Treng du hjelp til å bruke Samhandlingsbarometeret?

Vi i Samhandlingsbarometeret har laga ei brukarrettleinning for korleis du enkelt kan bruke barometeret mest mogleg hensiktmessig og til det formålet du ønskjer.  Her viser vi mellom anna korleis du finn informasjon om indikatoren, brukar verktøyrlinjene og endrar utvalet i indikatorane. Vi har og lagt ut ein powerpoint presentasjon som ein kan bruke i opplæring av bruk av barometeret.

Alt dette finn du under fana «Samhandlingsbarometeret (statistikk)». Brukarettleiinga vil og snart vere tilgjengeleg på sjølve Samhandlingsbaromteret.

Samhandlingsbarometeret brukarrettleiing (PDF)

Presentasjon av Samhandlingsbarometeret (Power point)

MEDISINSKE KVALITETSREGISTER – VIKTIG KUNNSKAPSKJELDE OGSÅ FOR SAMHANDLING

Kvalitetsindikatorar er indirekte mål som skal reflektere kvaliteten på det aktuelle området som vert målt. Det er i dag nærare 30 nasjonale kvalitetsindikatorar som hentar data frå medisinske kvalitetsregister.

Den nasjonale Kvalitetsstrategien frå 2005 listar opp sentrale element knytt til tenester av god kvalitet; virkningsfulle – trygge – involverar brukarar – samordna – tilgjengelege –rettferdige – ressursutnyttande.

Vi har nyleg fått ei ny forskrift Forskrift om medisinske kvalitetsregistre som skal legge til rette for auka bruk av dataene og betre dekningsgraden og datakvaliteten. Forskrifta medfører at registra ikkje er baserte på samtykkekrav frå den einskilde, men pasientane/brukarane får ein etterfølgjande reservasjonsrett mot å vere registrert.

Det er også plikt for både helsepersonell og verksemder å rapportere inn helseopplysningar, og det skal kome nasjonale løysingar for dette (Helseanalyseplattformen – Direktoratet for e-helse).
Resultatportalen er ei interaktiv løysing der ein kan sjå anonyme resultat.

Det kan vere interessant å sjå på eit par eksempel frå denne portalen:
1. Norsk intensivregister (NIR) og reinnleggingar innan 72 timar

Målet her er at reinnleggingar skal ligge på under 4% av oppholda. Av oppsettet ser vi at dette varierar mellom 0% og 7% for dei ulike sjukehusa i landet (obs. alle er ikkje med i bildet over).

Førde sentralsjukehus ligg her på 4%, noko som er i midtsjiktet og nær målsetninga. Pasientgruppa på Førde sentralsjukehus er eldre enn for landet som heilheit (median 73 år mot nasjonalt 67 år), og kvinner er i fleirtal (53% mot nasjonalt 42%).

2. Norsk kvalitetsregister for fedme

Helse Førde var ein pioner innan utviklinga av fedmekirurgien i Helse Vest-regionen, og mykje av dette arbeidet er knytt til dr. Villy Våge, som også har vore ein sentral person knytt til opprettinga av dette kvalitetsregisteret.

Figur 1 Omfang av fedmeoperasjonar i 2017

Vi ser ein klar variasjon mellom helseregionane, der Helse Vest ligg høgast her i landet, og der dei fleste blir opererte innanfor eige føretak. Sverige ligg som vi ser over dette igjen.
I 2017 vart det samla sett utført 1662 sliker operasjonar i landet. Dei fleste var kvinner (77%). Gjennomsnittsalder ved operasjonen var 43 år.

Figur 2 Vektnedgang opptil to år etter operasjonen

Gjennomsnittleg har desse pasientane ein KMI (BMI) på rundt 43 før operasjonen (fedme er BMI frå 30 og oppover). Vi ser ein viss nedgang fram til operasjonen (livsstilsbehandling), og deretter ein vidare nedgang dei neste to åra til i underkant av 30, og deretter ei stabilisering. Etterkvart vil ein også få data for 5–10 år etter operasjonen.

