Liggedøgn for utskrivningsklare pasientar

I Samhandlingsbarometeret, under samhandlingsdata, finn vi indikatoren Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar. Denne viser tal liggedøgn for pasientar som har vore utskrivingsklare frå spesialisthelsetenesta, og som har venta på eit kommunalt tenestetilbod. Dette gjeld førebels berre somatiske pasientar, ikkje psykisk helse og rus. Pasienten vert rekna som utskrivingsklar når lege på sjukehus vurderer at det ikkje er behov for ytterlegare behandling i spesialisthelsetenesta. Vurderinga skal være basert på ei individuell helsefagleg vurdering. Kommunane har eit betalingsansvar for pasientar som er vurderte til å vere utskrivingsklare.

Den størst endringa var frå 2012 til 2013 då talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar vart redusert med 70% på eitt år, frå 423 til 111 døgn samla for Sogn og Fjordane. Dette er i tråd med samhandlingsreforma, som vart innført i 2012. Per november 2016 er ein kome opp i 213 døgn. Sogn og Fjordane samla ligg særleg lågt for denne indikatoren i nasjonal samanheng.

Sidan 2013 har dei fleste kommunane lege nær 0 per år, med mindre svingingar gjennom året. I 2016 er det Naustdal, Vågsøy og Gloppen som har hatt ein del utskrivingsklare pasientar som ventar. Særleg i Gloppen ser vi ei viss auke med åra. Gloppen ser dette i samanheng med lite utskifting på dei få korttidsplassane i kommunen. Dei siste to månadane er det berre nokre få døgn per månad.

Statistikken for liggedøgn utskrivingsklare pasientar kan du sjå på Samhandlingsbarometeret

Av Maria Holsen