ser på gruppa som er noko skrøpelege i tillegg, så skulle vi kanskje tru at der det var færre i den mest skrøpelege gruppa så skulle vi då finne fleire i gruppa med mindre skrøpelege slik at summen vart meir lik, men her er det ikkje noko grad av korrelasjon.

Gruppa med fleire kroniske sjukdommar (multisjuke) er basert på kroniske sjukdomsdiagnosar frå ulike organsystem og alle desse har fått diagnosane stilte i spesialisthelsetenesta. Gruppa med 3 eller fleire kroniske sjukdommar i 3 eller fleire ulike organsystem, og som også har fått behandling for desse siste året er presenterte som kompleks multisjukdom i Samhandlingsbarometeret.

I andre samanhengar har ein funne rundt 25% overlapping mellom desse og skrøpelegheitsgruppa.

 

Figur 2. Kompleks multimorbiditet og skrøpelegheit i kommunane i Helse Førde sine opptakskommunar. Vi ser at dette omfattar 2,6% nasjonalt og berre litt meir 2,7% i Helse Førde sine opptakskommunar samla sett.

Andelane varierar mellom 2,2% og 4,0% (nabokommunane Aurland og Lærdal). Igjen er det spørsmål om det er skilnader i sjukelegheit i befolkninga, eller bruk av spesialisthelsetenesta som lagar skilnadane. Det er liten grad av korrelasjon mellom andelane av multisjuke og skrøpelege.

Vi har sett over at andelane med skrøpelege eldre ligg litt over (rundt 2%) landsgjennomsnittet.

Eit spørsmål i denne samanheng er om det kan ha med alderssamansetninga i Helse Førde-kommunane som generelt er noko høgare (gjennomsnittsalder).

 

Figur 3. Gjennomsnittsalder og skrøpelegheit i Helse Førde sine opptakskommunar.

Det er ikkje noko mønster mellom aukande gjennomsnittsalder i kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde, og andelar av skrøpelege i dei. Tvert i mot så finn vi ein omvendt (negativ) korrelasjonsfaktor på 0,3.

 Konklusjonar:

-Det er berre moderate skilnader mellom andelane av skrøpelege eldre i kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde, og det er noko høgare enn landsgjennomsnittet.

-For kompleks multisjukdom gjeld det same, og her er ein omtrent på landsgjennomsnittet.

-Det er ikkje slik at aukande gjennomsnittsalder i kommunane heng saman med aukande andelar av eldre skrøpelege, dette er noko overraskande.

-Det er vanskeleg å konkludere med om det er reelle skilnader i sjukelegheit mellom kommunane eller ulik kodepraksis.

-At skilnadane er moderate tyder på at kodepraksisen heller ikkje kan være mykje ulik i kommunane.