Registeret konkluderar med at dette i dag er trygg kirurgi, kring 90 prosent av pasientane har god vektnedgang eitt og to år etter operasjonen, eit stort fleirtal av dei opererte er kvinner og det er store forskjellar mellom sjukehusa i oppfølging etter operasjon.
Samhandlingsbarometeret har drøfta å ta inn eit utval av slike kvalitetsindikatorar framover. Men det vil då ikkje verte tal på kommunenivå, berre på helseføretaksnivå.

Av Hans Johan Breidablik

Heimedialyse ved kronisk nyresvikt

Målsetting
Helse- og omsorgsdepartementet sette i oppdragsdokumenta til RHFa i 2017 som målsetting at andelen dialysepasientar som får heimedialyse skal være på minst 30 prosent. Denne målsettinga vart vidareført i 2018. Målsettinga er i tråd med vedtaket i Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstjenesten, vedtak i møte 17/3-2016.

Tolkning av tala
Det er kun andel heimedialyse blant pasientar som får dialyse for kronisk nyresvikt som vert berekna.

Det finns to hovudformer for dialyse:
Hemodialyse (bloddialyse)
Peritonealdialyse (bukdialyse)

Pasientar som får hemodialyse på dialysesentra, eller satelitt, får det vanlegvis 3 gonger i veka. Kvar dialyse tek rundt 4-5 timar. Hemodialyse kan også utførast heime.

Heimedialyse eignar seg ikkje for alle pasientar. Heimedialyse, når det vert utført som peritoneal dialyse, er eit meir kostnadseffektivt behandlingstilbod enn dialyse ved sjukehus. I tillegg kan pasienten spare mykje tid på reising fram og tilbake til sjukehuset.

Når det gjeld hemodialyse utført i heimen, finns det ikkje tal som viser at dette er meir kostnadseffektivt enn dialyse utført av helsepersonell i senter. Heimedialyse kan imidlertid gje større fridom til å bestemme når dialysen skal gjennomførast og kan tilpassast pasientane sin kvardag.

Siste registrering er 3. tertial 2018. Nasjonalt var ein då oppe i 23,1% heimedialyse. Det er difor ein veg å gå enno før ein har nådd målsettinga på 30%. Helse Vest hadde samla sett den lågaste måloppnåinga på 17,1%.

Samhandlingsbarometeret har henta ut tal for dei ulike føretaka i Helse Vest.

Figur 1: Utvikling i andel heimedialyse i Helse Vest 2016 – 2018

Vi ser at Helse Førde i motsetning til dei andre føretaka i Helse Vest ikkje hadde registrert pasientar med kronisk nyresvikt og heimedialyse ved inngangen av 2016. Imidlertid har Helse Førde greidd å komme i gang med dette i perioden, og ved utgangen av 2018 var ein det føretaket med best måloppnåing (21%) innan Helse Vest. Talet på pasientar som var omfatta av dette var 9 stk.
Dette er klart positivt og er med på å spare både tidsbruken og lange og dyre reiser for pasientane det gjeld.

FRAMSKRIVING AV ETTERSPØRSEL ETTER HELSE- OG OMSORGSTENESTER; ELEFANTEN SOM BERRE SSB VIL SJÅ?

 

SSB (Statistisk sentralbyrå) har nyleg gitt ut ein rapport med Regional framskriving av etterspørsel etter helse- og omsorgstjenester, 2017 – 2035 (2019/26). Det ser så langt knapt ut til at medieverda har oppdaga denne. Er problematikken for stor og utfordrande til at ein vil sjå og diskutere den? Samhandlingsbarometeret har tidligare hatt ei nyhendesak om rekruttering av sjukepleiarar i Sogn og Fjordane, og denne rapporten passar godt til dei funna vi presenterte den gongen.

Rapporten lagar ei framskriving av behovet for nye årsverk i helse- og omsorgstenesta for dei ulike regionane av landet fram mot 2035. Dette under føresetnad av uendra standard på tenestene i høve det som er i dag. Når vi ser på mediebildet er det stort sett behovet for auka strandard både på dette og andre samfunnsområder som blir debattert.

