Folkehelseundersøkinga i Sogn og Fjordane

Datainnsamlinga for den første folkehelsekartlegginga mellom vaksenbefolkninga i Sogn og Fjordane vart gjennomført av Folkehelseinstituttet i perioden frå 13. mars til 7. april 2019. Undersøkinga vart gjennomført på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsvarande undersøking vart gjennomført i Hordaland i 2018.

Målet er å skaffe fram informasjon om subjektiv helse, livskvalitet, helserelatert åtferd og lokale tilhøve (både risikofaktorar og helsefremjande faktorar) som kan vere til nytte i folkehelsearbeidet i fylka og kommunane. Undersøkingane i Sogn og Fjordane og Hordaland gjev viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget for den fyrste folkehelseplanen for Vestland fylke. Ei viktig side ved folkehelseundersøkingane er at dei skal skaffe fram nye data, slik at folkehelsearbeidet kan baserast på eit ferskast mogeleg evidensgrunnlag.

I overkant av 20 000 vart inviterte til å delta. Utvalet omfatta vaksne frå 18 år og oppover. Femtitre prosent var kvinner, og gjennomsnittsalderen var 47,9 år. 9149 personar har svart, som gjev ein samla svarposent på 45,4%. Det var ein viss overvekt av personar med høgare utdanning.Delar av resultata er no komne i form av ein rapport. I analysene har ein sett dei ulike forholda opp mot kjønn, alder og utdanning på regionsnivå. Førebels er det altså ikkje offentleggjort tal for einskildkommunar, og det er usikkert i kva grad slike vil kome grunna små talmateriale.

Regioninndelinga i rapporten er slik:
• Nordfjord: Bremanger, Gloppen, Selje/Eid, Stryn (2070 svar)
• Sunnfjord: Flora/Vågsøy, Gaular/Jølster/Førde/Naustdal (3302 svar)
• HAFS/Ytre Sogn: Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Solund, Høyanger (1187 svar)
• Indre Sogn: Aurland, Balestrand/Leikanger/Sogndal, Luster, Lærdal, Vik, Årdal (2590 svar).

Eksempel: Trivsel og sjølvopplevd helse
Dette er to sentrale parametrar knytt til folkehelsa.

TRIVSEL i Sogn og Fjordane

a) Trivsel etter region:

Gjennomsnittleg oppgjev i overkant av 70% stor grad av trivsel i nærmiljøet (raud stripla linje). Deltakarane frå Indre Sogn oppgjev som vi ser noko høgare trivsel enn dei andre tre regionane.

b) Trivsel etter alder og kjønn

Dei yngre aldersgruppene oppgjev lågare grad av trivsel i nærmiljøet enn dei eldre, og det er ein jamn stigning frå rundt 60% i 18-29 årsalder til nærare 80% for 60-åringar og eldre. Kjønnsskilnadane er ikkje markerte utover ei lett overvekt for kvinner i aldersgruppene 30 til 59 år.

c) Kva er viktig for å trivast?

Det går fram at tilgang på natur- og friluftsområde, samt kommunale tenester og butikkar er det som blir rangert å ha størst innverknad på trivsel, medan kulturaktivitetar, møteplassar og gang- og sykkelvegar skårar klart lågare.

SJØLVOPPLEVD HELSE i Sogn og Fjordane

a) Sjølvopplevd helse og utdanning/kjønn

Oppleving av eiga helse som god viser eit klart mønster der denne vert betre til høgare utdanningsgrad ein har, og det er ikkje markerte kjønnsskilnader i dette.

b) Sjølvopplevd helse og alder

Den sjølvopplevde helsa vert i noko grad redusert med alderen, men også i gruppa over 70 år opplever rundt 70% at dei har god helse.

Konklusjon: Kartlegginga av folkehelsefaktorar i Sogn og Fjordane er ei klar nyvinning på dette området, og kjelde for kunnskap på område der det ofte har vore meir synsing basert på enkelttilfelle. Det er synd at ein ikkje kan gje data ned på einskildkommunar, då det er kommunane som etter lovverket har størst ansvar for det primærførebyggande arbeidet. Det er også litt overraskande at resultata så langt ikkje har vore meir framme i mediabildet.

Lenke til Sogn og Fjordane sin omtale av undersøkinga og rapporten

Av Hans Johan Breidablik