Samhandlingsnytt mars 2018

I Samhandlingsnytt for mars kan du lese om nytt utstyr for oksygenbehandling, nyskipa ungdomsråd i Helse Førde, lovendringar som styrkar barn sine rettar, livsmeistring og kompetanseheving i helsepedagogikk.

Samhandlingsnytt mars 2018

Ser ungdom i Sogn og Fjordane føre seg ei framtid i eigen heimkommune?

Nyheita er oppdatert med korrigerte tal og inkluderer Høyanger vidaregåande skule, som hadde falle ut

Ungdata er lokale ungdomsundersøkingar, som vert tilbydd gratis til alle landets kommunar og fylkeskommunar. Siden 2010 har 439 200 ungdommer frå 405 kommuner delteke i ungdataundersøkingane. Ungdata gjev dermed eit godt innblikk i korleis det er å være ung i Noreg i dag. Undersøkingane blir gjort i skulane og består av grunnmodul og evt. tilleggsmodular. Den obligatoriske delen av spørreskjemaet inneheld spørsmål om ei rekke tema som gjelder ungdom sine liv og livssituasjonar. Det er spørsmål om forholdet til foreldre og venner, om skulearbeid og trivsel, fritidsaktivitetar og mediebruk, utdanning og framtidsplanar, helse og levevaner, rusmiddelbruk og atferdsproblem. Det blir gitt ut rapportar på både nasjonalt- og fylkesnivå på utvalde resultat.
Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har ansvaret for gjennomføringa av Ungdataundersøkingane i samarbeid med dei sju regionale kompetansesentra innen rusfeltet (KoRus Vest Bergen for Sogn og Fjordane).
Samhandlingsbarometeret har tidlegare publisert resultat frå lokale spørjingar i Sogn og Fjordane på kommunenivå. Dette er data som er av verdi for både folkehelsearbeidet lokalt og planlegging/prioritering av dette.
Samhandlingsbarometeret har gjennom eit samarbeid med Ungdata fått tilgang på data frå Sogn og Fjordane knytt til einskildkommunar (ungdomsskule) og for skulekommunane (vidaregåande skular).
Det er gjennomgåande høg deltaking på undersøkingane. For Sogn og Fjordane omfattar det svar frå i overkant av 2700 ungdomsskuleelevar, og nærare 3000 elevar i vidaregåande skular. Dette omfattar såleis ein stor del av den samla ungdomsmassen i fylket.
Utvalde ungdata-resultat vil i tida framover bli publisert i Samhandlingsbarometeret, vonaleg innan hausten 2018.

Ungdom som ser for seg ei framtid i heimkommunen
Sogn og Fjordane har eit mønster der folketalet stagnerar over tid trass i rimeleg høge fødselstal. Dette har nok samanheng med at mykje av ungdommen flyttar ut for å studere, og i avgrensa grad kjem tilbake i vaksen alder. I undersøkinga har ein følgjande spørsmål: «Kan du tenke deg å bo i kommunen din når du blir voksen?». Her er det tre svaralternativ, «Ja, Nei, Vet ikke».
I Barometeret har vi valgt ut svaralternativet Ja på dette spørsmålet, og sett på korleis svara fordeler seg mellom kommunane i fylket vårt. Vi sett på jenter og gutar kvar for seg.

Fig 1 Andelar av jenter (blått) og gutar (raudt) som har svart på det aktuelle spørsmålet, og som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne (Ungdomsskuleelevar).

Vi ser det velkjende mønsteret der fleire gutar enn jenter kan tenke seg å bu i heimkommunen, sjølv om det også er kommunar som er meir jevnbyrdige. Det er stor spreiing mellom kommunane der Lærdal, Årdal, Selje og Aurland ligg lågt for jenter sin del. I andre enden finn vi Gloppen, Naustdal, Luster og Stryn der nærare halvparten av jentene og rundt 60% av gutane er positive til å busette seg i heimkommunen.

