Arkiv

Liggedøgn for utskrivningsklare pasientar

I Samhandlingsbarometeret, under samhandlingsdata, finn vi indikatoren Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar. Denne viser tal liggedøgn for pasientar som har vore utskrivingsklare frå spesialisthelsetenesta, og som har venta på eit kommunalt tenestetilbod. Dette gjeld førebels berre somatiske pasientar, ikkje psykisk helse og rus. Pasienten vert rekna som utskrivingsklar når lege på sjukehus vurderer at det ikkje […]

Folkehelseindikatorar i Samhandlingsbarometeret

Eit utval indikatorar på folkehelseområdet ligg no Samhandlingsbarometeret. Folkehelseindikatorar treng kommunane  mellom anna i sitt lovpålagde arbeid med å utarbeide helseoversikt. Arbeidet er i hovudsak gjort i samarbeid med kommunane, men fylkeskommunen, fylkesmannen og NAV har og bidrege aktivt. Alle indikatorane som skal inn under folkehelsevalet i barometeret er enno ikkje på plass, men vil bli lagt inn etter […]

Ny nettside knytt til Samhandlingsbarometeret

Som du ser har vi fått ei ny nettside knytt til Samhandlingsbarometeret. Her kjem du direkte inn til databasen i toppmenyen. På nettsida vil vi informere om oppdateringar og endringar i barometeret. Sida vil også fortløpande informere om relevante samhandlingstema. Vi håpar at den nye sida vil stimulere til fagutvikling og utforming av tenestene ute i […]

Tilbakeblikk frå oppstarten av Samhandlingsbarometeret

Frå idè til samarbeid om nettstad Våren 2011 starta prosjektet «Omfang og kvalitet på tilvising i Sogn og Fjordane – kommunehelsetenesta sin gatekeeparfunksjon». Prosjektet var starten til det som etterkvart vart «Samhandlingsbarometeret» – ein kunnskapsbank som skal styrke samarbeidet mellom Helse Førde, kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Hovudmålet med prosjektet var å skaffe […]

Storbrukarar av spesialisthelsetenesta – ny indikator

  Samhandlingsbarometeret har fått ny indikator; Storbrukar av tenestene i spesialisthelsetenesta. Indikatoren viser dei 10% av pasientane som bruker opp mot 50% av ressursane i spesialisthelsetenesta, og syner tal pasientar pr. 1000 innbyggjar. Dette gjer at kommunane er samanliknbare. Tal på storbrukarar i dei ulike kommunane er relativt stabile. Ein kunne tenkt seg at dette […]

Rapport om avvik og uønska hendingar relatert til samhandling

Det er nedgang i tal meldingar frå kommunane i 1. kvartal 2016 i høve til tidlegare. Kva årsakene til dette er, er vanskeleg å vurdere. Det er i stor grad dei same kommunane som sender meldingar. Kommunikasjonen mellom AMK og kommunal lege synest ikkje lenger å vere den same utfordringa som det var i 2014 og delar av 2015. […]