Drivaren for utviklinga handlar i hovudsak om ei endra befolkningssamansetning (demografi) der auken i talet på eldre skjer parallell med manglande auke av yngre i arbeidsfør alder. Gruppa som skal skape verdiane og «ber» resten av befolkninga får difor ein stadig større og tyngre «ryggsekk». Dette vil handle både om økonomiske midlar, men kanskje i endå større grad om tilgjengelege fagpersonar.

Området er allereie ein av elefantane i dag der 310 000 årsverk blir brukt i helse- og omsorgstenestene til ein svimlande pris av 342 milliardar kr. Dette utgjer 21% av alle offentlege utgifter i dag, og er finansiert i hovudsak gjennom skattar. «Elefanten» er berekna å vekse til heile 410 000 årsverk i 2035, altså 100 000 fleire enn i dag. SSB har ikkje berekna kostnader i rapporten, men eit enkelt anslag vil vel vere at dette vil krevje minst 50 milliardar ekstra i høve dagens situasjon. Det er altså duka for heilt nye prioriteringsdebattar framover.

Grunna sentralisering av busettingsmønsteret og aukande levealder vil auken i talet på eldre også kome i sentrale strøk av landet. Oslo-området, Bergen og Vestre Viken-området får difor den største auken i behovet for nye årsverk som er estimert til 33-44 prosent auke. For perifere område som Finnmark, Helgeland og Sogn og Fjordane vert auken lågare med rundt 25 prosent. Dette vil då kunne vere med på å flytte både pengar og personell mot dei sentrale stroka, dvs. Bergens-området for nye Vestland fylke. Utkantane står att med dei største andelane eldre, og størst utfordringar i å skaffe kompetent arbeidskraft som t.d. sjukepleiarar. Samtidig vil flyttemønsteret gjere at yngre bur langt borte, og i mindre grad kan stå for såkalla «uformell omsorg».

Kva vil dette bety i praksis for det nye Vestland fylke? I denne perioden fram mot 2035 er det berekna 2 prosent folkevekst i Sogn og Fjordane, men heile 42 prosent vekst i gruppa over 67 år. Ingen andre stader i landet vil «bærekraftsbrøken» (forholdet mellom yrkesaktive og eldre) endre seg så mykje som her i løpet av perioden.

Bergensområdet er forventa å ha ein samla folkevekst på 12 prosent i same periode, men vil få heile 52 prosent vekst av gruppa over 67 år.

Behovet for nye årsverk er delt i tre område:
a) Spesialisthelsetenesta: Helse Førde 399 nye årsverk, og Helse Bergen 2572 nye årsverk.
b) Kommunale omsorgstenester: Sogn og Fjordane 1177 nye årsverk, og Bergensregionen opp 5482 nye årsverk.
c) Kommunehelsetenesta: Sogn og Fjordane opp34 årsverk, og Bergensområdet opp 527 årsverk.

Det er altså innanfor dei kommunale omsorgstenestene ein får den klart største auken, og her er det særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som utgjer dei store personellgruppene.

I dag vert det utdanna 120 nye sjukepleiarar årleg i Sogn og Fjordane, og rundt 45 prosent av desse tek seg arbeid i fylket etter avslutta utdanning. Dette betyr rundt 50 nye sjukepleiarar årleg. Truleg vil desse ikkje kunne dekke behovet framover, og kanskje vil Bergensområdet trekke til seg fleire av desse også?

Særleg kommunane bør snarast ta opp denne problematikken, og kanskje også søke å rekruttere meir personell frå utlandet framover. Men eit problem i dette er at mangelen på sjukepleiarar er stor også i fleire andre land med tilsvarande demografisk utvikling.

Av Hans Johan Breidablik

FAGDAG VALD OG OVERGREP MOT BARN OG UNGE

Barne- og ungdsomsavdelinga i Helse Førde arrangerar Sogn og Fjordane sin første fagdag om vald og overgrep mot barn og unge i samarbeid med Fylkesmannen Vestlandet.