Fig 2 Andelar av jenter (blått) og gutar (raudt) i vidaregåande skular som har svart på det aktuelle spørsmålet, og som svarar at dei kan tenke seg å bu i heimkommunen når dei blir vaksne. Obs.: her er det fordelt etter kommunar der dei vidaregåande skulane ligg, og altså ikkje etter eleven sin oppvekstkommune.

Skilnadane mellom skulestadane når det gjeld dei eldre elevane er ikkje så markerte. Flora ligg lågast for gutar sin del (kommunen deltok ikkje på ungdomsskuletrinnet). At Førde ligg så lågt for jenter er verdt å merke seg, men her er det også elevar frå mange andre kommunar. Sogndal ligg på topp saman med Stryn.

Inspirerande fagdag Barn som pårørande 28.02.18

Rundt 130 deltok på «Fagdag barn som pårørande» på Thon Hotel Jølster den 28.02.18. Deltakarane var jevnt fordelt mellom Helse Førde, ulike etatar i kommunane (barnevern, barnehage, skule, helsestasjon, psykiatritenesta m.m.), brukar og interesseorganisasjonar.Tilskot frå Helsedirektoratet (via Fylkesmannen) gjorde det mogeleg å arrangere fagdagen utan store kostnader for deltakarane. Ei arbeidsgruppe med representantar frå Helse Førde, kommunane Jølster, Naustdal, Gaular, Førde og brukarrepresentant var arrangør.

Tema
Tema for fagdagen var: «Kommunikasjon og samhandling- nøkkel til meir målretta innsats i arbeidet med barn som pårørande».

Det var svært gledeleg at så mange kunne delta, noko som viser behovet for ei slik tverrfagleg samling. Deltakarane fekk mykje nyttig informasjon og inspirasjon til å fortsette arbeidet med barn som pårørande både i spesialisthelsetenesta og kommunane. Ikkje minst vart det understreka kor viktig samhandlinga mellom 1. og 2. linjetenesta er i dette arbeidet, og at det er viktig å innarbeide gode samhandlingsrutiner.

Program for dagen
• Oddfrid Sandvik familieterapeut i Fredrikstad kommune hadde ei inspirerande forelesing om «Den viktige samtalen! – kvifor og korleis samtale med barn og foreldre»
• Informasjon frå ulike kommunar og organisasjonar gav eit bilete av noko av det som skjer innan feltet barn som pårørande i fylket.
• Deling av pårørandeerfaring gav ei konkret påminning om kor viktig pårørandearbeidet er.
• Informasjon frå arbeidet med barn som pårørande i Helse Førde viste både dilemmar og utfordringar i arbeidet med å ivareta barn som pårørande og familiane deira.

Presentasjonar finn du her

Av Kjellaug Kringlebotten Berntsen

SJUKEHEIMSPLASSAR FRAMOVER – ER DET MOGELEG FOR KOMMUNANE Å HALDE TRITT MED UTVIKLINGA?

Dei fleste har nok fått med seg at dei eldre sin del av befolkninga vil auke framover, og at Sogn og Fjordane vil få særlege utfordringar. Fylkesmannen (Anne Karin Hamre) var også nyleg ute med ei påminning til kommunane om at dette kanskje vil vere meir nødvendig å gripe fatt i enn t.d. skuleproblematikk.

Behovet for helsetenester og omsorgstenester aukar med alderen, og særleg markert er dette for gruppa som blir 80 år og eldre. På mange måtar vert dei eldre friskare, og mange greier seg også sjølve opp til høg alder. Men sjølv om hjelpebehovet kan forskyve seg noko oppover i alder, vil nok likevel mange få sjukdom og redusert funksjonsevne i siste delar av livet, og det er også store grupper som lever med kroniske lidingar både av fysisk og mental art (t.d. demens) over lang tid.

