Oppdaterte tal for reinnlegging i Samhandlingsbarometeret

Reinnlegging er ein akuttinnlegging, uavhengig av årsak og aktuelle sjukehus, og som skjer mellom åtte timar og 30 dagar etter utskrivning fra eit forutgåande sjukehusopphald.

Indikatoren vert berekna for pasientar som er 67 år og eldre med primærinnleggelse i ein av elleve diagnosegrupper: astma/kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols), hjertesvikt, lungebetennelse, hjerneslag, brudd, dehydrering, forstoppelse, gastroenteritt, urinveisinfeksjon, mangelanemier og gikt

Andel av pasientar som blir innlagt akutt på nytt innan 30 dagar er eit sentralt parameter knytt til samhandling. Slik innlegging kan sjølvsagt være klart indisert og nye sjukdomstilfelle kan skje i desse 30 dagane som pasienten treng spesialistbehandling for.

Men det kan også bety at kommunehelsetenesta ikkje ser seg i stand til å ta seg av oppfølging og rehabilitering av pasienten etter utskriving, og at det endar opp med ei ny innlegging for same tilstand. Alternativt kan det vere andre tilstandar som kanskje kunne vore behandla medan pasienten var inneliggande første dagen.

Hyppige reinnleggingar er ei belastning for pasienten, særleg for gamle og skrøpelege, men også for ressursbruken i spesialisthelsetenesta inklusive ambulanse/transporttenester.

Figur 1. Utvikling over tid for reinnleggingar pr. 1000 innbyggarar nasjonalt og for dei 4 føretaka i Helse Vest, alle aldersgrupper (Haraldsplass Diakonale Sykehus er inkludert i Helse Bergen).

*Obs. 2020 inneheld berre data for første tertial. Y-aksen startar ved 15%.

Nasjonalt (Noreg) har som vi ser ein stabil andel på nærare 19 pr. 1000 innb. av reinnleggingar innan 30 dagar i perioden frå 2015 til 2019. Det kan sjå ut som ein lett nedgang i 2020, men dette omfattar berre første 1/3 av året og fell også delvis saman med perioden med koronapandemien.

Helse Stavanger har heile tida lege under landsgjennomsnittet, medan dei tre andre føretaka ligg over dette, og Helse Fonna har hatt mest reinnleggingar. Det kan sjå ut som skilnaden mellom Fonna, Bergen og Førde kan vere på veg til å bli mindre over tid.

Fig 2 Tilsvarande for gruppa av eldre (70 år og over) for føretaksområda i Helse Vest

Her er det ein avtakande tendens over tid både nasjonalt og for dei 4 føretaka i Helse Vest. Mest markert er nedgangen i første tertial 2020 som ein altså må tolke med varsemd. Helse Bergen ligg her på topp.

Fig. 3 Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper. Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt. Solund kommune er ikkje med grunna små tal.

a) Helse Førde sitt opptaksområde

 

Vi ser at denne raten varierer med ein faktor på 2,5 frå lågast til høgast. Ein kan legge merke til at dei to mindre nabokommunane Lærdal og Aurland ligg i kvar sin ende av skalaen. Dette skulle tyde mot at lokale faktorar utanom sjukelegheita hjå pasientane er med og bestemme omfanget. Dette kan t.d. handle om ressursar, kompetanse og haldningar både i kommunehelsetenesta og omsorgstenesta. Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

b) Helse Bergen/HDS sitt opptaksområde

Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper.  Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt.  Kommunane Ulvik, Modalen og Fedje manglar data og er ikkje med.

Vi finn ein variasjonsfaktor i overkant av 2 mellom Samnanger som ligg lågast (80 pr. 1000 døgnopphald) og Austrheim som ligg høgast (167 pr. 1000 døgnopphald). Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

c) Helse Fonna sitt opptaksområde

Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper. Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt.  Utsira kommune manglar data og er ikkje med.

Vi finn ein variasjonsfaktor på 2,3 mellom Vindafjord som ligg lågast (66 pr. 1000 døgnopphald) og Sauda som ligg høgast (151 pr. 1000 døgnopphald). Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.

 d) Helse Stavanger sitt opptaksområde

Fordeling av andel reinnleggingar for dei ulike kommunane i opptaksområda i 1. tertial 2020 for alle aldersgrupper. Obs. at dette er rate av reinnleggingar pr. 1000 døgnopphald (innleggingar). Landsgjennomsnitt og gjennomsnitt for Helse Vest markert med rødt.

Vi finn ein variasjonsfaktor på i overkant av 2 mellom Bjerkreim som ligg lågast (81 pr. 1000 døgnopphald) og Sokndal som ligg høgast (166 pr. 1000 døgnopphald). Det er også viktig at det kan vere eit betydeleg innslag av tilfeldig variasjon knytt til få pasientar i tidsrommet.