Røyking blant gravide i Sogn og Fjordane

Røykeslutt er eit viktig område i det førebyggande arbeidet. Særleg gjeld dette hjå gravide, der også fosteret blir negativt påverka. Kvinner som ikkje røyker eller snuser har mindre risiko for ei rekke komplikasjonar i graviditeten.

Sogn og Fjordane har tradisjonelt lege lågt på røykevaner; noko som kan ha bidrege til at gjennomsnittleg levealder har vore mellom dei høgste i landet.

Det har vore nedgang i omfanget av røyking nasjonalt over seinare år, og særleg har reduksjonen vore stor mellom dei unge. Røyking har etterkvart blitt konsentrert om sosioøkonomisk utsette grupper, og er slik sett også del av problematikken omkring sosiale helseskilnader i befolkninga. Skilnadane mellom kjønna har jamna seg ut.

I perioden 2013-2017 var det totalt i befolkninga12-13% daglegrøykarar. For gruppa med berre grunnskuleutdanning var talet 22-25%, mot berre 5% hjå gruppa med høgskule/universitetsutdanning.

I Samhandlingsbarometeret har vi under folkehelseoverskrifta ein variabel for røyking blant gravide.

Denne viser følgjande mønster for kommunane i Sogn og Fjordane (2011-2015):

Vi ser at det manglar verdiar (grå i kartet) for ein del kommunar. Dette er truleg pga. det låge talet på gravide.
Generelt ser vi ein tendens til at kystkommunane og industrikommunen Årdal ligg høgare enn dei andre kommunane.
Når vi ser på utvikling over tid både nasjonalt, for fylket og for to kommunar i ytterkantar får vi følgjande mønster:

Det har vore nedgang over tid i andelen daglegrøykande gravide både i Noreg og i Sogn og Fjordane. Vi ser imidlertid ein markant skilnad mellom kommunar som Sogndal, som ligg lågt, og Årdal som ligg høgt.