Ein vanleg brukt måleindikator i denne samanhengenen er andelen av heildøgns institusjonsplassar i høve talet på personar over 80 år. Dette fordi denne gruppa utgjer ein stor del av dei som har så redusert funksjonsevne at dei må ha hjelp og behandling på heildøgnsbasis.

Kommunane leverer årleg såkalla Kostra-rapporteringstal inn til sentrale myndigheiter, og det blir laga statistikk som gjer det mogeleg å samanlikne kommunar og regionar.
Dersom vi ser på utviklinga av institusjonsplassar i perioden 2009 til 2016 nasjonalt, for fylket og for to utvalde kommunar finn vi følgjande mønster som illustrert i fig. 1

Fig 1 Andel (prosent) av plassar i institusjon og heildøgnsbemanna bustad i prosent av befolkninga over 80 år (kjelde: Samhandlingsbarometeret.no/Kostra)

I perioden 2009 til 2016 har andelen institusjonsplassar i Sogn og Fjordane samla sett lege rundt 30 prosent, og dette har vore ganske stabilt i tidsperioden. Nivået ligg også heilt på linje med landsgjennomsnittet.

Det er likevel ein markert skilnad mellom einskildkommunar der t.d. Høyanger har hatt ein høg og aukande andel heilt opp til 45 prosent i 2016, medan Askvoll kommune ikkje har hatt auke i perioden, og ligg på under halvparten av dekningsgraden til Høyanger kommune. Dette tyder på at kommunane allereide i dag vel å løyse oppgåvene innanfor eldreomsorga på alternative måtar. Ein kan difor ikkje konkludere med at Askvoll nødvendigvis har eit dårlegare tilbod til sine eldre enn Høyanger. Truleg kan det ligge eit betydeleg potensiale gjennom i større grad å studere løysingar hjå andre kommunar.

Figuren illustrerar også at gjennom perioden 2009 til 2016 har ein både i landet som heilheit og i Sogn og Fjordane (med sine høge eldreandelar) likevel greidd å halde tritt med auken i tal gamle. Eit spørsmål blir i kva grad det er realistisk å kunne halde på ei slik dekningsgrad i tida framover?

Om vi nyttar prognosar for folketalsutviklinga frå SSB (middels høgt anslag), og ser på to små utkantkommuar og to mellomstore sentrumskommunar i Sogn og Fjordane får vi eit bilde som i fig. 2.

Fig. 2 Befolkningsframskriving for gruppa over 80 år i Sogn og Fjordane for fylket og fire ulike kommunar (kjelde: Samhandlingsbarometeret/SSB)

Frå figuren ser vi at den store veksten i talet på personar over 80 år kjem i tida framover. For dei to utkantkommunane Solund og Hyllestad er ein ved starttidspunktet på denne «bølgja» som kjem, og vil gå mot ei dobling av andelen gamle til å utgjere omkring 14-15 % av folketalet. For dei større og meir sentrale kommunane som Førde og Sogndal vil stigninga kome litt seinare, og ikkje være så dramatisk. Ein vil her i 2040 ha omkring 6-7% av befolkninga som er 80 år og over. Men stigninga vil likevel bety ei dobling av andelen også i Førde kommune.

Spørsmålet blir då i kva grad ein då vil kunne halde tritt med utviklinga ved å bygge fleire heildøgnsplassar framover? Slike tiltak krev planlegging og tid før dei er på plass, og sjølv om ein skulle skaffe fram lokalitetar, gjenstår det å bemanne desse med nok fagpersonell og greie å finansiere drifta. I små utkantkommunar vil andelen i yrkesaktiv alder avta, og vi ser allereide i dag at dei slit med å få rekruttert kompetent personell utanifrå. Dette kan difor bli det mest problematiske for slike kommunar framover.

Men uansett betyr utviklinga at truleg langt fleire skrøpelege gamle berre kan få hjelp i heimen i tida framover. I dette ligg også eit stort behov for kompetanse i grenselandet mellom tekniske hjelpemiddel/IKT i heimen og omsorgskompetanse. Men truleg må også den uformelle omsorga (frå slekt/venner og naboar) mobiliserast om ein skal dekke hjelpebehovet framover for våre gamle.

