Luster kommune mot straumen

Ei av målsetjingane i Samhandlingsreforma er at kommunane skal overta meir av pasientbehandlinga. Dette også for å avlaste spesialisthelsetenesta. Eit middel for å nå dette målet er dei såkalla kommunale akutte døgnavdelingane (KAD), også kalla øyeblikkeleg hjelp døgn (ØHD). KAD-sengene er særleg tenkt å kunne redusere innleggingar på indremedisinske avdelingar, som har mange pasientar med kroniske lidingar.

Luster kommune var tidleg ute med ei slik eining, og har også nytta denne bra etter intensjonen. Det er difor av interesse å sjå på utviklinga over tid når det gjeld innleggingar på medisinske avdelingar frå Luster kommune, samanlikna med gjennomsnittet for Sogn og Fjordane.

Tal frå Samhandlingsbarometeret gjev følgjande mønster for pasientar frå Luster som er innlagde enten i Helse Førde, Helse Bergen eller Haraldsplass:

Utviklinga frå 2009 til 2016 viser at Luster samla sett (stipla trendlinje) har hatt ein klar nedgang i innleggingar pr. 1000 innbyggarar. For Sogn og Fjordane som heilheit har det imidlertid vore ein oppgang (heil trendlinje).

Vi har spurt helsesjef Knut Cotta Schønberg i Luster kva forklaring som kan ligge bak denne annleis og positive utviklinga for kommunen. Han svarar slik på dette:

«Luster kommune etablerte i 2012 ein korttidsavdeling ved Gaupne omsorgssenter. Frå 1/12 same år 2 ØHD plassar. Avdelinga blei fort teken aktivt i bruk. Det blei gjort eit grundig arbeide for å gjere befolkninga trygg på tilbodet samt aktivt arbeide inn mot legane. Vi ser at frå vi fekk avdelinga i bruk, så har bruken av plassar i medisinsk avdeling falle. Det verkar å ha stabilisert seg på eit lågt nivå. Ein kan kanskje sei at vi oppfyller Samhandlingsreforma si intensjon om 10 % reduksjon».

 

Av Hans Johan Breidablik