FRAMSKRIVING AV ETTERSPØRSEL ETTER HELSE- OG OMSORGSTENESTER; ELEFANTEN SOM BERRE SSB VIL SJÅ?

 

SSB (Statistisk sentralbyrå) har nyleg gitt ut ein rapport med Regional framskriving av etterspørsel etter helse- og omsorgstjenester, 2017 – 2035 (2019/26). Det ser så langt knapt ut til at medieverda har oppdaga denne. Er problematikken for stor og utfordrande til at ein vil sjå og diskutere den? Samhandlingsbarometeret har tidligare hatt ei nyhendesak om rekruttering av sjukepleiarar i Sogn og Fjordane, og denne rapporten passar godt til dei funna vi presenterte den gongen.

Rapporten lagar ei framskriving av behovet for nye årsverk i helse- og omsorgstenesta for dei ulike regionane av landet fram mot 2035. Dette under føresetnad av uendra standard på tenestene i høve det som er i dag. Når vi ser på mediebildet er det stort sett behovet for auka strandard både på dette og andre samfunnsområder som blir debattert.

Drivaren for utviklinga handlar i hovudsak om ei endra befolkningssamansetning (demografi) der auken i talet på eldre skjer parallell med manglande auke av yngre i arbeidsfør alder. Gruppa som skal skape verdiane og «ber» resten av befolkninga får difor ein stadig større og tyngre «ryggsekk». Dette vil handle både om økonomiske midlar, men kanskje i endå større grad om tilgjengelege fagpersonar.

Området er allereie ein av elefantane i dag der 310 000 årsverk blir brukt i helse- og omsorgstenestene til ein svimlande pris av 342 milliardar kr. Dette utgjer 21% av alle offentlege utgifter i dag, og er finansiert i hovudsak gjennom skattar. «Elefanten» er berekna å vekse til heile 410 000 årsverk i 2035, altså 100 000 fleire enn i dag. SSB har ikkje berekna kostnader i rapporten, men eit enkelt anslag vil vel vere at dette vil krevje minst 50 milliardar ekstra i høve dagens situasjon. Det er altså duka for heilt nye prioriteringsdebattar framover.

Grunna sentralisering av busettingsmønsteret og aukande levealder vil auken i talet på eldre også kome i sentrale strøk av landet. Oslo-området, Bergen og Vestre Viken-området får difor den største auken i behovet for nye årsverk som er estimert til 33-44 prosent auke. For perifere område som Finnmark, Helgeland og Sogn og Fjordane vert auken lågare med rundt 25 prosent. Dette vil då kunne vere med på å flytte både pengar og personell mot dei sentrale stroka, dvs. Bergens-området for nye Vestland fylke. Utkantane står att med dei største andelane eldre, og størst utfordringar i å skaffe kompetent arbeidskraft som t.d. sjukepleiarar. Samtidig vil flyttemønsteret gjere at yngre bur langt borte, og i mindre grad kan stå for såkalla «uformell omsorg».

Kva vil dette bety i praksis for det nye Vestland fylke? I denne perioden fram mot 2035 er det berekna 2 prosent folkevekst i Sogn og Fjordane, men heile 42 prosent vekst i gruppa over 67 år. Ingen andre stader i landet vil «bærekraftsbrøken» (forholdet mellom yrkesaktive og eldre) endre seg så mykje som her i løpet av perioden.

Bergensområdet er forventa å ha ein samla folkevekst på 12 prosent i same periode, men vil få heile 52 prosent vekst av gruppa over 67 år.

Behovet for nye årsverk er delt i tre område:
a) Spesialisthelsetenesta: Helse Førde 399 nye årsverk, og Helse Bergen 2572 nye årsverk.
b) Kommunale omsorgstenester: Sogn og Fjordane 1177 nye årsverk, og Bergensregionen opp 5482 nye årsverk.
c) Kommunehelsetenesta: Sogn og Fjordane opp34 årsverk, og Bergensområdet opp 527 årsverk.

Det er altså innanfor dei kommunale omsorgstenestene ein får den klart største auken, og her er det særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som utgjer dei store personellgruppene.

I dag vert det utdanna 120 nye sjukepleiarar årleg i Sogn og Fjordane, og rundt 45 prosent av desse tek seg arbeid i fylket etter avslutta utdanning. Dette betyr rundt 50 nye sjukepleiarar årleg. Truleg vil desse ikkje kunne dekke behovet framover, og kanskje vil Bergensområdet trekke til seg fleire av desse også?

Særleg kommunane bør snarast ta opp denne problematikken, og kanskje også søke å rekruttere meir personell frå utlandet framover. Men eit problem i dette er at mangelen på sjukepleiarar er stor også i fleire andre land med tilsvarande demografisk utvikling.

Av Hans Johan Breidablik