Prioritering i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i den offentlege tannhelsetenesta

Beslutningstakarar i helse- og omsorgssektoren må ofte ta vanskelege avgjerder i kvardagen som handlar om å prioritere mellom ulike tenesteområde, brukarar og pasientar. Ressursar må fordelast til ulike føremål som førebygging, sjukeheimsplassar eller rehabiliteringsplasser. Dei tilsette må disponere arbeidsdagen til det beste for pasientar og brukarar. Prinsipp for prioritering skal gje køyrereglar for disse vala.

Å prioritere inneber to element samstundes – å sette noko framføre, og dermed velje bort noko anna. Medan det første sjeldan fører til mykje usemje, vil det andre ofte vere vanskeleg, og føre til protestar. Tidvis ser vi uttaler som at når det gjeld «liv og død» så kan ein ikkje velje mellom alternativ. Men under vil det alltid ligge prioriteringar sjølv om dei ikkje er synlege, og då er det styrke og merksemd i «marknaden» som vil stå for prioriteringane. Etterkvart som gapet mellom det som er mogeleg å gjere og det som det finst ressursar til aukar framover, vil meir open debatt om samfunnsmessige prioriteringar truleg tvinge seg fram.

Det har tidlegare vore fleire rundar med prioriteringsspørsmål knytt til spesialisthelsetenesta gjennom Lønning-utvala I (1987) og II (1997), Grund-utvalet (1997), Nordheim-utvalet (2014) og Magnussen-gruppa (2015).
Ut frå desse kom det så ei Stortingsmelding i 2015/16 med tittelen «Verdier i pasientens helsetjeneste. Melding om prioritering». Her vart det føreslege å sette å sette ned eit utval leia av Aud Blankholm som skulle sjå nærare på dette området.

Resultatet av dette utvalet sitt arbeid har vi no fått i form av ein NOU (Norges Offentlige Utredninger) med tittelen «Det viktigste først»:

 

Mandatet som vart gjeve Blankholm-utvalet var følgjane:

  • Beskrive utfordringsbildet og belyse behov for å prioritere
  • Drøfte og føreslå prinsipp for prioritering på dei ulike beslutningsnivåa
  • Føreslå verkemidlar for å understøtte prioriteringsbeslutningan

Det særeigne med kommunenivået i høve til spesialisthelsetenesta er:

  1. Kommunen/fylkeskommunen har ansvar for mange ulike sektorar, og stor grad av sjølvstende i eiga prioritering og organisering. Kommunane har slik sett eit breiare samfunnsoppdrag
  2. Føremåla med den kommunale helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta er ofte vidare enn i spesialisthelsa (fleire problemstillingar/diagnosar samstundes og over lengre tidsrom, og der meistring og førebygging er sentrale element)
  3. Kunnskap om effekten av tiltak er klart svakare enn i spesialisthelsetenesta.

Utvalet tilrår at ein nyttar liknande kriterium som i spesialisthelsetenesta:
1. Nyttekriteriet: Prioriteten aukar i tråd med den forventa nytten av tiltaket. Nytten skal vurderast ut frå om kunnskapsbasert praksis tilseier at tiltaket aukar sannsynlegheita for:

  • overleving eller redusert funksjonstap
  • fysisk eller psykisk funksjonsforbetring
  • reduksjon av smerter, fysisk eller psykisk ubehag
  • auka fysisk, psykisk og sosial meistring

2. Ressurskriteriet: Prioriteten aukar desto mindre ressursar tiltaket legg beslag på.
Ressurskriteriet skal ikkje brukast åleine, men saman med dei to andre hovudkriteria for prioritering.

3. Alvorlegheitskriteriet: Prioriteten aukar i tråd med alvorlegheita av tilstanden. Alvorlegheit skal vurderast ut frå:

  • risiko for død eller funksjonstap
  • graden av fysisk eller psykisk funksjonstap
  • smerter, fysisk eller psykisk ubehag
  • graden av fysisk, psykisk og sosial meistring
    Både no-situasjonen, varigheit og tap av framtidige gode leveår har betydning for graden av alvorlegheit. Graden av alvorlegheit aukar også jo meir det hastar med å kome i gang med tiltaket.

Kriteria bør også brukast på alle beslutningsnivåa:
Fagleg nivå (knytt til pasient/brukar/tildeling):

  • Beslutningsstøtte, retningsliner, rettleiarar

Administrativt og politisk nivå:

  • QALYs (kvalitetsjusterte leveår) i den kommunale helse-`og omsorgstenesta?
  • Andre metodar?

Når det gjeld dei delane av tannhelsetenesta som vert utført i regi av det offentlege, føreslår ein å nytte same prioriteringsprinsipp
Utvalet ser føre seg juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel for implementering, kunnskapsgrunnlag og kompetansemiljø, kunnskap om prioriteringsprinsipp og bruk av desse, samt data til beslutnings- og prioriteringsstøtte

  • Juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel
  • Kunnskapsgrunnlag og kompetansemiljø
  • Kunnskap om prioriteringsprinsipp og bruk av disse
  • Data til beslutnings- og prioriteringsstøtte

Vegen vidare
Mange vil nok kunne hevde at prinsippa som utvalet føreslår er ganske «runde» i formuleringane, og at dei beskriv praksisen slik den er i dag. Skal ein endre noko på den daglege praksisen i kommunehelsetenesta må det nok supplerast med meir konkrete og detaljerte eksempel som fagpersonell og administratorar/politikarar kan kjenne seg att i. Særleg viktig blir det då med gode oversiktsdata og forsking på effekt av ulike tiltak i dei kommunale tenestene.
I dette ser vi at Samhandlingsbarometeret (www.samhandlingsbarometeret.no) kan vere ein viktig medspelar i å skaffe fram og bearbeide ulike data for kommunane!

Av Hans Johan Breidablik