Folkehelseundersøking blant vaksne i Hordaland

I regi av Folkehelseinstituttet (FHI) i 2015 starta pilotar for ei nasjonal og felles kartlegging av folkehelsa blant vaksne i Agder-fylka og Vestfold. Kartlegginga er basert på eit spørjeskjema med 34 ulike variabelområde, som kan supplerast med ekstraspørsmål frå ein databank om det er ønskjeleg lokalt.
Hordaland gjennomførte som 4. fylke kartlegginga i 2018. I ein ny rapport har Hordaland fylkeskommune presentert framgangsmåten og utvalde resultat. Sogn og Fjordane fylkeskommune har nyleg vedteke at same undersøking skal utførast her i fylket denne våren.

Kunnskapsgrunnlag i folkehelsearbeidet
Det er eit klart mål at folkehelsearbeidet skal baserast på eit ferskast mogeleg og lokalt kunnskapsgrunnlag. Som del av folkehelselova fekk ein i Noreg ei eiga forskrift om oversikt over folkehelsa, gjeldande frå 2012.

Kartleggingar relatert til folkehelse har vore gjort mellom barn og unge i skulane over lengre tid (t.d. UngData, Hemil), og har bidrege til mykje kunnskap lokalt om den yngre delen av befolkninga. Men når det gjeld vaksenlivet etter skuleslutt er slike kartleggingar langt meir krevjande, og er blitt gjennomført få stader. Mest kjende er kanskje Helsekartleggingane i Nord-Trøndelag (HUNT) og Tromsø-undersøkelsen.

Målet med kartleggingar er å skaffe informasjon som skal nyttast som grunnlag for fylka og kommunane sitt folkehelsearbeid. Kommunane har ei viktig lovpålagt rolle i det helsefremmande og førebyggande arbeidet, og har stor grad av sjølvstende i valet av korleis dei vil organisere arbeidet.

Det er krevjande for mindre kommunar å organisere og vurdere data på eiga hand, og dersom ein skal kunne gjere samanlikningar vil det krevje standardisering av kartleggingane.
Deltaking og resultat
Innsamling av data og sikring av høg nok deltaking er sentrale utfordringar. Medan det i skulesamanheng ofte er mogeleg å oppnå mellom 80 og 90% deltaking, er det sjeldan mogeleg å nå over 50% i vaksenbefolkninga.

I Hordaland greidde ein nå i overkant av 40%, noko som er akseptabelt, sjølv om det betyr at ein ikkje har fått med 6 av 10 innbyggjarar. Fleire elektroniske metodar vart nytta. Utvalet vart trekt ut frå Folkeregisteret og gjennomført via Tjenester for sensitive data (TSD) ved Universitetet i Oslo. Til saman 16 142 svar vart nytta i rapporten som Hordaland fylkeskommune har publisert.

I rapporten har ein presentert resultata fordelt på 6 ulike regionar i Hordaland, altså fleire kommunar samla, og for dei 8 bydelane i Bergen separat. Snittalderen var 48 år og litt fleire kvinner enn menn var med. I rapporten har ein presentert resultata fordelt på kjønn, alder og utdanning.

Dersom vi ser på sjølvrapportert helse som eksempel (svært god + god, samla sett 76%) finn vi følgjande:

a) Regionvis fordeling:

Fig 1: Andel med god helse på tvers av regioner i Hordaland

Her ser vi at Bergen kjem best ut og nabokommunane i vest dårlegast, men skilnadane er ikkje markerte geografisk sett.

b) Fordeling etter kjønn og alder

Fig 2: Andel med god helse fordelt på kjønn og alder i Hordaland

Figuren viser ein viss nedgang i den sjølvopplevde helsa etter 50-årsalder, men heller ikkje denne trenden er markant.

c) Fordeling etter utdanning

Fig. 3 Andel med god helse fordelt på kjønn og utdanningsnivå i Hordaland


Her ser vi eit markert mønster der den opplevde helsa er klart betre jo lengre utdanning ein har. Utdanningsnivået ser difor ut til å påverke den opplevde helsa meir enn både bu-område, kjønn og alder. Dette er i tråd med data på nasjonalt nivå, samt forsking som viser at det er store sosioøkonomiske helseskilnader i Noreg.

Kommunenivå
Dersom ein skal sjå på resultata for einskildkommunar vil ein truleg sjå større geografiske skilnader, men samstundes vil tala for mange av kommunane verte små og sårbare for tilfeldig (statistisk) variasjon. Men sidan kommunane har eit lovpålagt ansvar for folkehelsearbeid vil truleg kvar enkelt kommune vere interessert i sine resultat.

 

Av Hans Johan Breidablik