Pasientreiser – to nye variablar i Samhandlingsbarometeret

Etter ønskje frå brukargrupper av Samhandlingsbarometeret har vi tatt inn statistikk knytt til pasienttransport med drosje. Dette gjeld både reiser internt i kommunane og reiser til/frå spesialisthelsetenesta. Samla sett representerer desse reisene store kostnader. Alle kostandane vert dekka av spesialisthelsetenesta, også transportar internt i kommunane sjølve. Samstundes er slike reiser ei viktig inntektskjelde for drosjenæringa, og kan være med på å oppretthalde drosjetilbodet i mindre utkantkommunar. Datamaterialet har Barometeret fått gjennom eit samarbeid med Pasientreiser Helse Førde.

Mykje pasienttransport føregår også gjennom andre former som bruk av eigen bil eller offentlege transportmiddel. I nokre kommunar har Pasientreiser heller ikkje avtalar med drosjenæringa lokalt. I tillegg kjem ambulansetransport med dei sjukaste pasientane som må transporterast liggande og med følgje av fagpersonell. Desse reisene er ikkje med i talmaterialet her.

1. Pasienttransport internt i kommunane
Dette handlar i hovudsak om rekvirerte drosjetransportar til/frå fastlegar og fysioterapeutar.

Figur 1: Interne drosjereiser til/ frå kommunelegar i kommunane i Sogn og Fjordane i 2018

Det er ein klar variasjon mellom kommunane der Førde ligg lågast med 52 drosjeturar, medan Bremanger tilsvarande har 579 turar pr. 1000 innbyggar (Aurland har ikkje avtale med drosjene og har difor registrert 0 turar).

Figur 2: Interne drosjereiser til/frå fysioterapeutar i kommunane i 2018

Omfanget av drosjereiser til/frå fysioterapeutar er høgare enn for legebesøk, og også her ser vi ein stor variasjon frå Balestrand med 84 slike turar, medan Askvoll, Bremanger og Vågsøy har nesten like mange turar som det er innbyggarar i kommunen.

2. Pasienttransport mellom kommunar og ulike sjukehus i 2018

Ein stor prosentandel av drosjetransportane frå dei ulike kommunane går til næraste lokalsjukehus/sentralsjukehus i Helse Førde. Vi ser at kommunar i Indre Sogn sender mange til Lærdal sjukehus, og tilsvarande for Nordfjordkommunane til Nordfjord sjukehus. Frå Vik kommune går mange turar til Voss sjukehus og tilsvarande går mange turar frå Gulen til Haukeland Universitetssjukehus. Turar frå Nordfjordkommunar til og frå Helse Sunnmøre inngår ikkje i datamaterialet.
Enkeltpasientar, med t.d. dialysebehandling, kan påverke reiseomfanget

Konklusjon:
Det er betydelege skilnader mellom kommunane i høve til rekvirering av drosjetransportar til og frå legar og fysioterapeutar i kommunen. Når det gjeld drosjetransportar til/frå sjukehus går desse oftast frå/til næraste sjukehus. Alle har turar til og frå Haukeland Universitetssjukehus i varierande omfang. Berre Vik, og til ein viss grad Aurland, har turar til Voss sjukehus.