Mål med fagdagen:

  • Auke merksemda blant helsepersonell på barn og unge som kan ha vore utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt.
  • Auke kjennskapen til kva som finst av tilbod og ressursar i regionen
  • Auke kunnskapen til korleis ein gå fram ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Målgruppe er helsepersonell som møter barn og unge som pasientar eller
pårørande i sitt arbeid:

  • Legar
  • Sjukepleiarar
  • Helsesjukepleiar
  • Anna helsepersonell

Dato: 20.11.2019
Tid: 09.00 – 15.15
Stad: Thon Hotel Jølster på Skei

Kurset er gratis og det vert servert lunch.

Det er søkt Legeforeninga, Fagforbundet og NSF om godkjenning av kurset som valfrie poeng/timar

Meld deg på her

Kontaktperson:
Anders Bjørkhaug
Overlege ved Barne- og ungdomsavdelinga
Helse Førde HF

SAMHANDLINGSNYTT

Foto: Oddleiv Apneseth

Etter lang tids pause gjenoppstår samhandlingsnytt i ny utgåve.

I ein digital verden vil det ikkje bli sendt ut nyhendeskriv i «papirversjon» lenger. Heretter vil aktuelle saker på samhandlingsområdet bli lagt ut på sida «Samhandling i Sogn og Fjordane». På denne sida vil tilsette i kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde finne all aktuell informasjon for samhandlingsområdet.

Det einaste du treng å gjere er å melde deg på nyhendeskriv på sida https://samhandling-sfj.no/. Vi treng di hjelp til å informere kollegaer og andre om dette, slik at Samhandlingsnytt kan nå ut til dei som tidlegare har fått «papirutgåva».

Har du tips til saker innan samhandling som du meiner fleire bør få høyre om? Ta kontakt med tone.holvik@helse-forde.no eller anne.marte.solsnes@helse-forde.no

INFORMASJON FRÅ SAMHANDLINGSFORA:

Fagrådet (rådgjevande organ for koordineringsrådet)
12. september var det møte i Fagrådet i Dale. Tenesteleiar for bistand og omsorg, Kjersti Valvik, tok imot Fagrådet på Helsetunet.

Aktuelle saker var:
• Nytt frå praksiskonsulentane
• Samhandlingsavvik
• LIS-situasjonen i spesialist- og kommunehelsetenesta
• Prosess for prehospital plan
• Nasjonal handlingsplan for eliminering av Hepatitt-C – plan for kommunane og Helse Førde
• Meld. St. 15 (2017-2018) Leve heile livet
• Vel heim-prosjektet i Helse Vest
• Praksis for allmennlegar i spesialisthelsetenesta
• Status elektronisk meldingsutveksling
• Revisjon av Helse Førde sin strategi for forsking og innovasjon
Meir informasjon finn du her: https://samhandling-sfj.no/samhandlingsfora/fagradet/referat-fra-fagradet/

Koordineringsrådet
24. september var det møte i Koordineringsrådet i Lærdal på Villakssenteret. Rådmann Arne Johansen viste oss rundt på Lærdal bu- og omsorgsheim etter møtet.

Aktuelle saker var:
• Kontaktmøte mellom KS og Helse Førde. Passar det inn i samhandlingsstrukturen?
• Prehospital plan
• Orientering om ungdomsrådet
• Samhandlingskonferansen 2020
• LIS1-utdanning – felles ansvar
• Ny kommunelov – har det konsekvensar for samhandlinga?
• Praksis for allmennlegar i spesialisthelsetenesta
• Helse Førde sin strategi for forsking og innovasjon
• Kartlegging av sjukepleiesituasjonen i fylket
• NOU 2019: 10 Åpenhet i grenseland
• Korleis skal vi arbeide vidare med samhandlingsavvik?

