Somatisk helse hos personar med psykiske lidingar eller ruslidingar – webinar frå Helseatlas

Helseatlastenesta i Helse Førde har arbeidd med spørsmål knytt til geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester hos personar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialistert behandling av ruslidingar. Dei har no bidrege til eit webinar om denne tematikken.

 

I Noreg er det ønske om å styrke somatisk spesialisthelseteneste for pasientar med psykisk liding eller rusliding, fordi det har potensiale til å kunne førebygge alvorleg sjukdom. Bakgrunnen for dette er at personar med psykisk liding eller rusliding har ein auka risiko for somatiske sjukdommar og kortare forventa levetid samanlikna med innbyggarane elles. Som forskar og lege Torgeir Gilje Lid forklarer i dette korte klippet, er dette pasientar som helsetenesta ikkje klarer å ivareta godt nok;

https://vimeo.com/766909027/3950ec2296

 

Helse Førde har gjennomført analysar der dei har sett lys på følgande to spørsmål: Er det geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester for personar som har hatt kontakt med psykisk helsevern (PHV) eller tverrfagleg spesialistert behandling av ruslidingar (TSB)? Er det forskjellar i bruk av somatiske spesialisthelsetenestar mellom personar som har hatt og personar som ikkje har hatt kontakt med PHV eller TSB?

 

Opptaket har to hovuddelar.

  • Første del inneheld ein presentasjon av «Geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester hos personar i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)» med Marte Bale frå Helse Førde.

Analysane er utført av helseatlastenesta i Helse Førde HF og bygger på data frå Norsk pasientregister.

  • Andre del er ein samtale leia av Geir Sverre Braut med Torgeir Gilje Lid og Marte Bale om ulike sider ved analyseresultata, og temaet somatisk helse for personar med psykiske lidingar eller ruslidingar.

 

Du ser heile webinaret på 57 minutter her;

https://vimeo.com/757527344/cf8ce1740d