 

Av Hans Johan Breidablik

Artikkelen er nyleg publisert i Dagens Medisin (4/2018)

205 kjem på Samhandlingskonferansen – kjem du?

Samhandlingskonferansen 2018 vert arrangert på Thon Hotel Jølster, Skei 14.-15. mars, med tema Samhandling i vekslingsfelta – heilskaplege og koordinerte tenester. Meir informasjon finn du her: Samhandlingskonferansen 2018

Samhandlingsnytt februar 2018

I samhandlingsnytt for februar, som samhandlingssjefen i Helse Førde nyleg har sendt ut, kan du lese om «Teknologi i helse og omsorg» som nytt studietilbod ved Høgskulen på Vestlandet. Du kan også lese om nyutvikla app for menneske med kronisk lungesjukdom, funksjonsvurdering på tvers og regionale samlinga knytt til samhandlingsavvik.

Samhandlingsnytt – Februar 2018

Samhandlingsprosjekt: Funksjonsvurdering på tvers

Flora kommune, Førde kommune og medisinsk avdeling på Førde sjukehus har gått saman i eit samhandlingsprosjekt der ein ønskjer å betre kommunikasjonen på tvers av helsetenestenivå med fokus på funksjonen til pasienten. Prosjektet er ei bestilling frå Koordineringsrådet basert på tilbakemeldingar frå Erfaringskonferansen.

I utganspunktet gjekk bestilling på å finne eit felles funksjonsvurderingsverktøy. Ved grundig kartlegging av informasjonsbehovet både til sjukehuset og kommunane vart det klart at klinikarane treng skriftlege beskrivingar av funksjonen til pasienten, ikkje tal evaluering (slik som t.d. IPLOS- vurderingane gjer). Prosjektet har derfor utvikla sjekklister på bakgrunn av dei ulike informasjonsbehova kommunane og sjukehuset har.

Pga av ulike IKT-system og noko ulik dokumentasjonskultur i kommunane, har dei to deltakande kommunane valgt ulik tilnærming for tiltak. Førde kommune har valgt å oppdatere alle pleieplanane sine, slik at dei lett kan leggast ved i ein innleggingsrapport. Flora kommune vil truleg endre IPLOS-kommentarane til å vere meir retta mot at dei skal gje gode, konkrete beskrivingar av hjelpebehovet til pasienten. Sjukepleirane på medisinsk avdeling har fått utdelt «lommekort» med sjekklister for kva som er ønskjeleg av informasjon før utskriving og i utskrivingsrapporten.

Tilbakemeldingane frå både sjukehuset og kommunane er svært positive. Margot Dvergsdal, seksjonsleiar i heimetenesta i Førde kommune, seier at: «Det kjentes riktig og meir fagleg forsvarleg å sende ein innleggingsrapport når eg kan legge med ein oppdatert pleieplan og ei god beskriving av det aktuelle»
Og sjukepleiar, Linda Foss Bolstad, frå medisinsk avdeling uttalar: «Eg synest korta er eit godt hjelpemiddel, særleg for meg som er relativt ny, då det gir ein god oversikt over kva som skal/burde vere med i ein helseopplysning/utskrivingsrapport. I tillegg er kortet ganske lite og lett å ha med seg i lomma.»

Prosjektgruppa vonar at sjekklistene kan vera aktuelle for fleire kommunar og sjukehusavdelingar

 

Av Anne Marte Sølsnes

 

HAR DET VORE AUKE I MENTALE HELSEPLAGER HJÅ UNGDOM I SOGN OG FJORDANE?

Vi ser hyppige medieoppslag med bekymring over aukande mentale helseplager hjå ungdom. UngData skriv også i sin siste landsrapport at det har vore ein «markant økning i omfanget av selvrapporterte psykiske helseplager» og peikar særleg på auke i depressive symptom hos jenter der 28% rapporterer slike i vidaregåande skular. For einsemd er tala rundt 31% hos jenter, 17% hos gutar. Samla opplever også 31% av elevane mykje søvnplager.

