Omfang av pasientreiser for kommunane og helseføretaka i Helse Vest

Det er ei eiga forskrift frå 2016 som gjeld for pasientar, ledsagarar og pårørende sin rett til dekning av utgifter ved reise til helsetenester (pasientreiseforskrifta).
Denne omfattar reiser til/frå spesialisthelsetenesta og innanfor ulike delar av kommunehelsetenesta (t.d. reiser til kommunelege/fysioterapeut).
Samhandlingsbarometeret har hatt ein variabel for kommunevise reiser innanfor kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde. Denne er no arkivert, og i staden har vi fått inn ein ny variabel for samla tal førehandsrekvirerte reiser pr. 1000 innb. for kommunane og for helseføretaka sine opptaksområde. Her er det no lagt inn tal for 2018 og 2019. Kommunane er likevel rubriserte etter den nye kommunestrukturen som gjeld frå 2020.
Dette handlar om førehandsbestilte einskildreiser med drosje for pasientar, og viser difor ikkje alle andre transportmåtar som er aktuelle for pasientar å nytte:
Viktige transportmåtar for pasientar som IKKJE er inkluderte her blir då t.d.:
1. Ambulansetransport
2. Pasient som anten køyrer sjølv, eller blir køyrt av andre private personar.
3. Pasientar som nyttar offentleg organisert transport som buss/båt o.l. inkludert Helseekspress-bussar (Fonna).
4. Pasientar som bestiller drosjetransportane sjølve.
Eit vekslande tal kommunar er utan avtalar med drosjene om intern transport, og dette er ofte bakgrunnen for store endringar i omfanget av registrerte Pasientreiser frå år til år. Dette gjer det også vanskeleg å samanlikne mellom einskildkommunar dersom ein ikkje kjenner dei lokale tilhøva.
Pasientreiser prøver heile tida å få ein mest mulig optimal bruk av systemet, og det ser ut som dette kan ha gitt resultat gjennom ein viss samla nedgang i omfanget frå 2018 til 2019.

Figur 1. Pasientreiser pr. 1000 innb. for dei fire helseføretaksområda innan Helse Vest

Det er ein lett nedgang samla sett i talet på pasientreiser frå 2018 til 2019 (-3,4% for Helse Vest samla), og dette er mest markert i Helse Førde sitt opptaksområde (tidl. Sogn og Fjordane) (-13,5%). Vi ser at omfanget stig frå sør til nord på Vestlandet. Busetnadsmønster og aldersfordeling vil truleg spele inn.

Figur 2. Tal pasientreiser pr. 1000 innb. i 2019 for kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde.

Det er klare skilnader mellom kommunane i opptaksområdet i omfanget av rekvirerte pasientreiser.

Koronapandemien i 2020 vil truleg føre til endringar også i omfang og mønster av slike pasientreiser.

Av Hans Johan Breidablik