MEDISINSKE KVALITETSREGISTER – VIKTIG KUNNSKAPSKJELDE OGSÅ FOR SAMHANDLING

Kvalitetsindikatorar er indirekte mål som skal reflektere kvaliteten på det aktuelle området som vert målt. Det er i dag nærare 30 nasjonale kvalitetsindikatorar som hentar data frå medisinske kvalitetsregister.

Den nasjonale Kvalitetsstrategien frå 2005 listar opp sentrale element knytt til tenester av god kvalitet; virkningsfulle – trygge – involverar brukarar – samordna – tilgjengelege –rettferdige – ressursutnyttande.

Vi har nyleg fått ei ny forskrift Forskrift om medisinske kvalitetsregistre som skal legge til rette for auka bruk av dataene og betre dekningsgraden og datakvaliteten. Forskrifta medfører at registra ikkje er baserte på samtykkekrav frå den einskilde, men pasientane/brukarane får ein etterfølgjande reservasjonsrett mot å vere registrert.

Det er også plikt for både helsepersonell og verksemder å rapportere inn helseopplysningar, og det skal kome nasjonale løysingar for dette (Helseanalyseplattformen – Direktoratet for e-helse).
Resultatportalen er ei interaktiv løysing der ein kan sjå anonyme resultat.

Det kan vere interessant å sjå på eit par eksempel frå denne portalen:
1. Norsk intensivregister (NIR) og reinnleggingar innan 72 timar

Målet her er at reinnleggingar skal ligge på under 4% av oppholda. Av oppsettet ser vi at dette varierar mellom 0% og 7% for dei ulike sjukehusa i landet (obs. alle er ikkje med i bildet over).

Førde sentralsjukehus ligg her på 4%, noko som er i midtsjiktet og nær målsetninga. Pasientgruppa på Førde sentralsjukehus er eldre enn for landet som heilheit (median 73 år mot nasjonalt 67 år), og kvinner er i fleirtal (53% mot nasjonalt 42%).

2. Norsk kvalitetsregister for fedme

Helse Førde var ein pioner innan utviklinga av fedmekirurgien i Helse Vest-regionen, og mykje av dette arbeidet er knytt til dr. Villy Våge, som også har vore ein sentral person knytt til opprettinga av dette kvalitetsregisteret.

Figur 1 Omfang av fedmeoperasjonar i 2017

Vi ser ein klar variasjon mellom helseregionane, der Helse Vest ligg høgast her i landet, og der dei fleste blir opererte innanfor eige føretak. Sverige ligg som vi ser over dette igjen.
I 2017 vart det samla sett utført 1662 sliker operasjonar i landet. Dei fleste var kvinner (77%). Gjennomsnittsalder ved operasjonen var 43 år.

Figur 2 Vektnedgang opptil to år etter operasjonen

Gjennomsnittleg har desse pasientane ein KMI (BMI) på rundt 43 før operasjonen (fedme er BMI frå 30 og oppover). Vi ser ein viss nedgang fram til operasjonen (livsstilsbehandling), og deretter ein vidare nedgang dei neste to åra til i underkant av 30, og deretter ei stabilisering. Etterkvart vil ein også få data for 5–10 år etter operasjonen.

Registeret konkluderar med at dette i dag er trygg kirurgi, kring 90 prosent av pasientane har god vektnedgang eitt og to år etter operasjonen, eit stort fleirtal av dei opererte er kvinner og det er store forskjellar mellom sjukehusa i oppfølging etter operasjon.
Samhandlingsbarometeret har drøfta å ta inn eit utval av slike kvalitetsindikatorar framover. Men det vil då ikkje verte tal på kommunenivå, berre på helseføretaksnivå.

Av Hans Johan Breidablik