I Sogn og Fjordane har ein drive kartleggingar mellom elevane i vidaregåande skular sidan 1997 i Førde-skulane, og i 2012 i heile fylket. 8-900 elevar har delteke kvar gong, og samla sett har 4300 elevar svart på undersøkingane (1997, 2001, 2005, 2009 og 2012). Spørsmåla i desse var henta frå WHO sine kartleggingar i skular, som her i landet var drive av HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen.
Sidan UngData som driv nasjonale kartleggingar i skulane i dag, også i Sogn og Fjordane, ikkje nyttar heilt like spørsmålsstillingar, så må ein være varsam med å samanlikne tala (andelane).
Men om vi ser på nokre vanlege mentale plager over tid i Sogn og Fjordane finn vi følgjande:

Mønsteret med at jenter rapporterar meir plager enn gutar går att gjennom heile perioden. Vi ser også at sjølv om andelane varierer noko, så var det allereie i 1997 mange som rapporterte om mentale plager. For opplevinga av angst ser det ikke ut til å være auke, heller ikkje for opplevelse av å vere nedfor eller nervøs hjå gutar.
I Samhandlingsbarometeret ligg det kommunevise tal for nokre av kartleggingane.

Ser vi på ein figur over utviklinga av søvnvanskar (under) så er mønsteret at færre både av jenter og gutar aldri opplever søvnvanskar (trendlinjer), og at fleire jenter opplevde mykje søvnvanskar i 2012 samanlikna med 1997.

 

Kan sjølvrapportert helse i ungdomen predikere medikamentbruk i voksen alder? 

Dette har forskarar bl.a. frå Helse Førde, undersøkt i ein ny vitskapleg publikasjon. Studien som er basert på data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT) og Reseptregisteret i Norge, kan du lese meir om her: Ny vitskapleg publikasjon

Samhandlingsbarometeret har også data om sjølvrapportert helse under indikatorane folkehelse og folkehelsekartleggingar i Sogn og Fjordane.

Samhandlingsbarometeret presentert på Toppledermøtet 2018 i Helse Bergen og Haraldsplass sitt opptaksområde

Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus har årlege møter med kommunane i opptaksområdet sitt. Her deltek ordførarar, rådmenn, leiarar i kommunehelsetenesta og medlemmene i samarbeidsutvala, samt toppleiarar frå sjukehusa.

For fyrste gong var det lagt inn stand med presentasjon av ulike teknologi- og digitaliseringsløysingar i helse- og omsorgssektoren i programmet. Her var Samhandlingsbarometeret vist fram, saman med «En innbygger – en journal», Velferdsteknologi i Bergen kommune, Velferdsteknologi Nordhordaland, LMS app basert på kunstig intelligens, elektroniske tavler frå IMATIS og Innovasjonslaboratorium Helse Vest IKT.

Pål Asle Reiersgaard frå Fagavdelinga ved Haraldsplass og Emma Bjørnsen frå fag og utvikling i Helse Førde fekk det tidvis travelt med å vise kva innhald og mulegheiter som ligg i Samhandlingsbarometeret, og korleis data kan framstillast og nyttast vidare. Det var stor interesse frå dei besøkande, spesielt frå kommunane, men også frå sjukehusa. Fleire kommunale leiarar ynskjer presentasjon og gjennomgang av Barometeret i samhandlingsfora som kommunane deltek i. Samhandlingssjef Gunn Glimsdal frå Haraldsplass var ansvarleg for toppleiarmøtet, og vil følgje opp alle førespurnader som kjem rundt Samhandlingsbarometeret. Helse Førde vil delta på samlingar eller i møte dersom Helse Bergen og Haraldsplass ser behov for det.

Av Emma Bjørnsen