Meir informasjon finn du her så snart referatet er klart: https://samhandling-sfj.no/samhandlingsfora/koordineringsradet/referat-fra-koordineringsradet/

Kva meiner du om Samhandlingsbarometeret?

Dette ønskjer vi svar på i spørjeundersøkinga som er sendt ut i dag til eit utval personar i kommunane i Sogn og Fjordane og Rogaland. Om du ikkje har fått undersøkinga på epost, bruk gjerne lenken her og gje oss dine synspunkt.

Samhandlingsbarometeret er under kontinuerlig oppdatering og utvikling. Av den grunn har vi behov for å høyre di meining om korleis du opplever bruken og nytteverdien av Samhandlingsbarometeret. Undersøkinga tek ca 2 minutt (9 spørsmål).

Trykk her og bli med! 

Undersøkinga er anonym. Alle innspel er velkomne!

Svarfrist 1.oktober

Samhandlingsbarometeret og Samfunnsmedisin

Ein av nestorane innan norsk samfunnsmedisin, Magne Nylenna, har nyleg kome med ei bok med tittelen Samfunnsmedisin på norsk.

Kva forstår vi med samfunnsmedisin?
Samfunnsmedisin er ein av spesialitetane innan medisinen, og har slik sett sitt spesifikke utdanningsløp. Faget skal beskrive og analysere interaksjonar mellom menneske og omgjevnader. Det handlar om samanhengar, system, utviklingstrekk og helsemessige konsekvensar av desse. Måla er både å styrke helsa og å hindre uhelse i befolkninga gjennom organisering, prioritering og kunnskapsformidling.
Dei fleste medisinske spesialitetane rettar seg inn mot behandling av einskildpasientar innafor eit stort spekter av fagområde og sjukdommar. Samfunnsmedisinen har ikkje dette individretta perspektivet.
To særskilde perspektiv karakteriserar faget:
1. Samfunnsmedisinen er i stor grad retta inn mot grupper eller heile befolkninga (gruppeorienteringa). Gruppene kan vere av svært ulike størrelsar som t.d. innanfor skular, nabolag, fritidsaktivitetar, arbeidsplassar, aldersgrupper, kommunar, regionar, heile nasjonen eller også globalt. Samanlikningar mellom gruppene er sentrale element i faget.

2. Tidsdimensjonen er sentralt i faget. Andre delar av medisinen handlar mykje om konkrete sjukdomsforløp og påverknaden på desse. Samfunnsmedisinen skal sjå meir på dei lange linjene både bakover og framover, på samanhengen (konteksten) mellom helse og samfunnet i stort. Rådande haldningar og verdiar i samfunnet vil difor også spele inn i større grad enn når det gjeld den vanlege kliniske medisinen.
Sentralt i faget er også utviklinga av såkalla «samsjukdomar», der mange helseproblem handlar om forholdet menneske i mellom og i samfunnet. Problematikk rundt livsstil, subjektiv opplevelse, meistring og velbefinnande (livskvalitet) er typisk.

Samfunnsmedisin og Samhandlingsbarometeret
Mykje av verksemda i Samhandlingsbarometeret er basert på liknande perspektiv som Samfunnsmedisinen. Det skal vere ein open kunnskapsbank med data knytt til befolkning, helsetenester, samhandling og folkehelse, og med inndeling på aldersgrupper, kommunenivå, regionnivå og landsnivå for dei fleste variablane.
Perspektivet er også ofte meir langsiktig enn den løpande styringsinformasjonen som dei som driv tenestene også har bruk for. Barometeret vil difor vere særleg egna for dei som driv med planlegging og utvikling av tenestene, folkehelsearbeid og for dei som vil drive forsking på desse områda. Kommunelegar og andre som driv med samfunnsmedisinske/ folkehelserelaterte oppgåver vil truleg også kunne finne svar på ein del av sine spørsmål her.
God samhandling blir stadig viktigare for velfungerande tenester både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Samhandlingsbarometeret tek sikte på å vere ein sentral instans for å plukke ut og presentere relevante data som kunnskapsgrunnlag for styring og utvikling innan samhandling i Helse Vest sitt opptaksområde.

