KAN OPPLEVING AV EIGA HELSE I UNGDOMSTIDA VERE EIN INDIKATOR FOR MULTISJUKDOM I VAKSENALDEREN?

Denne problemstillinga vert belyst gjennom ein vitskapeleg publikasjon i tidsskriftet SSM – Population Health som nyleg kom ut, og to av forfattarane er tilknytt miljøet ved Samhandlingsbarometeret.

Arbeidet nyttar materiale frå helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) der ein følgjer same personar gjennom livet via gjentakande kartleggingar. Data frå desse undersøkingane, frå rundt 9000 ungdommar (10-19 år) i 1995/97, vart kopla saman med seinare konsultasjonsregister for fastlegar (KUHR-databasen) i perioden 2006-14, altså fastlegekonsultasjonar 10-19 år seinare i livet.

Dei mange ulike diagnosane frå desse konsultasjonane vart så grupperte saman til fem grupper: a) lite plager («friske») 35%, b) generelle plager og infeksjonar 26%, c) muskel-skjelettplager 21%, d) mentale plager 6% og e) multisjukdom 13%.

Det viser seg då å vere ein klar samanheng mellom eigenopplevd helse i ungdomstida og tendensen til å hamne i multisjukdomsgruppa seinare i livet. Særleg var dette tydeleg for gruppa som opplevde eiga helse som ikkje god i ungdomstida, som samanlikna med dei som rapporterte veldig god helse, hadde tre gangar så stor risiko for å hamne i gruppa kalla multisjukdom. I tillegg viser figuren under at dei som opplevde helsa si som veldig god hadde mykje større sannsynlegheit for å hamne i gruppa som omfattar dei som i vaksenalder opplever lite plager/friske (Healthy).

Fig. 1 Sannsynlegheita for å høyre til i ein av dei fem klassane basert på opplevd/rapportert helse i ungdomstida

Dette er i tråd med tidlegare forsking som har vist at eigenopplevd/subjektiv helse tidleg i livet har stor betydning for korleis den reelle/objektive helsetilstanden blir seinare i livet, også tidleg død.

Kroniske sjukdommar aukar og mange pasientar får fleire ulike sjukdommar utover i livet. Gruppa med multisjukdom representerer i dag store utfordringar for helse- og omsorgstenesta.

Resultata frå denne studien kan bety at dersom vi finn effektive metodar for å påverke den subjektive opplevinga av helse i ungdomstida, så kan det tenkast å gje mindre kronisk sjukdom seinare i livet. Subjektiv helseoppleving kan altså sjåast på som ein av fleire andre risikofaktorar som t.d. fysisk aktivitet og røyking, og ein bør kanskje notere denne rutinemessig i pasientjournalane.

Forskarane gir her eit viktig bidrag til faktagrunnlaget og kunnskapen rundt førebygging og tidleg intervensjon.

Les  artikkelen i fullteks her; https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S235282732030241X?via%3Dihub