Samhandlingsbarometeret og Samfunnsmedisin

Ein av nestorane innan norsk samfunnsmedisin, Magne Nylenna, har nyleg kome med ei bok med tittelen Samfunnsmedisin på norsk.

Kva forstår vi med samfunnsmedisin?
Samfunnsmedisin er ein av spesialitetane innan medisinen, og har slik sett sitt spesifikke utdanningsløp. Faget skal beskrive og analysere interaksjonar mellom menneske og omgjevnader. Det handlar om samanhengar, system, utviklingstrekk og helsemessige konsekvensar av desse. Måla er både å styrke helsa og å hindre uhelse i befolkninga gjennom organisering, prioritering og kunnskapsformidling.
Dei fleste medisinske spesialitetane rettar seg inn mot behandling av einskildpasientar innafor eit stort spekter av fagområde og sjukdommar. Samfunnsmedisinen har ikkje dette individretta perspektivet.
To særskilde perspektiv karakteriserar faget:
1. Samfunnsmedisinen er i stor grad retta inn mot grupper eller heile befolkninga (gruppeorienteringa). Gruppene kan vere av svært ulike størrelsar som t.d. innanfor skular, nabolag, fritidsaktivitetar, arbeidsplassar, aldersgrupper, kommunar, regionar, heile nasjonen eller også globalt. Samanlikningar mellom gruppene er sentrale element i faget.

2. Tidsdimensjonen er sentralt i faget. Andre delar av medisinen handlar mykje om konkrete sjukdomsforløp og påverknaden på desse. Samfunnsmedisinen skal sjå meir på dei lange linjene både bakover og framover, på samanhengen (konteksten) mellom helse og samfunnet i stort. Rådande haldningar og verdiar i samfunnet vil difor også spele inn i større grad enn når det gjeld den vanlege kliniske medisinen.
Sentralt i faget er også utviklinga av såkalla «samsjukdomar», der mange helseproblem handlar om forholdet menneske i mellom og i samfunnet. Problematikk rundt livsstil, subjektiv opplevelse, meistring og velbefinnande (livskvalitet) er typisk.

Samfunnsmedisin og Samhandlingsbarometeret
Mykje av verksemda i Samhandlingsbarometeret er basert på liknande perspektiv som Samfunnsmedisinen. Det skal vere ein open kunnskapsbank med data knytt til befolkning, helsetenester, samhandling og folkehelse, og med inndeling på aldersgrupper, kommunenivå, regionnivå og landsnivå for dei fleste variablane.
Perspektivet er også ofte meir langsiktig enn den løpande styringsinformasjonen som dei som driv tenestene også har bruk for. Barometeret vil difor vere særleg egna for dei som driv med planlegging og utvikling av tenestene, folkehelsearbeid og for dei som vil drive forsking på desse områda. Kommunelegar og andre som driv med samfunnsmedisinske/ folkehelserelaterte oppgåver vil truleg også kunne finne svar på ein del av sine spørsmål her.
God samhandling blir stadig viktigare for velfungerande tenester både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Samhandlingsbarometeret tek sikte på å vere ein sentral instans for å plukke ut og presentere relevante data som kunnskapsgrunnlag for styring og utvikling innan samhandling i Helse Vest sitt opptaksområde.