 

Pasientreiser – to nye variablar i Samhandlingsbarometeret

Etter ønskje frå brukargrupper av Samhandlingsbarometeret har vi tatt inn statistikk knytt til pasienttransport med drosje. Dette gjeld både reiser internt i kommunane og reiser til/frå spesialisthelsetenesta. Samla sett representerer desse reisene store kostnader. Alle kostandane vert dekka av spesialisthelsetenesta, også transportar internt i kommunane sjølve. Samstundes er slike reiser ei viktig inntektskjelde for drosjenæringa, og kan være med på å oppretthalde drosjetilbodet i mindre utkantkommunar. Datamaterialet har Barometeret fått gjennom eit samarbeid med Pasientreiser Helse Førde.

Mykje pasienttransport føregår også gjennom andre former som bruk av eigen bil eller offentlege transportmiddel. I nokre kommunar har Pasientreiser heller ikkje avtalar med drosjenæringa lokalt. I tillegg kjem ambulansetransport med dei sjukaste pasientane som må transporterast liggande og med følgje av fagpersonell. Desse reisene er ikkje med i talmaterialet her.

1. Pasienttransport internt i kommunane
Dette handlar i hovudsak om rekvirerte drosjetransportar til/frå fastlegar og fysioterapeutar.

Figur 1: Interne drosjereiser til/ frå kommunelegar i kommunane i Sogn og Fjordane i 2018

Det er ein klar variasjon mellom kommunane der Førde ligg lågast med 52 drosjeturar, medan Bremanger tilsvarande har 579 turar pr. 1000 innbyggar (Aurland har ikkje avtale med drosjene og har difor registrert 0 turar).

Figur 2: Interne drosjereiser til/frå fysioterapeutar i kommunane i 2018

Omfanget av drosjereiser til/frå fysioterapeutar er høgare enn for legebesøk, og også her ser vi ein stor variasjon frå Balestrand med 84 slike turar, medan Askvoll, Bremanger og Vågsøy har nesten like mange turar som det er innbyggarar i kommunen.

2. Pasienttransport mellom kommunar og ulike sjukehus i 2018

Ein stor prosentandel av drosjetransportane frå dei ulike kommunane går til næraste lokalsjukehus/sentralsjukehus i Helse Førde. Vi ser at kommunar i Indre Sogn sender mange til Lærdal sjukehus, og tilsvarande for Nordfjordkommunane til Nordfjord sjukehus. Frå Vik kommune går mange turar til Voss sjukehus og tilsvarande går mange turar frå Gulen til Haukeland Universitetssjukehus. Turar frå Nordfjordkommunar til og frå Helse Sunnmøre inngår ikkje i datamaterialet.
Enkeltpasientar, med t.d. dialysebehandling, kan påverke reiseomfanget

Konklusjon:
Det er betydelege skilnader mellom kommunane i høve til rekvirering av drosjetransportar til og frå legar og fysioterapeutar i kommunen. Når det gjeld drosjetransportar til/frå sjukehus går desse oftast frå/til næraste sjukehus. Alle har turar til og frå Haukeland Universitetssjukehus i varierande omfang. Berre Vik, og til ein viss grad Aurland, har turar til Voss sjukehus.

Legemiddelgjennomgangar i sjukeheimar i Sogn og Fjordane

Helsedirektoratet presenterer statistikk frå ulike kvalitetsindikatorar på nettet, og ein av desse er Legemiddelgjennomgang hos beboere på sykehjem

Stadig fleire eldre har mange sjukdomar og får fleire legemiddel samtidig. Fleire legemiddel samtidig aukar også sannsynligheita for feilmedisinering, unødvendig bruk og uheldige kombinasjonar av legemiddel.

Eldre er særleg sårbare for biverkander og legemiddelrelaterte problem, og undersøkingar har vist at heile tre av fire pasientar i sjukeheimar har eit eller fleire legemiddelrelaterte problem (Veileder om legemiddelgjennomganger).

