KAD-statistikk kjem snart i Samhandlingsbarometeret (kommunalt døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp)

Eit av hovudmåla i Samhandlingsreforma frå 2012 var å flytte meir av pasientbehandlinga over på det kommunale nivået i helsetenesta. Som følgje av dette vart det bestemt at kommunane skulle skaffe eit tilbod om øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne senger. Pasientar som kunne få eit like godt tilbod om behandling (observasjon, utgreiing og tiltak) i kommunane skulle då kunne innleggast i KAD-senger i staden for på sjukehus. På denne måten skulle ein kunne avlaste spesialisthelsetenesta, særleg innanfor medisinske akuttinnleggingar.Tilbodet vart obligatorisk frå 1. januar 2016, og året etter vart det utvida til også å omfatte mentale lidingar og rusproblematikk.

Det har over tid vore eit klart ønskje om å få relevant statistikk på området inn i Samhandlingsbarometeret, men avgrensa tilgang på data har gjort dette vanskeleg. Etterkvart er det blitt nasjonal rapportering frå KAD-ordningane til Helsedirektoratet, og Samhandlingsbarometeret har no fått tilgang på desse. Førebels er rapporteringsordninga avgrensa til manuell utfylling frå den einskilde KAD, og ikkje ein del av kommunane sitt ordinære rapporteringssystem. Datakvaliteten kan difor variere noko.

Samhandlingsbarometeret har saman med føretaka i Helse Vest kome fram til kva variablar som er mest interessante å vise. På bakgrunn av dette har vi plukka ut data som innan kort tid vil verte å finne i Samhandlingsbarometeret. Her vil ein førebels finne data frå 2016 og 2017, men etterkvart også for 2018.
Organisering av KAD-ordningar nasjonalt:

Vi ser at rundt 60% av KAD einingane er lokalisert til sjukeheimar, ein del er knytt til legevakter og andre til Lokalmedisinske senter o.l. Sjukestover har ein berre i Nord-Noreg.
I Sogn og Fjordane har ein hatt 7 ulike KAD-ordningar fram til 2018. Den største er tilknytt Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt i Førde, og omfattar 11 kommunar. To av ordningane er lokalisert ved sjukehusa i Lærdal og Eid (4 og 5 kommunar), og resten i tilknyting til kommunale institusjonar. Tre kommunar har eigne KAD-ordningar (Luster, Flora og Gloppen). Gulen har samarbeid med KAD for Nord-Hordaland (Knarvik), og Solund har frå 2018 eiga KAD-ordning.
Størrelsen på KAD-ordningane varierer mykje på landsbasis, det same gjer bruken/utnyttinga av kapasiteten. Dersom vi ser på rate for innlegging pr. 1000 innb. får vi følgjande mønster i Sogn og Fjordane:

Figuren over illustrerer ein stor variasjon frå 0 til rundt 20 innleggingar pr. 1000 innb. i kommunane i fylket i 2017.

Samanheng med omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar?
Barometeret har frå før ein variabel for akutte medisinske korttidsinnleggingar som kanskje er dei sjukehusinnleggingane der KAD kan vere eit alternativ.
Dersom vi samanstillar medisinske korttidsinnleggingar med KAD-bruken over ser vi følgjande:

Så langt ser det ikkje ut som det er nokon samanheng mellom omfanget av KAD-innleggingar og omfanget av akutte medisinske korttidsinnleggingar. Ut frå dette mønsteret i 2017 ser vi altså ikkje klare teikn på at KAD-bruken fungerer som eit alternativ til akuttinnlegging i spesialisthelsetenesta. Men, for å få eit meir nyansert bilde her kan ein også sjå på fleire ulike faktorar og på utvikling over tid. Slike data kan ein finne i Samhandlingsbarometeret.

Av Hans Johan Breidablik