KOSTRA-oppdatering i Samhandlingsbarometeret

Andelar over 80 år med institusjonsplass eller heimesjukepleie

KOSTRA-rapporteringa frå kommunane er no oppdatert for heile 2019, og 18 utvalde indikatorar ligg inne i Samhandlingsbarometeret. Også dei tilhøyrande kostragruppene for kommunane er no med (desse gruppene går frå 1 til 16, og er basert på faktorane folkemengde, bundne kostnader og frie disponible inntekter pr. innbyggar). Kommunane vil gjennom Kostratal kunne samanlikne seg med andre kommunar, og ofte vil dei då sjå på andre kommunar som er i same kostragruppe som dei sjølve.

Den demografiske utviklinga går mot stadig fleire eldre i kommunane, og ei nøkkelgruppe i dette er dei som er 80 år og over, då desse vil ha det klart største behovet for både helse- og omsorgstenester.

Mindre utkantkommunar vil ofte ha dei høgaste prosentvise andelane av eldre over 80 år, medan dei yngre aldersgruppene i større grad har flytta inn til meir sentrale strok. Men også i bystrok vil talet på eldre auke klart framover.

Tenestetilbodet til eldre vert i hovudsak delt i tenester for heimebuande («heimesjukepleie»), og kommunale institusjonsplassar (sjuke- og aldersheimar der avlastningsopphald er ekskludert). Bebuarar i omsorgsbustader inngår i tenester for heimebuande.

Dersom vi ser på kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde (tidlegare Sogn og Fjordane fylke) får vi følgjande fordeling av dei to typane av tenester:

 

 

Diagrammet viser prosentandelane hjå personar over 80 år som får heimetenester og tilsvarande for sjukeheimsbebuarar. Kommunar i kostragruppe 2 er markerte med *K2.

Gjennomsnittleg mottek omkring kvar 3. person (30%) over 80 år heimetenester i Noreg. I Helse Førde sine opptakskommunar ligg dei fleste over dette, og med Jølster på topp der nærare halvparten får slike tenester. Vi ser også at dei seks kommunane i kortragruppe 2 ligg både i øvre og nedre del av denne skalaen. Organiseringa av tenestene ser difor ikkje ut til å vere avhengig av kommunestørrelse.

I overkant av 12% av befolkninga over 80 år har fast institusjonsplass (sjuke-/aldersheim) i Noreg. Tidlegare Jølster kommune utmerkar seg ved å ikkje ha nokon slike, og det varierar altså frå 0 til 27% i Hornindal i 2019.

Det er klar tendens til at dei kommunane som har høg dekning av heimetenester har lågare dekning av sjukeheimstenester (korrelasjonfaktor er -0,7).

Generelt har opptakskommunane til Helse Førde høge og varierande dekningsgrader av tenester til dei over 80 år. I fleire av kommunane har over halvparten av desse tildelt omsorgstenester av noko slag, med Balestrand på topp.