Etter Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp, skal ein syte for ein systematisk legemiddelgjennomgang for pasientar på langtidsopphald i sjukeheim ved innkomst, og seinare minst ein gong årleg. I tillegg til dette skal legemiddelgjennomgang utførast når det er nødvendig av omsyn til forsvarleg behandling. Legemiddelgjennomgang skal utførast av lege, åleine eller i samarbeid med anna helsepersonell.

Målet med legemiddelgjennomgangen er å sikre at den einskilde pasient får god effekt av legemidla samstundes som risikoen for uheldige verknader vert minimalisert og kan handterast. Studiar syner at den mest vanlege endringa ved legemiddelgjennomgangar, særlig for eldre, er at legemiddel ikkje lengre blir vurdert som nødvendige og blir stoppa (seponert). Det er også vist at legemiddel ofte vert gitt i for høg eller for låg dose.

Riktig legemiddelbruk i sjukeheim er eit av innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet.

På landsbasis i 2018 har 54,6 % av bebuarane over 67 år på langtidsopphald hatt legemiddelgjennomgang i løpet av dei siste 12 månadane. I 2017 var denne andelen på 49,4 %.

Det er variasjonar mellom dei ulike fylka og stor spreiing mellom kommunane. Oslo fylke har høgast andel av bebuarane over 67 år på langtidsopphald med legemiddelgjennomgang med 88,1 %. Troms har lågast andel med 33,9 %.

Figur 1 under syner fordelinga på fylkesnivå av registrert gjennomført legemiddelgjennomgang i 2018

Vi ser at Sogn og Fjordane ligg omtrent på landsgjennomsnittet med 48,3% legemidelgjennomgang blant langtidsbebuarane. Men det er ein veg å gå før ein kan innfri kravet i lovverket, og slik sett sikre bebuarane kvalitet og pasienttryggleik på dette viktige området. Det har imidlertid vore ein klar betring frå 2016 då andelen var 35,7 %.

Fig. 2 viser fordelinga mellom kommunar i Sogn og Fjordane

Vi ser ein betydeleg variasjon mellom kommunane. I tillegg til dette har vi nokre kommunar som etter den offisielle statistikken knapt driv legemiddelgjennomgang, eller ikkje har rapportert slik gjennomgang for langtidspasientar i kommunen, sjå tabell under.

Tabell 1: Kommunar som har rapportert manglande legemiddelgjennomgang siste 12 månader.

Kommune Andel bebuarar med manglande legemiddelgjennomgang (%)
Årdal

Balestrand

Hyllestad

Jølster

Naustdal

81

84

95

Ingen rapport

67

Samla sett inngår 791 langtidsbebuarar i rapporteringa, altså eit betydeleg større tal enn dei som ligg inne i spesialisthelsetenesta til ei kvar tid.

Konklusjon: Kvalitetsindikatorar er sentrale måleparameter for i kva grad pasientane får gode og trygge helsetenester. I dette tilfellet er det også ei rettigheit som er lovpålagd (forskrift). Imidlertid vil ofte resultata vere påverka av kvaliteten på innrapporteringa. Helsedirektoratet skriv også at det på dette området er underrapportering då opplysningane ikkje vert dokumentert i journal, eller ikkje rapportert til dei nasjonale registra p.g.a. at dei ikkje er dokumentert/registrert på rett stad og i riktig format. Samhandlingsbarometeret har vore i kontakt med Førde kommune for å høyre kva som er årsaka til den lave måloppnåinga her. Svaret er at det handlar om manglar knytt til rapporteringsrutinene, og at ein forventar betring i 2019 på dette. Truleg kan dette også gjelde for fleire av dei andre kommunane som ligg lavt eller manglar heilt tal for legemiddelgjennomgang.

Men det er uansett ikkje grunn til å vere nøgd med statusen i mange kommunar slik den framstår i dag. Men det er også positivt å sjå at nokre kommunar (t.d. Gloppen og Leikanger) har nådd nærast full dekning på dette området.